Hugo Chávez (presidenten
i Venezuela) er død. Nicaragua har erklært landesorg i 7 dagar.
Når vi var på sjukehuset, der dei hadde tv, såg vi ar kanalane var fulle av nyhender om
Cháves, hans liv, folkesorg, m.m. Og ansiktet hans prydar såklart framsidene
av alle avisene her nede. Men bortsett frå dette har vi eigentleg
ikkje sett noko effekt på León.
Ikkje før vi skulle på
zumba eit døgn etter dødsfallet. Då gjekk vi forbi den store
katedralen, og fekk sjå avstengte gater, eit hav av menneske og den
største gruppa politifolk eg nokon sinne har sett i polititomme
León. Dei rigga til mikrofonar og styr, det var lys i katedralen, og
det var tydeleg at noko skulle føregå der utover kvelden.
Vi gjekk vidare, og høyrde
etter kvart noko som kunne høyres ut som 17.mai. Korpsmusikk og
trommer. Då vi så fekk beskjed om at zumba var avlyst for dagen,
gjekk vi mot lyden av trommene til vi møtte ei svær samling av
kvitskjorta menneske. Dei fylde heile gata med eit stort korps,
heftig rytmisk musikk og ei svær gruppe menneske som dansa i takt
framføre dei. Det kunne nesten sjå ut som ein «mob». Vi stod der
med imponerte auger og var bitre for at vi berre tek med oss
vannflasker og ikkje kamera på trening. Etter ei stund byrja dei å
bevege seg bortover gata, og tilskuarane braut opp.
På veg opp att forbi
katedralen var det komen enda fleire menneske, og i gatene var det
totalt trafikkork fordi nokre få gater var avstengde.
Hadde vi hatt pengar,
vanlige kle og fullførte lekser hadde vi kanskje blitt verande der i
nokre timar for å få med oss seansen.
Sidan landet skal vere i
sorg i 7 dagar blir det kanskje vidare rapportar om andre
begivenheter herifrå.
Her er bilete frå sorga i heile Latin-Amerika, også Nicaragua:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar