fredag 30. april 2010

Le London

Så var turen til London forbi. Vi koste oss masse og fikk oppleve mykje, og ikkje har vi blitt uvennar heller! Den første dagen var vi våkne i 23t pga reisa, så vi blei ganske slitne i beina og trøtte, noko som hang igjen resten av dagane også. Allerede før frukost hadde vi vondt i føta. Men likevel spaserte vi rundt omkring i timesvis og fikk sjå det vi skulle med smil om munnen.

Stakkars Ellen fikk til stadighet høre "åh, det er så vondt" og "åh, eg må tisse!.." Men når eg hadde fått gått på do eller hadde lagt vekta på setemuskulaturen et kvarters tid, så var eg klar til dyst igjen. Ella som gikk rundt med støvlettar sa (les: klagde) omtrent ingenting.

Vi møtte på utallige kjendisar på Madame Tussauds, og eg trur skrekkabinettet var noko av det morosomaste eg har vore med på. Vi gikk gjennom gangar kor mange levande skuespelarar i skumle antrekk kom å skremte livskiten av oss. Eg passa godt på å ikkje gå for langt bak fyren foran meg, og stakkars Ella blei berre dradd etter. Eg trur eg aldri har hylt så mykje før! Eg er ikkje noke hyleperson, men då fikk eg virkelig brukt stemma mi, og det var kjempegøy! Kroppen min verkte fordi eg var så redd, men samtidig holdt eg på å le meg i hel. Fantastisk kombinasjon. Eit av høgdepunkta var når eg skreik sånn at mannen foran meg kvåpp og skreik tilbake til meg, berre slik at eg kunne skrike tilbake nuk en gang. Haha! Fikk verste latterkrampa når eg skulle forklare dette til Ellen etterpå også! Anbefalast på det sterkaste!



Så var vi oppe i London Eye kor vi såg utover nesten heile London, vi åt middag her og der, og vi tok undergrunnen fram og tilbake fleire gongar for dag. "This is the Picadilly line.. (for Cockfosters)" og "Mind the gap, please" hørte vi titalls gongar for dag. Lufta der nede, og kanskje også ellers i London, er forresten ganske skitten. Når eg pussa nasa mi var det svart, og eg hadde sot på nasetuppen! Vi såg Tower Bridge, Big Ben, dobbeldeckerar, kule taxiar, Westminister Abbey, raude telefonkioskar, osv. Vi var skikkelig London-turistar!

Vår ekstra dag:
Vi fikk også en ekstra dag på Gatwick Airport. Vi klarte å forsove oss (!!), så vi brukte eit par hundrelappar ekstra på å komme oss fort som fy til flyplassen. Og vi hadde rukke flyet! Men då måtte vi ha sett igjen koffertane våre, for dei fikk vi ikkje sjekke inn. Angrar på at eg ikkje maste meir på dama bak skranken, og var temmelig irritert på meg sjølv resten av dagen. Men vi fikk nye billettar i bytte mot pengar og hadde det kjekt!

Vi prøvde å innhente litt søvn, en time i slengen. Relativt mislykka prosjekt om eg må sei det sjølv. Eg sovnar fortsatt til alle tider på døgnet den dag idag. Så lagde vi Alias-spelet, som seinare blei til underholdning for en mann fra (? Ellen?). Vi snakka litt om mennesker som seinare viste seg å vere norske eller danske, og vi trøsta oss med å sjå på alle som ikkje kom seg til Island på grunn av kansellerte fly. Stakkars, eine jenta hadde sove på flyplassen fra torsdag til onsdag, og kanskje sit ho der fortsatt.

På kvelden kom vi i snakk med en pensjonist fra Gibraltar som reiser rundt heile verda, en hinduistisk veganer som ikkje kunne planlegge noke eller svare konkret på nokon spørsmål, en særs innpåsliten portugiser og en frekk men veldig morsom mann frå (jah, han med lappane der oppe. Ellen?).

Alt i alt; vi hadde en superkjekk tur!!
<3

mandag 12. april 2010

Ryk og reis!

Plassane i verda eg vil (skal!) oppleve mens eg fortsatt befinner meg på denne jorda. Helst før eg er 30år.
Rangert så godt det lot seg gjere:

Australia
Paris
Roma
Brasil
Egypt
Venezia
Mexico
India
Thailand
Island
resten av verda!

Norge, Sverige, Danmark, Finland, Tyskland, Tsjekkia, Polen, England, Spania, Mallorca og Kypros står allerede på merittlista. Fleire skal snart holde dei med selskap.