torsdag 7. juli 2011

Barcelona

Vi var i denne herlige byen i 9 dagar, og har virkelig fått med oss mykje.
Eg tenkte Barcelona-ferien kom til å bli ein herleg blanding av strandliv og byliv, og jammen hadde eg ikkje rett! Det perfekte reisemålet, på lik linje med Valencia. Enjoy!

Vi var fleire dagar på stranda.

Vi bada.

Vi var i parken og kosa oss.

Vi spaserte rundtom i parken, som forøvrig var heilt nydeleg.
Vi gikk og gikk og gikk og gikk. Fleire timar for dagen. Nokre dagar kruap vi nesten, på grunn av vonde føter.

Vi (nokon) blei solbrende.

Vi tok sightseeingbuss.

 Fekk sjå mange turistattraksjonar.

Og vi tok bilete av alt mogeleg.

Vi (nokon av oss) tok kabelbane opp til eit flott utkikkspunkt.

Vi gikk langs La Rambla.

Der det var fleire "underhaldningsinnslag".

Og vi shoppa.

Vi åt mat på forskjellige restaurantar.


Vi drakk litt.

Og vi drog ut. På IceBar(celona) der ALT var laga av is. Og på diskotek der vi dansa til sola stod opp igjen.

Vi smurte oss med solkrem og fuktighetskrem heile døgnet.

Eine dagen følte eg meg brun. (nevermind the bellyfat).
Men dei fleste dagane var eg bleik og/eller solbrent.
(Og eg hadde såklart berre med meg eitt klesplagg som dekte mi solbrente bringe. Difor går eg rundt med den stygge grå t-skjorta på flesteparten av bileta....)


Vi svetta.
Vi var fulle av sand og salt.
Vi lo.
Vi las.
Vi hørte musikk.
Og vi hadde det ganske så bra!

Vi har fått med oss 7 av punkta på ei Barcelona topp 10 liste. Men der er framleis meir å oppdage! Eg kunne lett reist tilbake igjen!

(Har desverre ikkje fått alle bileta enda!)