tirsdag 26. februar 2013

Friluftsliv i Mangroveskogen

Ah, livet er herlig!

Fredag etter skulen reiste vi på ekspedisjon til Mangroveskogen.
Etter ein halvtime bakpå lasteplanet til ein pick-up var vi framme ved stranda og dumpa alt utstyret opp i ein liten motorbåt og oss sjølve opp i kajakkar.
Den første etappen var motstraumen relativt sterk, ergo var det små "bølger" å kjempe mot, ergo vart vi klissvåte. Men i denne varmen gjorde det ingenting.
Det var ikkje lenge vi måtte padle for å merke idyllen av Mangroveskogen. Store tre med meterlange røtter på alle kantar. Smal og kronglete "elv" av brunt saltvatn og strandlinje av mørk gjørme.
Lyden av ingenting anna enn padletaka i vatnet og fuglar.
Store flotte fuglar som likna kvite og grå pelikanar, flamingoar og storkar. Som plutselig tek fart frå treet ved sidan av oss og seglar over elva foran oss. Og ørner som seglar høgre oppe.

Sidan vi padala i kajakk kunne vi padle oss inn i små avstikkarar frå hovudelva, der trea hang enda tettare over oss og den smale vasstripa som snirkla seg i mellom røta.
Idyll!


Ville absolutt ikkje snu seg dette biletet!

Etter ei stund kjem vi fram til ein plass vi kan velje å overnatte på. Ein liten spasertur gjennom ein skog full av mygg, på vakt for slangar som heng i trea, kjem vi ut til havet. Der er det også klekkeri og nursery for skilpadder, men det var tomt denne dagen.








Vi kunne altså sove her, plassen som fleire folk kom til å besøke i løpet av dagen men ikkje overnatte på. Men det var for sivilisert for vår del, så vi knytte kajakkane fast i båten og luffa oss laaangt innover skogen. Siste stykket var så smalt og kronglete at vi måtte padle sjølve igjen, men vi kom oss ikkje så innmari langt før det låg eit svært tre over elva og blokkerte vegen vidare. Då gjekk vi i land der da!

Etter en spasertur gjennom tett buskas med mygg og maur var det himmelsk deilig å sjå strand og kjenne vinden som jagde vekk myggen. Her skal vi bu!

Vi bada og la oss på stranda for å nyte ettermiddagssola og solnedgangen, medan karane rydda til ein super camp-plass med hengekøyer i skogkanten.

















Så gjekk vi på musling-jakt og åt dei rå/ferske, ein apetittvekkar før vi lagde bål og varma middag. Og koste oss med norsk og spansk (Nicaraguansk) sang rundt bålet før leggetid.

Natta tilbrakte vi i hengekøyer, inntulla med pledd og myggnetting. Langbukse, genser, sokkar - alt for å beskytte seg mot myggen. Det var innmai varmt til å byrja med, men utover natta gjekk det greit. Trasig nuk var ikkje min myggnetting heilt tett, så eg vokna med ca 40 nye myggstikk. Men takka vere nokre allergitablettar eg fekk tak i her nede er både storleiken på myggstikka og kløen minimal.

Morgonen starta med eit bad som nesten var litt kjølig, og veldig deilig. Denne stranda var langgrunn, så bølgene braut langt ute og var ikkje like store = veldig kjekt!
Etter ein fruktsalat med yoghurt og litt formiddagssol byrja vi å padle tilbake att.





På veg tilbake var det skikkelig "fjære" i skogen så vatnet var skikkelig lågt og det var berre såvidt vi kom oss ut att. Lukta av svovel var sterk, vatnet var mørkebrunt, flugene og myggen flaug tett og det var skikkelig sump. Ja, det er krokodiller i vatnet, men ikkje så mange på denne årstida. Vi såg ikkje nokon.

Vi var to kajakkar som reiste først, for å unnsleppe myggen. Siste kanoen og båten kom aldri.. Vi venta og venta, padla rolig og såg bak oss, men vi var komne nesten heilt ned att før dei kom susane med båten og tok oss igjen. Båten hadde sittet fast og dei måtte vase i gjørma og drage båten ut. Dei var fulle i gjørme stakkarane. Verst var det for båtmannen som hadde stått med gjørme heilt opp til brystkassa og såvidt komt seg opp att.

Men vi kom oss alle ut, og plutselig var vi tilbake til fastlandet.
Då var det berre å slenge seg bak i pick-up'en og komme seg tilbake til Leon.
Takk for turen jenter, det var superkjekt!


~

Ein kan kanskje tenke seg at ein ikkje rekk å sakne sin kjære som befinn seg på andre sida av kloden når ein gjer så mykje kjekt om dagane. Og det er vel riktig for nokon at dagane ein kjedar seg er dei dagane ein kjenner mest på saknet. Men for min del er det ikkje naudsynt slik..
Når eg opplever så mykje fint og flott, så er det eigentleg ingenting eg heller vil enn å dele det med min utvalde..

søndag 24. februar 2013

Brusande hav og brusande blod

Mellom tærna kjenner du den kjølige sanden, og kjenner varmen som kjem fram dersom du grev dei litt lenger ned.
I ansiktet kjenner du varmen frå eit bål, med flammar som leikar og teiknar skuggar i ansikt på gode venner.
I håret kjenner du brisen, og kjenner at det blir gradvis tjukkare av dei små partiklane av salt og sand som fylgjer med.
Du hører bølgene bruse mot land. Drønningar idet bølgene bryt, og skvulpinga idet dei trekk seg tilbake.
Du ser i overkant av 20 flotte medstudentar og høyrer latter som bevis på at  alle kosar seg. Anstrenger du deg kan du høyre prating frå andre sida av bålet også, men lyden er overdøyvd av vind, bølger og musikk frå ein iPod med høgtalar. Du høyrer kun dei som sitt nærast deg, og latterbrøla som bryt gjennom oftare og oftare utover kvelden.
Avhengig av musikken som kjem ut frå høgtalarane blir det plutselig allsang og/eller smådansing.
Mellom menneska står det flasker av Toña, eit lyst og lett Nicaraguansk øl, fleire typar rom og sprudlande sukkerdrikker. (Og ei og anna nesten tom pizzaeske med ein kattekropp stikkande ut av.)

Slik naut vi laurdagskvelden forrige helg.
Til å byrja med var vi berre tre stk som satte oss ned på stranda i mørket, men utover kvelden kom fleire og fleire hyggelige mennesker og kvelden var garantert ein suksess. Vi satt slik i timesvis, til langt på natt, før vi hoppa inn i taxiar tilbake til Leon.
Somme av oss åt då hamburger frå ein "henger" i parken før vi dansa vidare på ein nattklubb, og valsa oss heim att idet sola vurderte å byrja dagen og dei ansatte på frukostkaféane byrja å gjere seg klare til arbeidsdagen.

Bileta har vi lagra i minnebanken i hovudet.

tirsdag 19. februar 2013

Frivilligarbeid

Fredag første veka hadde vi introdag, der vi blant anna fekk informasjon om ulikt frivilligarbeid vi kan gjere her i León. I tillegg til å stille opp sjølv kan eg spreie litt kunnskap og kanskje inspirere andre som reiser til å gjere det same.

Her i Leon kan du blant anna hjelpe dyr, barn og naturen. Det finnast sikkert mange organisasjonar du kan jobbe for, men her er dei Kulturstudier samarbeidar med i León.

Ca 10 min med taxi ifrå bysentrum finn du ein dyrepark. Ein kan kanskje heller kalle det ein forlatt dyrehage eller eit "animal shelter" (beklager, eg finn ikkje ordet på norsk i skrivande sund). Der kan du finne apekattar, vaskebjørnar, krokodiller, skildpadder, sauer, villsvin og kanskje meir. Dyra har relativt små bur har eg inntrykk av, og der er sjeldan nokon som passar på dei. Her ein dag kjøpte ein gjeng inn frukt og reiste til dyreparken for å mate dyra. Hadde eg ikkje vore så innmari solbrend hadde eg også blitt med. Dette er noko alle kan gjere. Kjøp inn avocado, mango, bananer osv og sørg for at dyra får noko å ete denne dagen. Ta gjerne med noko plastbeger du kan helle vatn i også, då vatnet i bura er grønt og ekkelt. Dyreparken har stort potensiale, men situasjonen i dag er ikkje heldig. Og nei, ein kan ikkje berre sleppe dyra ut i det fri, dei kjem ikkje til å klare seg sjølve.


Nicaragua har størst tropisk regnskog i Latin-Amerika, etter Amazonas. Denne Mangrove-skogen lid under - nettopp - hogst. Kulturstudier har sådd opp ca 100 små trer som vi skal plante ut. Dette er noko alle kan gjere.
Du kan også leige ein guide og ein liten båt og ro på elva gjennom skogen. Fantastisk oppleving for deg, og bra for skogen. Då betalar du arbeiderane slik at dei ikkje treng å skade skogen for å få inntekt.

Barrilete er namnet på eit prosjekt for barn etter skuletid. Barn som kanskje ikkje har nokon (trygg) stad å gå etter skulen. Ei hyggelig dame tar imot små ungar tidleg på dagen og større ungar på ettermidagen. Vi kan besøke dei og leike med ungane eller hjelpe dei med lekser. Dette skal eg absolutt gjere, så eg blir nuk å skrive eit anna innlegg om Barrilete seinare. Eg får praktisere spansk, eg blir kjend med små nydelige skapningar, eg kan kanskje hjelpe dei med noko lekse, eg får god erfaring til læraryrket og forhåpentligvis kan eg helpe dei på nokon måte. Eg ser for meg at dett blir ein ypperleg vinn-vinn situasjon. Vi har fått beskjed om at ungane blir knytta til oss, så vi må besøke dei regelmessig dersom vi i det heile tatt skal vere der.

Aspanicasole er eit senter for ungar med kreft og kreft-overlevande. I begynnelsen av april tek vi i Kulturstudier med oss alle desse ungane til ei rolig strand og tilbringer dagen med dei. Vi skal leike med dei, grille, prate og kose oss. Mange av ungane har ikkje ein gong sett havet før. Vi studentane samlar inn eit visst beløp som dekker denne dagsutflukta, og resten av pengane går til Aspanicasole.

Ute ved stranda finnast det nursery for havskilpadder og klekkeri for egga. Det er ikkje sesong for dette no, så vi fekk ikkje så mykje informasjon om opplegget. Men samarbeidet med Kulturstudier er visst ganske nytt og må arbeidast litt meir med før det fungerar optimalt.

Faktisk treng du ikkje gjere så mykje meir enn å besøke landet for å hjelpe. Nicaragua er det nest fattigaste landet i den vestlige sfæra, og berre det at du oppheld deg i landet og legg igjen pengar hjelper. Ved å kjøpe ting og tang, ete ute på restaurant, ta taxi/buss, ta dansetimar, betale deg inn på utestad, tipse kelneren - ALT du gjer bidreg, blant anna til å oppretthalde arbeidsstadar. I tillegg kan du inspirere andre til å reise til Nicaragua, så bidreg dei også. Vi er no ca 70 studentar her nede som alle på ulike måtar bidreg til å oppretthalde næringslivet. Så enkelt kan det faktisk vere.

Bilete frå dyreparken, Barrilete, dagen med Aspanicasole og mangroveskogen kjem når eg har besøkt dei.

lørdag 16. februar 2013

Cerro Negro

Søndag arrangerte Kulturstudier utflukt til Cerro Negro, den yngste vulkanen i Nicaragua og Sentral-Amerika, som har fått navnet sitt på grunn av dei svarte mineralane og som framleis er aktiv.

Turen med buss var humpete, på veg som etter kvart bestod av 40cm aske, med støv vrimlande inn gjennom vindauga. Vi køyrde gjennom fleire små landsbyar, det vil seie fleire hus som låg gøymt inne i skogen. Eg syns det er spennande å sjå korleis folk bur utanfor byane, og såg  ut på radmagre hestar, svin og høner som var plasserte litt tilfeldig rundtom i enkeltes hagar. Og små barn som sprang mot vegen for å vinke til bussen, med store glis som smelta seg langt inn i hjartet.

Kjensla av at eg hadde gløymd noko forsvann omlag 2 minutt etter at bussen forlot hostellet, og vart erstatta av vissheita om at eg hadde gløymt kameraet mitt. Er det mulig? Men fortvil ikkje, eg har fått låne litt bileter frå Maria og Charlotta.




Turen opp var eigentleg ganske kort. Plutseleg var vi oppe! Heile vegen var det så sterk vind at vi ikkje ein gong vart sveitte av å gå opp ca 400 høgdemeter i 30+ celcius. (Vulkanen ligg på 728moh, men eg trur vi byrja på vel 300moh). Når vi nærma oss toppen var vinden så sterk og vegen så smal at eg somme tider kjende eg måtte sette meg ned på huk for å ikkje bli kasta utfor kanten, og eg måtte holde fast både solbriller og sekk.

Vel oppe naut vi utsikta og leika oss med vinden medan vi kjende prikkinga på leggane av småstein i lufta. Flavio grov eit lita grop i sanden så vi fekk kjenne varmen frå steinen under oss. Og det var ikkje mindre enn imponerande. Kunne lett ha steikt speilegg på bakken der.









På veg ned hadde vi to alternativ. Vi kunne springe ned ellr vi kunne volcano-boarde, altså type renne på akebrett. Eg høyrde rykter om fart på 80km/t og ofra difor ikkje energi på å bære opp brett og utstyr. Når eg såg dei renne nedover derimot såg eg at eg lett hadde turd. Det gjekk ikkje såå fort.
Men det var veldig kjekt å springe/hoppe/skli ned den kjempebratte vulkanryggen også. Upraktiske sko som fyllte seg med stein bak ankelen og gjorde springinga ganske så vond vart fjerna av meg og Malise så vi sprang ned i sokkelesten. Skikkelig massasje/peeling kan du seie. Men til slutt vart steinane så varme at vi måtte ta på oss skoa att.


Vel nede var vi alle dekte av sot frå topp til tå, og eg kjende at det var godt å ha brukt kroppen på ein søndagstur i typisk norsk ånd. På ein utypisk stad.





søndag 10. februar 2013

Sigthseeing og Salsa

Dagane her nede er veldig lange, og det kjennast ut som vi har vore her uhorveleg lenge samtidig som dagene fyk av garde.
Det er begrensa kor lenge du kan halde på å legge deg etter midnatt og stå opp kl.06 før ein bli trøtt om dagane. Kombinert med varmen som er 30+ har vi alle innimellom kjent behovet for ein siesta. Så døgnrytmen her blir noko annleis einn heime i Norge. Her er ein aktive på morgonen og kvelden når gradestokken kryp ned mot 30 varme, og slakke midt på dagen i heten. I motsetnad til heime i Noreg når ein er mest aktive medan sola er oppe.

I tillegg til skule har eg utforska byen litt denne veka.
Ein dag gjekk eg på eiga hand etter kartet, og besøkte blant anna ein artesania-butikk med mykje handlaga ting; smykker, kle, vesker, osv i litt hippie-stil.
Deretter gjekk eg bort til den store katedralen som er type kjenneteiknet på León, og gjekk litt i parken der.
På veg bort til supermarkedet gjekk eg gjennom eit lite marked og stoppa ved ei bod med handlaga armband og div. Eg hadde nesten ikkje meir kontantar igjen, men brukte omlag det eg hadde på to søte armband. Paret eg prata med var utruleg koselige, og eg var veldig fornøgd. Eg syns det er så kjekt å kunne prate med dei lokale. Ein dag skal eg definitivt gå til ein av parkane (her er fleire, men dei er veldig små og liknar ikkje alltid parkar), sette meg på ein benk og prate spansk med ein av dei lokale.
Eg skal også gå tilbake til eine butikken eg besøkte ein dag og prate engelsk med ei som studerar engelsk på universitetet her, men som aldri får praktisere det.





Ein anna dag gjekk eg og Charlotta på ein anna handverksbutikk, og fann ein super lunsjkafé der dei solgte både crepes, sandwich, og skikkelig kaffi! Mocca, americano, frappe, mykje å velje mellom både av varmt og kaldt. For å vere eit land i Mellom-Amerika syns eg utvalet av kaffi er litt dårleg. Men det fristar sjelden med kaffi i denne varmen uansett.


I dag gjekk vi også bort til ein anna marknad i byen, og denne trur eg var mest for dei lokale. Stappfullt av folk og alle mulige ting. Veldig kjekt å oppleve atmosfæra, men følte meg litt som ein inntrengar. Eg skal tilbake ein anna dag.


Og så har vi voe ute på ablegøyer om kveldane. Onsdag åt vi middag på ein skikkelig luksusrestaurant med superkoseleg hage og nydelig god mat. Etterpå reiste eg og Julie til Olla Quemada som har konsert kvar onsdag. Denne onsdagen var det salsamusikk det gjekk i, og vi prøvde oss såvidt på dansegolvet i løpet av kvelden. Klubben var smekkfull, så i tillegg til ei bra stor gruppe skandinaviske var der mange lokale. (Eg er ikkje så stor fan av klubbar med listepop og nesten berre turistar. Kan vere kjempekjekt det óg, men det er ikkje difor eg er her.) Vi satt under stjernehimmelen, svetta litt av dansinga, høyrde latinske rytmer, drakk lokalt øl og koste oss.

Torsdag var det salsakveld på same baren/klubben, så då måtte vi ta turen igjen. Denne gongen var vi enda fleire skandinaviske som møtte opp. Til å byrja med var dansegulvet berre brukt av to-tre lokale par. Dei var så utruleg flinke å danse at ingen av oss turde oss ut på golvet før det var blitt relativt smekkfullt. I tillegg til å danse med kvarandre dansa vi denne kvelden med fleire lokale også, og det var kjempekjekt. Vi var gjennomsvette og prøvde å kjøle oss ned på mojito til 10kr.

Fredag var det jammen fest enda ein gong, men eg må innrømme at det var ei trøtt Carina som stilte opp. Denne kvelden var det nesten obligatorisk, det var nemlig bli kjend fest / velkomsfest som kulturstudier arrangerte.
Etter koldtbordmiddagen kom plutseleg eit lokalt band med dress, stor gitar, trommer ++ spaserande inn og fylte rommet med latinamerikansk musikk. Akkurat slik som ein ser på film!
Seinare var det eit anna band som spelte for oss, og innimellom var det annlegg med ei svært variert speleliste som ljoma langt ut i gata. I løpet av kvelden trur eg omlag alle hadde tilbrakt tid på dansegolvet, lærarane også, og festen var garantert ein (sveitt) suksess.



No har ikkje desse festane tatt så veldig av for min og mange andre sin del. Vi skal jo trass alt stå opp kl.06 neste morgon. Mange av oss har drukket like mykje vatn som øl om kveldane, og rundt midnatt har festen enda for dei fleste medan nokon har haldt ut lenger og dratt på nattklubben Camaleon. Men kost oss har vi iallefall.

Etter ei veke ser eg på kartet at eg faktisk har vore i omlag heile byen. Den er ikkje så stor som den virka til å byrja med! Her er framleis mykje eg ikkje har sett, men eg har goood tid.