onsdag 28. september 2011

Benalmadena

Hei igjen folkens. Er ikkje blitt så mykje blogging i det siste. Det kan kanskje forklarast med at vi ikkje har internett i leiligheta, men eg trur uansett ikkje det hadde blitt prioritert, så fort som dagane går her nede.

For to veker sidan ankom vi Benalmadena, fire ivrige studentar. Saman med nøklane til leiligheta fekk vi ein 6-liters dunk med vatn og ei champagneflaske av husverten. Då var vi klare!

Dei første dagane brukte vi til å gjere oss kjende i området, besøke det lokale fredags-markedet og til å nyte sol og varme på stranda. Ingen av oss blei særleg solbrende (Cosmica solkrem ftw!), og med nasene i skjønnlitterære bøker og musikk i ørene fauk dagane forbi fortare enn rettferdig.

Plutseleg kom mandagen og praksis, og tysdag stod eg plutselig i klasserommet og underviste fleire timar utan øvingslærar til stades. No har eg overtatt all undervisninga til øvingslæraren min, det vil seie at eg har overtatt samtlige av timane hos 3.og 4.trinn. I tillegg har eg tatt på meg eit par spansktimar i veka,  så eg har nuk å henge fingrane i! Men det er stort sett berre koselig, og virkelig lærerikt. Eg har virkelig fått innblikk i korleis det er å ha si eiga klasse, lage vekeplanar og styre løpet heilt sjølv i nokre veker. Korleis læraryrket verkeleg er.  Så no er skuleovertakinga i februar inga skremmande utfordring, føler eg.

Når vi er på skulen frå 8:30 til kl.17 nesten kvar dag, og deretter dreg heim med veska full av bøker, er det ikkje mykje sol vi har fått på kroppen eller mange sprell vi har fått tid til. Men vi har så mykje vi vil oppleve på kveldstid, at vi no har begynt med ”arbeidskveldar” der vi planlegg langt fram i tid, slik at vi kan ta fri eit par timar andre ettermiddagar. Og helgene nyter vi fullt ut!

På fredag var vi på Plaza Mayor, som eigentleg er ein liten småby av eit kjøpesenter, med mange små gater fulle av butikkar og restaurantar. Mykje koseligare enn eit varehus med butikkar, slik som ”vanlege”  kjøpesenter.

Lørdag reiste vi til Malaga der det vart enda meir shopping og litt byvandring for å oppleve byen, før vi brukte søndagen på stranda. Deilig!

I går var vi i gamlebyen, ein koselig del av Benalmadena med små trange gater, blomster, typisk spanske hus og ei fin atmosfære. Idyll.

Framover skal vi også få med oss båthavna i Benalmadena, Parque Paloma, Fuengirola, Torremolinos og taubane opp på fjellet med utsikt og ørneshow. Alt dette på kveldstid, forhåpentligvis. På laurdag skal vi ta oss ein dagstur til Marokko, noko eg gledar meg stor til! Og forhåpentligvis får vi strandtemperaturar på søndag, om vi ikkje bestemmer oss for å reise til Malaga på marknad.

Som du forstår fyk dagane av garde! Og om 11 dagar sit eg plutselig på Eid igjen. Det skal bli deilig det også. Kjenner at eg saknar Tor ein heil del, og meir og meir for kvar dag. Men for no, så har eg det kjempefint her nede.

[Beklager kjedelig/bildefritt innlegg. Bilder kjem når eg får bilda på dataen, og har internett på kveldstid. Altså kanskje når eg er heime om to veker]

torsdag 7. juli 2011

Barcelona

Vi var i denne herlige byen i 9 dagar, og har virkelig fått med oss mykje.
Eg tenkte Barcelona-ferien kom til å bli ein herleg blanding av strandliv og byliv, og jammen hadde eg ikkje rett! Det perfekte reisemålet, på lik linje med Valencia. Enjoy!

Vi var fleire dagar på stranda.

Vi bada.

Vi var i parken og kosa oss.

Vi spaserte rundtom i parken, som forøvrig var heilt nydeleg.
Vi gikk og gikk og gikk og gikk. Fleire timar for dagen. Nokre dagar kruap vi nesten, på grunn av vonde føter.

Vi (nokon) blei solbrende.

Vi tok sightseeingbuss.

 Fekk sjå mange turistattraksjonar.

Og vi tok bilete av alt mogeleg.

Vi (nokon av oss) tok kabelbane opp til eit flott utkikkspunkt.

Vi gikk langs La Rambla.

Der det var fleire "underhaldningsinnslag".

Og vi shoppa.

Vi åt mat på forskjellige restaurantar.


Vi drakk litt.

Og vi drog ut. På IceBar(celona) der ALT var laga av is. Og på diskotek der vi dansa til sola stod opp igjen.

Vi smurte oss med solkrem og fuktighetskrem heile døgnet.

Eine dagen følte eg meg brun. (nevermind the bellyfat).
Men dei fleste dagane var eg bleik og/eller solbrent.
(Og eg hadde såklart berre med meg eitt klesplagg som dekte mi solbrente bringe. Difor går eg rundt med den stygge grå t-skjorta på flesteparten av bileta....)


Vi svetta.
Vi var fulle av sand og salt.
Vi lo.
Vi las.
Vi hørte musikk.
Og vi hadde det ganske så bra!

Vi har fått med oss 7 av punkta på ei Barcelona topp 10 liste. Men der er framleis meir å oppdage! Eg kunne lett reist tilbake igjen!

(Har desverre ikkje fått alle bileta enda!)