søndag 3. mars 2013

León Viejo og Laguna del Tigre

Atter ein gong arrangerte Kulturstudier og multitaskerane Rigo og Marte tur for gruppa. Denne gongen fyllte vi opp ein buss og reiste til León Viejo. Her fikk vi sjå gamle ruinar og tileigne oss litt historisk kunnskap. Dei som ikkje var opptekne med å springe ifrå kvepsane, altså.
















Også gjekk vi opp ein bakke og fekk nydelig utsikt over Lago de Managua og vulkanen Momotombo.






Etterpå reiste vi til Laguna del Tigre.
Vegen dit var skikkelig off-road, så vi lesste oss sjølve ombord i to jeepar (til pirkegutar: neida, ikkje bilmerket Jeep. Men sånn høg bil med 4WD. Dåkke veit kva eg meinar) og to lastebilar som overraskandes nuk klarte å klatre seg oppover.

Etter ein liten oppoverbakke og ein lang nedoverbakke akkompagnert av diverse kyr var vi nede ved lagunen og kunne nyte eit bad i ferskvatn og nydelig utsikt. Fleire utnytta det bølgefrie vatnet til å leike seg litt, medan andre åt fersk frukt og såg på underhaldninga.























Etter å ha klatra oss opp igjen til bussane hadde skoa til alle mann skifta farge, og vi satte oss på bussen tilbake til León medan ein nydeleg solnedgang utspelte seg foran augene våre og Nicaraguansk/Latinamerikansk musikk ljoma over annlegget.

Støvsky når eg trampa



2 kommentarer:

  1. Kjempefine bilder - god fotograf! :D

    SvarSlett
  2. Eg blir rett og slett grønn av misunnelse her! :) Mange fine bilder :) Ser ut som du får oppleve litt av kvart, og det e bra :)

    SvarSlett