fredag 23. november 2012

Gull og glitrande skogar

 Slik ser veggane i hostellet vårt ut. Nokre av dei iallefall.


Seinare på kvelden etter min herlige tur gjekk vi ut for å ete, og på veg tilbake til hostellet møtte vi på eine frå vår dorm, som lurte på om vi ville vere med ut å treffe nokre kompisar av ho og ta ein drink.
Litt tvilande vart vi med, men angra ikkje. Etter å ha vandra litt rundt i gatene som japaneserane sa var dyre, tok vi oss heller ein tur på supermarkedet og sette oss utafor hostellet. Praten gjekk i eitt og vi koste oss til alt for langt på natt. 3 norske jenter, 1 amerikansk jente, 2 japanske guttar og 1 australsk kar.
Lene var einaste med kamera den kvelden, så bileter må fantasien dykkar produsere.

Neste morgon, ikkje så alt for tidleg reise vi (bestemte eg) til Kinkakuji Temple, også kjent som Golden Pavillion.



























 Softis med smak av grønn te.






Også reiste vi til Nijojo Castle. Men det var diverre stengt når vi kom dit. Så vi vandra litt rundt og heimover istaden.













Stort utvalg av hårparfymer, så er berre å rope ut om nokon har nye julegåveønsker.
Ellers er skjønnhetsidealet her i smale-auge-land typisk nok, store auger. Graset er alltid grønare på andre sida..





 Legg du merke til noko spesielt ved denne bilen? Som forøvrig er ein taxi, så firkløvaren på taket gjeld ikkje.

Siste dagen i Kyoto brukte vi å vandre litt rundt i smågater og gjere skrekken om overvekt på neste flytur total. No må eg snart slutte å bruke alle siffra på nettbanken på dåkke fine der heime. Slik er det når eg ikkje treng noko sjølv. Anna enn te-boksar eller generelt småboksar da. Det har eg visst byrja å samle på.

Etter å ha mista bussen (vi satt i taxien berre 6m frå busstoppet og såg bussen reise!) og brukt sure pengar på togbillett sitt eg no på toget og gjer siste finpuss på innlegget for å garantere at eg blir kraftig reisesjuk. Tidsmessig går Hiroshima etter planen, med museum og Miyajima i morgon, den supersure bussglippen gjorde berre (enda) eit unødvendig innhogg i lommeboka. Tog (eller generelt transport. Og overnatting.) er svindyrt her i Japan.
Peace out!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar