torsdag 29. november 2012

Du veit du er i Japan når.. (del 2)


- når alle syklane har korg framme. Det er jo trass alt transportmetoden, så bagasjeplass må ein ha anten ein er mann eller dame.
- støttene på syklane ikkje er pinne på sida, men bøyle under bakhjulet.
- barnesete på syklane er framme ved styret. Evt både framme og bak på sykkelen dersom du har to ungar.
- alle menn går rundt med dress. Overalt. Til og med i Disney World.
- alle kassadamer pratar høgt og jamt. Eg trur dei seier " rundstykke og kaffi. Det blir 450 + 250 yan. Det blir 700 yen. Takk skal du ha. No fikk eg 1.000 yen med deg. Då skal du ha tilbake 300 yan med meg. 1-2-3 hundrede yan. Versågod. Takk skal du ha. Ha ein fin dag. Ha det godt" eller noko i den dur. Eg veit jo ikkje. Men det er konstant rolig summing når du skal betale noko vertfall.
Sikkert betryggande og bekreftande at du ikkje blir svindla. For dei som forstår kva dei seier da.
- Når du får tilbake alle sedlane først, og får tid til å legge dei frå deg i lommeboka medan kassadama tel opp myntane du skal ha tilbake. Også gjer dei deg ikkje varene før du har fått pakka vekk lommeboka. Ingen sjonglering av myntar og sedlar og varer i henda her på veg vekk frå kassa, slik som heime i Noreg.
- Når du går rundt og smiler og seier "arigato" (takk) og nikkar heile tida, for å prøve å vere ein brøkdel så høflig som alle du møter på.
- Når alle ansatte i ein butikk, alle trafikkvakter osv seier "arigato", "ademas"(??) og mykje anna du ikkje skjønnar bæret av idet du passerar. Men dei smiler og ser hyggelige og høflige ut. Så du gjer som nevnt ovafor, smiler og seier "arigato" dersom det passar seg.
- alle babyar har supersøte bamsekler og generelt er så nydelige at eg nesten vil kidnappe dei med meg heim. Eg skal ikkje det, altså. Eg lovar.
- alle går runt med veske. Handveske. Både kvinner og menn. Heilt sant.

Skal snart blogge om Hiroshima, Osaka, Himeji og Tokyo også. Må berre gjere ferdig oppgåva mi og få litt tid til overs først. Altså, eg bloggar truleg så snart eg får internett igjen etter den superlange reisa eg begynner på imåra. Turen går til India! Med ei heftig mellomlanding.

mandag 26. november 2012

Du veit du er i Japan når...

- du treffer på ein Geisha på veg til supermarkedet ein sein kveld. Og generelt overalt på dagtid, men då utan den karakteristiske sminka.
- du går om bord bak i bussen og går ut framme. Du betalar framme med bussjåføren på veg ut.
- alle menneska virkar rolige og snille og superhøflige.

- du stadig blir fasinert av toalettfasilitetane:
- toaletta på flyplassen og generelt i Tokyo har bidet/vaskefunksjon der du kan stille inn vasstrykket og retning, ulike lydfunksjnar i tilfelle du er sjenert, massasje og varme i setet. Og autoflush.
- nokre toalett har vask oppå seg. Tanken bak med vatn tømmer seg når du spyler ned, og når den då fyller opp att vatn kan du vaske deg på henda før vatnet renn ned i tanken.
- nokre vaskar har panel med tre ulike soner. Såpe, vatn eller luft. Så flyttar du henda fram og tilbake etter ynskje.
- dei fleste offentlige toaletta verken har tørkepapir eller blåsetørker. Alle går rundt med små klutar i lomma/veska til å tørke seg på henda.

- bussjåførane ser ut som militære/politi med staselige uniformar og hattar.
- taxisjåførane har dress, slips, kvite hanskar og hatt.
- internettet er brukbart, og ofte gratis på kafear/hostel/etc. (kontrast frå Australia og Kina)
- du får servert te og suppe til dei fleste måltid, og det er sett på som høflig å slurpe i veg.
- bussen ikkje ventar 1min på deg sjølv om du ringer og seier at du allereie er på stasjonen.
- det betyr noko grusomt dersom du set frå deg spisepinnane dine i risbollen
- toga går i 350km/t og er ganske så dyre.
- gåvebutikkane er fulle av all slags mulig konfekt/godteri/kaker og ting du ikkje anar kva er. Men som i motsetning til det i Kina faktisk kan sjå godt ut.
- Majoriteten av maten på daglegvarebutikken er vaakumpakka i plast og umulig å "artsbestemme".
- gåvebutikkane er STAPPFULLE av bittesmå ting du kan henge på mobilen eller nøkkelringen.
- spegelen i heisen er på høgde med magen din.
- dynetrekket ditt ikkje dekker heile dyna, men berre undersida + kantane på oppsida.
- når du blir merksam på alle folk du møter på med europeisk utsjånad, og automatisk gjettar kva land dei kjem frå.
- språket rundt deg høyres litt ut som finsk, med fransk flyt - men utan skarre-r.
- du ikkje kan bruke offentlige pc'ar fordi qwerty-tastaturet kun produserar japanske teikn, til din frustrasjon.
- menneska les bøkene omvendt veg av oss. Dei byrjar "bak" og nede (trur eg).
- du finn automatar med brus, kaffi og snack overalt. Og då meinar eg overalt. midt i gata, både i smågater og større gater, kjøpesenter, turistattraksjonar, butikkar, venterom. U name it.
- alle går rundt med små koffertar. Berre vi fire nordmenna går rundt med store koffert-og-sekk beist.
- ei lita del av efolkninga går rundt med munnbind. Ikkje dei designmunnbinda som i Vietnam, men sjukehustypen. Om det er for å beskytte andre eller segs jølv frå sjukdom er ikkje alltid like opplagt.
- alle spør "very cold?" når du svarar at du kjem frå Noreg.


Også gløymde eg på det forrige:
Du veit du er i Kina når alle tar bilete med iPaden i staden for med kamera.

lørdag 24. november 2012

Du veit du er i Kina når

- du må skrive ned adressa til destinasjonen din på kinesisk på ein lapp, og håpe at taxisjåføren tek deg dit du skal.
- du får øyreverk av å vere mykje med lokalbefolkninga
- når tampongar ikkje eksisterar, kun bind. (Du kan såklart ha griseflaks i større byar.)
- når folk heng opp skjetnekleda sine midt ute på gata
- når folk syklar rundt på syklar med trøder og påhengsmotor
- når du må gå rundt med dopapir i veska i tilfelle du må på do.
- når du får kraftige lårmusklar av å ha lita blære.
- unge damer går rundt med det vi i Europa kallar "barnslige" kle. Hello Kitty, strikkagensar med bamsar på, osv er populært.
- maten er så sterk at du ikkje smakar forskjell på kjøtt, fisk og brokkoli.
- alle snakkar til deg på eit framandt språk i lange evigheter sjølv om du klårt viser at du ikkje forstår.
- eldre damer er søte og små, heilt til du reiser på sightseeing ilag med dei.
- mennesker spyttar overalt, også innandørs.
- mennesker urinerar overalt. Blant anna på den kinesiske mur, og midt inne i den forbudte by. Kjekt med 1.000 publikumere når ein skal tisse!
- du finn panda-souvenirar kvar enn du går.
- du ser menn med grøne frakkar og grøne hattar, med ei raud kommuniststjerne på.
- du ikkje har adgang til facebook, bloggar, youtube eller noko form for sosialt liv på internett. Ingen mulighet for å ytre sine meiningar på verdsveven.
- du ofte får servert (gratis) te som drikke til middagen.
- buksene til små ungar har stort hol mellom beina. Liknar litt på cowboy-bukse. Dei fleste eg har sett har heldigvis hatt bleie under, men eg har hørt rykter om at eg då har vore heldig. Urinering overalt er populært.
- ein har vanskar med å finne skostørrelse over 41, som tilsvarar norsk str 39.
- når ein ikkje betalar bussen framme hos sjåføren, men hos vedkomande midt i bussen.
- når ein blir tatt "snikbileter" av heile tida og  når folk stiller seg opp ved sidan av deg for å posere for vennes kamera utan å spørje deg først.
- engelske skilt er ufrivillig morosame.
- damene går med lyse/kvite strømpebukser under kjolane, ikkje brun som i skandinavia.
- mennesker har "dansekurs" og trim midt på gata. Aerobic, pardans, sikkert alt mulig. På tilsynelatane tilfeldige plassar.
- dei fleste markeda er innandørs
- dørene til kjøpesenter/marknadar er mørke tunge ull"dører" som heng ned. Slik som plaststrimlane i kjøledisken heime, berre mykje breidare.
- dei et absolutt alt mulig som kryp og går. Små boder med div grillspyd er vanleg.

Og sikkert mykje meir. Følg med om Karoline postar eit liknande innlegg. Ho har sikkert fått med seg meir artige ting.




fredag 23. november 2012

Gull og glitrande skogar

 Slik ser veggane i hostellet vårt ut. Nokre av dei iallefall.


Seinare på kvelden etter min herlige tur gjekk vi ut for å ete, og på veg tilbake til hostellet møtte vi på eine frå vår dorm, som lurte på om vi ville vere med ut å treffe nokre kompisar av ho og ta ein drink.
Litt tvilande vart vi med, men angra ikkje. Etter å ha vandra litt rundt i gatene som japaneserane sa var dyre, tok vi oss heller ein tur på supermarkedet og sette oss utafor hostellet. Praten gjekk i eitt og vi koste oss til alt for langt på natt. 3 norske jenter, 1 amerikansk jente, 2 japanske guttar og 1 australsk kar.
Lene var einaste med kamera den kvelden, så bileter må fantasien dykkar produsere.

Neste morgon, ikkje så alt for tidleg reise vi (bestemte eg) til Kinkakuji Temple, også kjent som Golden Pavillion.



























 Softis med smak av grønn te.






Også reiste vi til Nijojo Castle. Men det var diverre stengt når vi kom dit. Så vi vandra litt rundt og heimover istaden.













Stort utvalg av hårparfymer, så er berre å rope ut om nokon har nye julegåveønsker.
Ellers er skjønnhetsidealet her i smale-auge-land typisk nok, store auger. Graset er alltid grønare på andre sida..





 Legg du merke til noko spesielt ved denne bilen? Som forøvrig er ein taxi, så firkløvaren på taket gjeld ikkje.

Siste dagen i Kyoto brukte vi å vandre litt rundt i smågater og gjere skrekken om overvekt på neste flytur total. No må eg snart slutte å bruke alle siffra på nettbanken på dåkke fine der heime. Slik er det når eg ikkje treng noko sjølv. Anna enn te-boksar eller generelt småboksar da. Det har eg visst byrja å samle på.

Etter å ha mista bussen (vi satt i taxien berre 6m frå busstoppet og såg bussen reise!) og brukt sure pengar på togbillett sitt eg no på toget og gjer siste finpuss på innlegget for å garantere at eg blir kraftig reisesjuk. Tidsmessig går Hiroshima etter planen, med museum og Miyajima i morgon, den supersure bussglippen gjorde berre (enda) eit unødvendig innhogg i lommeboka. Tog (eller generelt transport. Og overnatting.) er svindyrt her i Japan.
Peace out!

Kyoto til fots

Den andre dagen i Kyoto skulle eg egentlig bli med på ein "walking guided tour", men sidan ingen klarte å stå opp før kl.09 måtte eg finne på noko anna lurt. Det viste seg at både Karoline, Marte og Lene ville bruke dagen foran dataen, sidan 1.utkastet av oppgåva skulle inn neste natt. Eg hadde heldigvis levert denne for ein månad sidan, og bestemte meg å vandre rundt i Kyoto på eiga hand.

Med kart og kamera i veska hadde eg sett meg ut eit par ting i området eg kunne sjå, og ca laga meg ei vandrerute, eller rettare sagt eit vandreområde. Eg hadde ingen plana anna enn å sjå kvar vegane førte meg, og samtidig følge litt med på kartet så eg ikkje rota meg heilt vekk.

Det var utruleg deilig. Berre vandre rundt å gå akkurat dit impulsen førte meg. Akkurat dit eg ville, heilt aleine. Kunne sette meg ned og nyte livet i 5min utan å sei ifrå til nokon og rett og slett berre kjenne på kjensla av å vere fri.
Ikkje misforstå, eg er framleis eit sosialt vesen og jentene eg reiser med er heilt supre, men dei siste vekene er det einaste privatlivet nokon av oss har fått dei få minutta vi sitt på toalettet.
Difor var desse timane på eiga hand utruleg herlige. Einaste lydane var japanesarane rundt meg, og dei er absolutt ikkje like høglytte som kineserane.

Eg vandra rundtomkring og kjente på ro i sjela. Og eg trur eg må ha gått med konstant smil om munnen, for omlag alle eg møtte smilte vennlig til meg, og når eg ville smile tilbake fann eg ut at det faktisk var dei som smilte tilbake til meg.

Eg tok mange bileter, og for dåkke som allereie har sett igjennom albumet på facebook blir det nuk litt dobbelt opp her.






Så gikk eg til Kenninji Temple, som er det eldste zen buddhist tempelet i Kyoto. Og der var det rolig og herlig å vandre rundt.
















Også vandra eg litt vidare..






 Higashi-Otani Mausoleum, ein liten del av det.






Ryozen-Kwannon Temple:







Også gjekk eg opp til Ryozen-Kwannon Shrine, og fekk nokre nydelige bileter av utsikt over Kyoto.




















 Og rundtom i smågater fulle av artige butikkar.











 Dagen i Kyoto var HERLIG! Og eg likar verkeleg plassen. Hit reiser eg gjerne tilbake.
Vi har visst vald eit perfekt tidspunkt å reise hit, då våren og hausten er mest populært grunna fargane på trea.
Eg kjende virkelig at tilverelsen ikkje kunne vore så mykje betre enn dette. Top notch.