fredag 22. mars 2013

Strand, turisme og kjøpesenter.

No har karen min vore her i snart ei veke, og eg kjenner at eg er kjempeheldig som har fått så storfint besøk her nede i "ingen-manns-land".

I helga reiste vi ut til Isla de los Brasiles og slappa avi ei strandhytte. Sidan det var laurdag var stemninga der ute litt høgare enn kva eg hadde planlagt, sidan eg ville rømme frå maset og kjaset i Leon. Men det gjekk fint fordiom.








Ellers har det vore skuleveke for min del, og Tor har hatt godt frammøte denne veka han også. Er ikkje berre å sende han ut på eiga hand medan eg har skule når han ikkje pratar spansk. Eg trur han hadde klart seg fint, men han er ikkje overbevist.

Ein ettermiddag var vi oppe på taket til katedralen og fekk utsikt over León.
Vi fekk ikkje gå opp til det høgaste taket, for der skulle dei renovere noko. Men utsikta var god likevel, med armane strake så kameraet bikka over rekkverket.



























På onsdag var vi plutselig ferdig på skulen 9:15. Då reiste vi til Managua på litt shopping. Eg ville eigentleg traske litt i sentrum, men det er det visst ikkje noko poeng i, og veldig farlig i følge spansklæraren min. Har hørt at det ikkje er noko å sjå i Managua, men eg veit ikkje.
Vi tilbrakte dagen på eit shoppingsenter, og eg veit ikkje heilt kvifor, men eg vart litt skuffa når eg såg at kjøpesenter er kjøpesenter i denne delen av verda også. Lite spennande.

Elles har vi ete på ulike restaurantar, traska litt rundt og eigentleg berre tatt livet med ro.

I morgon tidleg reiser vi til Corn Island på påskeferie. God natt!

Estelí og Matagalpa

Når ein har fri ein fredag er det nesten obligatorisk å reise på tur.

Etter undervisninga på torsdag tok eg buss,drosje, buss og drosje for å komme meg il Estelí. Der møtte eg Hanna og Eline som reiste tidlegare på morgonen.
Det gjekk heilt fint å reise aleine. Eg prata blant anna mykje med ein pensjonert kanadier som reiste rundt, og som på mirakuløst vis blei fråstjålen PC og pengar i løpet av bussturen. Finurlig handarbeid av mannen i setet ved sidan av!

I Estelí gjekk vi rundtom i gatene. Det var ikkje særleg mykje å sjå der eigentleg, anna enn mange store og flotte veggmaleri som dukka opp innimellom.
Ja, også var der kjøligare. Dette er høgare opp i landet både kartmessig og geografisk, så temperaturen låg på ca 25*C. Altså gjekk vi rundt i langbukse og genser, og fraus. Vi er miljøskada og kjem til å fryse i hel i Noreg i sommar. 15*C kjøligare på nokre timar blir kanskje kaldt uansett kor varmt det er?



















Vi åt lunsj på La Casita som ligg litt utafor sentrum. Økologisk, naturlig og godt. Dei dyrkar alt av frukt og krydder sjølve. Nordmenna vart veldig glade for å få skikkelig grove rundtykker!















Vi var litt i audeland så vi gjekk og traska langs vegkanten med tailarar susane forbi, før ei drosje kom og ville gje oss skyss ned att til sentrum.


Fredags morgon reiste vi til Matagalpa. Her la vi oss inn på eit lite og sentralt hotel drivet av små, søte, gamle damer. Vi traska litt rundt og handla litt. Vi trudde Matagalpa kom til å vere fullt av handarbeid sidan mykje av artesaniesane vi får kjøpt i León og andre plassar er laga i Matagalpa, men den gong ei. Ellers hadde læraren min tipsa oss om at Matagalpa ar god kaffi og god sjokolade, så vi prøvde å få tak i dette. Spesielt sjokoladen som blir produsert i Matagalpa var vanskeleg å finne tak i, når ingen av dei lokale vi spurde skjønte kva sjokolade vi meinte. Dei ville ha oss til å kjøpe Ferrero Rocher, Herseys og m&m's. Men eg fann den til slutt, på eit lykketreff!


















Det var også svært vanskelig å finne nokon kaféar som serverte lunsj og god kaffi i Matagalpa. Vi vandra rundt i nesten 2 timar (over heile Matagalpa, det er ikkje så stort) på jakt før vi overgav oss og heiv oss inn i ein taxi som kjørte oss til den einaste kaffisjappa vi hadde sett i løpet av dagen.



Laurdags morgon reiste dei to andre tilbake til León, medan eg tok turen innom Managua og henta den finaste eg veit på flyplassen. På denne bussturen satte ei Nicaraguansk jente seg ved sidan av meg, så eg fekk praktisert litt spansk (og fekk skryt for å snakke flytande. Jippi). Ellers var dette ein ekspressbuss med tv framme, så dei viste "Life of Pi" på spansk. Ikkje verst.

Bussturane var i og for seg kjekke dei også. Vi fekk sjå ein del av landskapet som var meir livlig og fjellprega enn rundt flate León. Også kjende vi lukta av kaffi idet vi passerte dei ulike kaffiplantasjane.