Så var turen til London forbi. Vi koste oss
masse og fikk oppleve mykje, og ikkje har vi blitt uvennar heller! Den
første dagen var vi våkne i 23t pga reisa, så vi blei ganske slitne i
beina og trøtte, noko som hang igjen resten av dagane også. Allerede før
frukost hadde vi vondt i føta. Men likevel spaserte vi rundt omkring i
timesvis og fikk sjå det vi skulle med smil om munnen.
Stakkars Ellen fikk til stadighet
høre "åh, det er så vondt" og "åh, eg må tisse!.." Men når eg hadde fått
gått på do eller hadde lagt vekta på setemuskulaturen et kvarters tid,
så var eg klar til dyst igjen. Ella som gikk rundt med støvlettar sa
(les: klagde) omtrent ingenting.
Vi
møtte på utallige kjendisar på Madame Tussauds, og eg trur
skrekkabinettet var noko av det morosomaste eg har vore med på. Vi gikk
gjennom gangar kor mange levande skuespelarar i skumle antrekk kom å
skremte livskiten av oss. Eg passa godt på å ikkje gå for langt bak
fyren foran meg, og stakkars Ella blei berre dradd etter. Eg trur eg
aldri har hylt så mykje før! Eg er ikkje noke hyleperson, men då fikk eg
virkelig brukt stemma mi, og det var kjempegøy! Kroppen min verkte
fordi eg var så redd, men samtidig holdt eg på å le meg i hel.
Fantastisk kombinasjon. Eit av høgdepunkta var når eg skreik sånn at
mannen foran meg kvåpp og skreik tilbake til meg, berre slik at eg kunne
skrike tilbake nuk en gang. Haha! Fikk verste latterkrampa når eg
skulle forklare dette til Ellen etterpå også! Anbefalast på det
sterkaste!
Så
var vi oppe i London Eye kor vi såg utover nesten heile London, vi åt
middag her og der, og vi tok undergrunnen fram og tilbake fleire gongar
for dag. "This is the Picadilly line.. (for Cockfosters)" og "Mind the
gap, please" hørte vi titalls gongar for dag. Lufta der nede, og kanskje
også ellers i London, er forresten ganske skitten. Når eg pussa nasa mi
var det svart, og eg hadde sot på nasetuppen! Vi såg Tower Bridge, Big
Ben, dobbeldeckerar, kule taxiar, Westminister Abbey, raude
telefonkioskar, osv. Vi var skikkelig London-turistar!
Vår ekstra dag:
Vi fikk også en
ekstra dag på Gatwick Airport. Vi klarte å forsove oss (!!), så vi
brukte eit par hundrelappar ekstra på å komme oss fort som fy til
flyplassen. Og vi hadde rukke flyet! Men då måtte vi ha sett igjen
koffertane våre, for dei fikk vi ikkje sjekke inn. Angrar på at eg ikkje
maste meir på dama bak skranken, og var temmelig irritert på meg sjølv
resten av dagen. Men vi fikk nye billettar i bytte mot pengar og hadde
det kjekt!
Vi
prøvde å innhente litt søvn, en time i slengen. Relativt mislykka
prosjekt om eg må sei det sjølv. Eg sovnar fortsatt til alle tider på
døgnet den dag idag. Så lagde vi Alias-spelet, som seinare blei til
underholdning for en mann fra (? Ellen?). Vi snakka litt om
mennesker som seinare viste seg å vere norske eller danske, og vi trøsta
oss med å sjå på alle som ikkje kom seg til Island på grunn av
kansellerte fly. Stakkars, eine jenta hadde sove på flyplassen fra
torsdag til onsdag, og kanskje sit ho der fortsatt.
På kvelden kom vi i snakk med en
pensjonist fra Gibraltar som reiser rundt heile verda, en hinduistisk
veganer som ikkje kunne planlegge noke eller svare konkret på nokon
spørsmål, en særs innpåsliten portugiser og en frekk men veldig morsom
mann frå (jah, han med lappane der oppe. Ellen?).
Alt i alt; vi hadde en superkjekk tur!!
<3