torsdag 15. november 2012

Forsøk på å vere kineser


Kvelden før googla eg kva som var verdt å sjå i Chengdu, og fann noko som viste seg å bli eit godt alternativ.
Vi (ikkje Marte, ho var dårleg) reiste til Jinli Old Street. Og det gjorde vi jammen rett i!

Små, trange gater i gammal kinesisk stil, med små butikkar og boder med krims krams, og ikkje minst ei gate med små matboder med myykje forskjellig, og fin natur/surroundings.
Eg koste meg!
Det var riktignuk ein “turistplass”, men vi tre var dei einaste der som ikkje var frå Kina/Asia, trur eg. Folk tok i alle fall mange bilder av oss også, ikkje berre området. Og vi er ikkje så dumme at vi ikkje skjønnar det, nei, sjølv om det kunne virke som dei trudde det. Men eg smilte til alle rundt meg eg, og var god diplomat for landet mitt.




Dette var også dagen der eg bestemde meg for å prøve mykje ny mat!

Først kjøpte eg noko grillspyd med jordbær, glaserte med noko karamellstyr(?) utapå. Det var så godt at dei to andre også måtte kjøpe seg, men stakkars Lene såg ikkje nøye nok etter og endte opp med nyper, trur vi, i staden for jordbær. Godt, men litt i suraste laget. Stengene såg heilt lik ut, til hennar forsvar..


Seinare overtalde eg Karoline og Lene til at vi skulle sette oss ned på den mest kinesiske “tea house” vi fann, og endte opp på ein fin koselig liten ein, med kinesisk meny og kinesisk dame. Juice-menyen std på engelsk, så dei to andre var redda. Eg derimot syns det var knallkjekt å sjå på den kinesiske te-menyen og velge noko eg ikkje ante kva var. Dama peikte iherdig på den eine, så eg smilte, nikka og venta spent.



Teen eg fikk såg spennande ut! Veit framleis ikkje kva det var, men den var ganske god. Og I tillegg til eit glas med te, fekk eg ei heil tekanne med kokt vatn, så eg kunne fylle på glaset mitt så mykje og ofte eg berre ville. Så eg sat der og såg på dei fine omgjevnadane, drakk te, prata med kjekke jenter, smilte til alle asiatane som gikk forbi og stirra på oss, og koste meg ein heil del. Livet!

Etterpå var eg dristig! Eg lurte fælt på å kjøpe meg ein slikt heilgrilla fuglekadaver som eg såg omlag alle gjekk og gnafsa på. Trudde ikkje det smakte godt, men eg må jo berre prøve!
Eg var derimot så mett etter alle koppane med te at det måtte utsettast, medan vi gjekk litt meir rundt, Karoline kjøpte seg noko fritert kakestyr (som smakte heilt ok) og Lene kjøpte vårrullar som ho godkjende. Seinare på dagen kjøpte eg meg nokre små runde kaker, med valnøtter i. Smakte vaflar. Kjempegodt!



Det var ikkje mykje eg handla, men eit realt kupp gjorde eg når eg fekk kjøpt meg ein ny nøkkelring. Spesiallaga, kun til meg.


Dette kinesiske tegnet blir uttalt “Toh” og er det næraste eg kjem “Tor”.
Dersom eg skulle hatt navnet mitt måtte dei lage tre ulike bokstavar, ein for kvar stavelse, og det hadde blitt kluss. Her i Kina er navna som regel berre ein stavelse, visstnuk.
“Tor” blei ein enklare sak, også fikk eg slengt på <3 også, og eg var storfornøgd.
Mannen forstod og snakka litt engelsk, så vi klarte faktisk å kommunisere!
Karoline vart også storfornøgd, som fekk laga seg tilsvarande nøkkelring med lyden “F” for Frank. 




Men så var det tid for å manne seg opp og prøve fuglekadaveret mitt!
Det såg ikkje appetittelig ut. Ein kinamann-turist klarte å peike på dyret og seie “small pigeon” (altså due), Karoline grøssa, eg såg skeptisk ut, kineserane bak disken smilte lurt og eg kjøpte eit krek for 10kr. Eg fann ut at det var det verdt, uansett om det smakte pyton.


Det smakte eigentleg berre skinke. Godt røykt og seig skinke. Ok, då var det også prøvd!
Eg satt utanfor starbucks og prøvde å maltraktere stakkars fugledyret (absolutt ikkje på ekte kinesisk vis!) medan dei to andre var innom for å kjøpe lunsj. Det kjendes ut som eg satt der i klovnedrakt, evt heilt naken, med fullt av skilt rundt meg der det stod “sjå på meg” og “ta bilete av meg” på kinesisk. Eg følte meg svært beglodd. Og det kan eg forstå, bleikfisen som satt der og prøvde å partere fuglen var truleg god underhaldning. Men så kom eg på at dei glor jo eigentlg heile tida, eg hadde kanskje berre eit litt større behov for å gøyme meg akkurat der og då. Så eg smilte eg. Som vanlig. Og overlevde det og.


Etter ein bitteliten powernap og litt oppgåveskriving var det middagstid, Denne dagen endte vi opp på ein tilsynelatande litt finare restaurant, med kinesisk meny med bileter. Men denne gongen var eg forberedt! Eg hadde laga meg ein jukselapp!
 

Den hjalp ikkje så mykje når vi såg på menyen, for dei skriv såklart ikkje berre “kylling”, og “kylling i saustype” blir visst ikkje teiknet for kylling + andre teikn, det blir noko heilt anna igjen. Men servitøren såg lappen min og kunne dermed peike på teikna og fortelje kva dei ulike rettane bestod av.
Vi trudde vi hadde skutt gullfuglen alle tre. Spesielt sidan ho forklarte når rettane var spicy, så vi kunne styre unna dei. Det viste seg at det berre var ei kråke eg hadde skutt, for eg hadde visst klart å bestille fleire rettar og begge to var så sterke at eg atter ein gong mista følelsen i både tunga og leppene.
Ein mild rett her i Kina er mykje sterkare enn den sterkaste maten du overhodet klarar å oppdrive i Noreg! Halve tallerkane her er chilli og evt jalapeños.. Det har eg kanskje nevnt før?
Vi betalte for vår “dyre” middag og lot umenneskelige menger med mat stå att på bordet når vi gjekk til supermarknaden for å kjøpe litervis med vatn og mild sjokolade.

Tilbake på hotellet hadde vi kjeks-party før vi pakka ihop sakene våre og tok fatt på vår siste natt i Chengdu.

Litt fleire bileter frå Jinli Old Street:










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar