onsdag 13. juni 2012

Kreta!

No er siste eksamen ferdig, og avreise Kreta er om berre 2 dagar! Kanskje på tide å begynne å vaske kle og tenke over kva eg skal ha med? Laste ned musikk, printe ut reisedokument og vegbeskrivelse, pakke og ordne? Sidan eg også skal ha to kveldsvakter og reise opp på Hjelle og feire 2 bursdagar før avreisa i over i morgon, har eg eigentleg ikkje tid til å sitje her å berre blogge!

Men eg skulle leite fram hotellet på kartet slik at vi/taxisjåføren klarar å finne fram til riktig hotell på laurdag, og blei så gledelig overraska! Trur eg heilt har gløymt kva hotell vi eigentleg booka, og har hatt ei blanding av alle dei 30(?) hotella eg såg på før vi bestemte oss opp i haudet. Men hotellet/leiligheta vår er jo heilt perfekt!

Terpsichori hotel, Kalamaki, Kreta.
2 enkeltsenger og 2 sovesofaer. (+ 1 barneseng)
50m^2
Soverom, oppholdsrom, kjøkken, kjøkkenutstyr, spisestue, bad, eigen inngang, balkong med havutsikt, aircondition +++++
200m frå stranda, basseng med havutsikt, stor hage, 50m frå buss inn til Chania, 200m frå restaurantar og butikkar.
Det høyres jo heilt fantastisk ut!! No kjenner eg at eg gledar meg skikkelig =D
Reisefølget gjer det heile enda betre - Sigrid og Yvonne!! Også selfølgelig tøffaste Elias og Johanne (søstra til Sigrid). Eg gledar meg villt til å tilbringe heile 12 dagar med dei! =D

Vil du lese meir om hotellet kan du trykke her!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar