mandag 4. juni 2012

Vaksiner

I dag har eg vore hos legen og fått opplista kva vaksiner eg må ta for å vere trygg på reisa mi i haust. Hepatitt A, difteri, stivkrampe, og nokre fleire som eg ikkje hugsar i tillegg til malaria-tablettar. Ein real cocktail! Har fått resept på dei vaksinene legekontoret ikkje har, og fått ny time til å sprøyte dei inn i systemet. 20.juli.

Vel heime sjekkar eg om denne datoen kræsjar med jobbturnusen min, noko den ikkje gjer sidan dette er fredagen det er Malakoff, og eg har 3-dagers-ferie denne helga. MEN! Mange blir ganske sjuke og får bivirkningar etter å ha tatt vaksiner, og det er jo utruleg kjipt å bli sjuk på Malakoff. Eg måtte også google kombinasjonen alkohol og vaksiner, og las at ein ikkje bør drikke alkohol det første døgnet (minst) etter at ein har tatt ei vaksine. Så, då får eg vel berre ringe legekontoret ein dag og få bytta timen. Malakoff Rockfestival er heilag.

Eg spurte også ang henvisninga til Volda, men i følge dataen hans har det ikkje blitt sendt noko henvisning til Volda sjukehus frå fastlegen min. (Og Volda sjukehus har ikkje motteke henvisning frå nokon). Eg måtte difor sende ein mail til bror min sin lege i Bergen, og høre om det var han eller fastlegen min som skulle sende henvisning til Volda - altså kven eg skal "purre" på. Det er snart ein månad sidan han vart utskreven og henvisninga har ikkje nådd fram enda! Når den først når fram reknar eg med det tek tid før vi får innkalling, og i innkallinga står nuk ein dato langt fram i tid. Då stressar det meg veldig at eg reiser om under 3 månader.
Eg kryssar framleis fingrane for at henvisninga kjem straks, inkallinga kjem straks, at timen blir i næraste framtid og at hjartet mitt er friskt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar