- du treffer på ein Geisha på veg til supermarkedet ein sein kveld.
Og generelt overalt på dagtid, men då utan den karakteristiske sminka.
- du går om bord bak i bussen og går ut framme. Du betalar framme med bussjåføren på veg ut.
- alle menneska virkar rolige og snille og superhøflige.
- du stadig blir fasinert av toalettfasilitetane:
-
toaletta på flyplassen og generelt i Tokyo har bidet/vaskefunksjon der
du kan stille inn vasstrykket og retning, ulike lydfunksjnar i tilfelle
du er sjenert, massasje og varme i setet. Og autoflush.
- nokre toalett har vask oppå seg. Tanken bak med vatn tømmer seg når du spyler ned, og når den då fyller opp att vatn kan du vaske deg på henda før vatnet renn ned i tanken.
- nokre vaskar har panel med tre ulike soner. Såpe, vatn eller luft. Så flyttar du henda fram og tilbake etter ynskje.
-
dei fleste offentlige toaletta verken har tørkepapir eller blåsetørker. Alle
går rundt med små klutar i lomma/veska til å tørke seg på henda.
- bussjåførane ser ut som militære/politi med staselige uniformar og hattar.
- taxisjåførane har dress, slips, kvite hanskar og hatt.
- internettet er brukbart, og ofte gratis på kafear/hostel/etc. (kontrast frå Australia og Kina)
- du får servert te og suppe til dei fleste måltid, og det er sett på som høflig å slurpe i veg.
- bussen ikkje ventar 1min på deg sjølv om du ringer og seier at du allereie er på stasjonen.
- det betyr noko grusomt dersom du set frå deg spisepinnane dine i risbollen
- toga går i 350km/t og er ganske så dyre.
-
gåvebutikkane er fulle av all slags mulig konfekt/godteri/kaker og ting
du ikkje anar kva er. Men som i motsetning til det i Kina faktisk kan
sjå godt ut.
- Majoriteten av maten på daglegvarebutikken er vaakumpakka i plast og umulig å "artsbestemme".
- gåvebutikkane er STAPPFULLE av bittesmå ting du kan henge på mobilen eller nøkkelringen.
- spegelen i heisen er på høgde med magen din.
- dynetrekket ditt ikkje dekker heile dyna, men berre undersida + kantane på oppsida.
- når du blir merksam på alle folk du møter på med europeisk utsjånad, og automatisk gjettar kva land dei kjem frå.
- språket rundt deg høyres litt ut som finsk, med fransk flyt - men utan skarre-r.
- du ikkje kan bruke offentlige pc'ar fordi qwerty-tastaturet kun produserar japanske teikn, til din frustrasjon.
- menneska les bøkene omvendt veg av oss. Dei byrjar "bak" og nede (trur eg).
-
du finn automatar med brus, kaffi og snack overalt. Og då meinar eg
overalt. midt i gata, både i smågater og større gater, kjøpesenter,
turistattraksjonar, butikkar, venterom. U name it.
- alle går rundt med små koffertar. Berre vi fire nordmenna går rundt med store koffert-og-sekk beist.
-
ei lita del av efolkninga går rundt med munnbind. Ikkje dei
designmunnbinda som i Vietnam, men sjukehustypen. Om det er for å
beskytte andre eller segs jølv frå sjukdom er ikkje alltid like opplagt.
- alle spør "very cold?" når du svarar at du kjem frå Noreg.
Også gløymde eg på det forrige:
Du veit du er i Kina når alle tar bilete med iPaden i staden for med kamera.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar