tirsdag 25. september 2012

Hald ut!

Etter 3 veker i dette vakre landet var det endelig klart for solingsdag nr.2 og 3. Helga kom, med delvis sol og fritid, og vi kosa oss på den falske stranda og heime med heimelaga pizza og moussaka. Deilig.
Eg og Karoline er forresten blit utnevnt til leiligheitas mor og far. Vi styrer kjøkkenet, ryddar og passar på.


Mandag var det tid for skule igjen, og under forelesninga kom toreveret og regnet. Det var visst meldt fleire stormar, med hagl så store som snøballar, men dei gjekk heldigvis litt utafor Brisbane så vi fekk ikkje verste medfarta.

Det er derimot fare for fleire stormar og torebyger utover i veka, og delvis overskya kvar dag, så denne veka blir nytta best mogleg på biblioteket. Vi er jo studentar også.

Ellers har eg og Karoline reist til eit rart strøk av utkant-Brisbane for å finne Consulate of India, berre for å få beskjed om at dei ikkje kan hjelpe oss. Og eg har fleire gongar holdt på å kaste pc-en i veggen på grunn av søknadsskjemaet deira online. Å søke visum til India er visst ikkje berre berre! Men heldigvis slepp vi truleg å sende passet heim til Noreg, og heller søke her i Australia.


Også lagde vi meir muffins, til enda eit bursdagsbarn. Malin!

Og akkurat no sit eg på forelsning. (Difor har eg begrensa med bilete). Skal ikkje blogge då, eg veit. Men forelesaren har så tjukk vietnamesisk aksent at eg knapt skjønnar kva han seier. Og temaet er vietnamesisk økonomi, så truleg hadde eg ikkje skjønt bæret hadde han snakka reint engelsk heller. Grafar og uttallige uforståelige forkortingar. Menmen. Eg får lese meg opp på eiga hand seinare.

Det er berre å halde ut denne veka, med visumsøking og oppgåveskriving. For til helga reiser vi til Sydney!! Det blir knall!


mandag 24. september 2012

Stradbroke Island

Fredag var det dags for ei skuleutflukt. Vi skulle til Stradbroke Island! Og hald dåkke fast, for her blir det litt barnehagestemning utover i innlegget.

To dagar i forvegn fekk vi beskjed om å ta med rikelig med drikke, ha hatt og lette kle, med bikini og handkle i sekken. Det var nemlig meldt 34*C denne dagen!

Fredag stod vi der, etter å ha spasert bort til skulen, og kjente eit par regndropar på vår småkjølige bare hud før vi satte oss på minibussen.
Det var derimot ikkje mange dropane som kom, og etter ein soldans på fergekaia frå mi og Marte si side var det lettskya og regnfritt når vi tok fatt på dagen vår.
På ferga over til øya stod nokre av oss og speida etter delfinar. Og jammen var ikkje læraren vår Leah så snill at ho oppdaga dei og informerte oss! Var ikkje mykje vi såg av dei, men dei var der!



Første stopp var på ei herleg sandstrand. Eg var eigentleg ikkje klar over kor mykje eg har sakna saltvatn, bølger og ei ekte strand før eg var der og verkeleg sette pris på det. Sola kom berre fram nokre sekund om gongen, men det hindra ikkje badeglade nordmenn! Vi var visst på ei surferstrand, så bølgene var høge, kjempekjekke og litt skumle. Livreddarane var strikse på at vi berre fekk opphalde oss mellom flagga, og vikjente godt strøymane i vatnet når bølgene kom og trekte seg tilbake. Stod eg med vatn opp til midjen slo fleire av bølgene høgt over hovudet på meg.
Vi koste oss!





Planen var eigentleg å ha BBQ lunsj på stranda, slik at vi kunne slappe av og sole oss der (utan sol). Men pga litt misforståelsar måtte vi berre pakke saman når vi var ferdig å bade og reise til ein restaurant eit like stykke unna. Der fekk vi server fisk! Det blei med andre ord fiskemiddag for andre dag på rad på meg. (Og joda, eg åt opp maten begge dagane).


Eigaren eller kokken av restauranten hadde sett ein vill koala som hadde busett seg i treet utafor huset hans denne mogonen. Så då reiste vi jammen heile bussen av garde for å sjå på den late krabaten.



Etterpå var det tid for å møte ein mann eg ikkje hugsar namnet på, men som iallefall var aboriginar.
Vi hørte toreveret i bakgrunnen, men overhørte det. Han viste oss ulike klesplagg, ulike insrument og spelte på didgeridoo for oss. Og eg trur samtlige satt å måpte. Herlighet så flink han var! At det går an å lage så mange tonar, melodiar, dyrelydar og musikk ved hjelp av eit langt rør var rett og slett uventa.
Karoline fekk filma dette, så ho legg ut filmen på hennar blogg. Link til bloggen hennar på venstre sida her for dei som vil høyre.


Så var det tid for aktivitet. Etter å ha blitt malt i ansiktet på ekte aboriginalt vis skulle vi danse ein aboriginsk velkomstdans, og andre forskjellige dansar. Ganske artig eigentleg. Eg klarte berre såvidt å konsentrere meg om trinna, for eg vart sjarmert i senk av dottera hans. Eg klarte iallefall ikkje å ta bilete av alt i same slengen.



Varme i trøya fekk vi utdelt kvar vår boomerang som vi skulle male. Og ulike skisser av symbol, dyr osv og kva dei betyr. Så vi fekk litt inspirasjon til dekoreringa. Eg trur eg aldri før har sett ein gjeng med 20-26år gamle studentar vere så konsentrerte før, over ei så banal handling. Haha.


Etter malinga fekk vi prøve å kaste boomerangar. No begynte regndråpane og komme, tettare og tettare. Og til slutt måtte også dei siste pirkelusene avslutte malinga. Men kaste boomerang skulle vi! Eg skulle iallefall, for etter det første sleivkastet fekk eg skikkelig dreisen på det! Boomerangen fauk framover før den sakte roterte rundt i ein svær sirkel og landa omlag rett ved sida av meg. Stor stas! Det var så kjekt at eg måtte kaste mange fleire gongar, ute i regnet. Til slutt vart vi også overtalte til å komme inn i bussen så vi fekk reise tilbake til ferga.


Fornøgde satt vi på fergekaia, ein halvtime før båten gjekk, og studere boomerangane og ansiktsmalinga våras. No hørte vi igjen tordenbrak og såg lynglimt.
Nokre av oss sprang ca 50m bort til toaletta, og før vi rakk å gjere oss ferdig på do opna himmelens sluser seg. Det høljregna som berre det!! Og lynet fascinerte meg veldig, som ein liten unge. Det var nemleg første gong eg såg «strek-lyn» med mine eigne auger! Det er jo slik ein ser på film og bileter, men sjølv har eg kun opplevd blinking. Å sjå gnistrane strekke seg ut frå skyene og ned mot bakken var tøft!


Og ja. Eg tar meg sjølv i å vere i ekstase over den minste lille ting her nede. Alt er eit eventyr i mine auger. Anten det er å oppleve streklyn, å få swag i staden for sovepose på camping (det fikk eg diverre ikkje likevel) eller å få kaste boomerang. Eg blir glad for alt om dagane eg, nesten. Det er ikkje den stuptrøtte Carinaen som vaknar til ein ny dag på skule eller jobb, men ein Carina som gledar seg til å sjå kva den nye dagen vil bringe.
(Til dømes stod eg idag opp kl.07, til trass for at skulen ikkje begynte før kl.14!)

fredag 21. september 2012

Daglegliv og dyreliv


Når vi ankom Brisbane igjen på søndag var det utruleg digg å pakke ut kle frå koffert og sekk og plassere det i klesskap. Her skal vi ver i heile 5 veker! Blir godt å ha ein base. Lit irriterande at mange andre frå klassa vår har større leiligheit enn oss, med både vaskemaskin og oppvaskmaskin , sjølv om vi alle betalar likt. Men vi klarer oss fint.




Om dagane har vi gått veldig mykje. Det tek ca 20min å gå til skulen, kvar veg. Og vidare tek det ca 15min å gå inn til Queen St og «hovudsentrum». Så vi brukar nokre timar for dag på å spasere rundt!

Vi har vore på skulen, sittet på biblioteket og blitt uhyre demotiverte av skulearbeidet, shoppa litt, laga bursdagsmuffins og ellers vore dausletne kvar dag og følt at vi gjerne skulle hatt 4t ekstra i døgnet berre for å få nuk søvn. Også skulle eg kjøpe meg id.bare minerals mineral foundation ein dag, og endte opp med å få ansiktsbehandlig og farge-screening på heile greia. Gratis. Luksusbutikk.



Eine dagen tok vi ein halvtimes busstur ned til Nathan Campus, og der fekk eg kjøpe meg skulegenser! Råkul. Haha.



Etter forelesninga var det grilling for oss norske, med besøk frå nokre aboriginera. Då fekk vi servert kengurupølse. Jepp. Kenguru..
Og her i Australia eksisterar ikkje pølsebrød. Ein brukar ei vanleg brødskive i staden. Evt ein bolle, som her. 


Også møtte vi på ein krabat ein kveld vi spaserte heim.






Ein kveld var det bursdagsfest for Anja, og stemninga vart iallefall god!







Eit høgdepunkt var studiedagen vår, då vi reiste til Lone Pine Koala Sanctuary. Der fekk vi halde ein koala, og mate, klappe på og kose med drøssevis av kenguruar. Både store og små. Mjuke og strie. Raude og brunsvarte (trur det var to ulike rasar). Der var også andre dyr som dingo, vombats, nebbdyr, gardsdyr, papegøyer, svære flaggermus, krokodille, slangar, osv.






Visste du at Koalaen søv 20t i døgnet? Tydeligvis i alle mulige stillingar! Herligheit for nokre kjedelige, late og skjønne dyr.


torsdag 20. september 2012

Båttur, bading, avskjedsmiddag og turen heim.


Fredag overga eg meg til australsk kultur og åt frukostblanding (40% sukker) til frukost.
Første oppføring på timeplanen var båttur på Darling River med båten Jandra. Der var det mange australske turistar på 50+, og mange norske studentar på ca 20-25. Mannen fortalde mange historier over høgtalaren, men etter ei veke med høgt tempo trur eg fleire gjorde som meg – lukka att både auga og øyra og sette meg for å nyte sol i andletet og bris i håret. Bortsett frå når eg snakka med ein veldig hyggelig australsk familie da.





Deretter reiste vi for å møte The Flying Doctors. Men desse var diverre ute på oppdrag, så vi fekk verken snakka med dei eller sjå inni flya. Men vi såg to av flya frå utsida da.




Så skulle vi på eigendommen til The Mayor of Bourke. Her skulle vi ha BBQ-(Bombe!)-lunsj, og bade i ein stamp med vatn frå varm kjelde.
Men på vegen måtte vi visst stoppe og sjå på nokre sandtak med gypsun, som eg aldri heilt skjønte kva var, anna enn sand. Og sjå ein flokk med kyr. For slikt har vi ikkje i Noreg! Trur dei.
Eg trur eigentleg borgermesteren berre måtte briefe litt over kor stor eigendom han hadde. Og den var stor, det skal han ha! Tok oss nokre minutt eller ti å køyre gjennom ein liten del av den.


Når vi først kom fram var det utruleg deilig å bade i stampen der det stadig kom nytt vatn fossande ut frå kjelda ca 400m under bakken. Vatn på ca 35*C. Det lukta litt svovel (egg på sitt verste) av vatnet, men ellers var det supert.



Seinare drog vi ned til ein liten creek og drog opp krabbeteiner for å fange yabbies (småkreps). Det vart forresten grilla yabbies på lunsjen også. Eg berre gløymde å smake dei.
Marte holdt ein av krepsane, og skulle gje den vidare til ei anna som ville halde. Dette var enklare sagt enn gjort sidan dei ikkje heilt visste korleis dei skulle overføre den utan å bli bitt, og stod og famla ei god stund. Problemløysar Karoline tok difor tak i krepsen og sa «det er no berre å holde slik som dette her». Så Marte slapp taket i krepsen, uvitande om at Karoline skulle til å flippe heilt ut. «Tenk at eg helde ein sann er da!» smilte Karoline før ho eit halvt sekund etterpå hylte «Uæææ! Ditta tør ikkje eg!!!» medan ho sprella med armar og bein.
Eg klarer ikkje helt å gjenskape situasjonen, men eg (alle) måtte nesten ned i sittande på grunn av latterkampa. For ei dame! Litt seint å innsjå at ein ikkje tør halde ein kreps når ein allereie har den mellom fingrane??




Etter ein lang busstur med fin musikk på øret og eit plutselig intenst sakn etter Tor, var vi tilbake i Bourke. Eg gjekk på butikken og kjøpte presang til vertsfamiien før eg tusla heim. Der møtte eg tomt hus, bortsett frå Sally som låg og sov vekk ein forkjølelse. Det var to timar til avskjedsmiddagen, og eg hadde eigentleg veldig lyst til å vekke ho for å spør om kengurubesøk. Men Maria var ikkje komt heim enda, så eg avventa situasjonen.
Ein time før middagen våkna ho og spurte om vi ville besøke kenguruen og eg gliste eit JA, men sa at Maria ikkje var komt tilbake. Det tok ho visst som eit nei, og gjekk dermed å la seg igjen. Eg var rask å ringe Maria for å høyre om ho snart kom heim så vi kunne besøke kenguruen, men ho skulle visst ikkje heim før avskjedsmiddagen. Eg hadde veldig lyst å høre om eg fekk besøke den aleine. Men sidan Sally hadde sovna igjen, det var under ein time til vi skulle vere på middagen, og sidan Sally først måtte ringe han og høyre om det passa, så vart det ikkje noko av. Så bitter som det overhodet går an å vere (!!) sette eg meg då og lese medan eg venta på at John skulle komme heim og plukke oss opp.

15min etter skjema (tidsnuk i følge australsk-tid) reiste vi på avskjedmiddagen. Alle 20 studentane, vertsfamiliar og andre som har vore med på å organisere veka møttest for eit festmåltid med fri bar (inntil ein viss sum – denne middagen, som alt anna, var nemlig forhåndsbetalt av oss studentane. Skulepengar ja.). Sidan baren stengde tidlig vart det ikkje seine kvelden ute, men eg reiste tilbake ilag med vertsfamilien for meir te og tv.



Laurdag var det klart for avreise, etter ein frukost med toast, eggerøre, bacon og ferskpressa appelsinjuice. Etter adjø og vel plassert på bussen oppdaga vi at vi mangla 2stk. Og vi måtte berre vente 40min før dei kom. Enda eit fellesbilde blei tatt før bussing til Brewarrina. Her såg vi ufrivillig på gudsteneste som føregikk på ein grasplen, og nokre fish traps som aboriginane laga for lenge sidan.




Lunsjstopp i Collarenebri. Pizzatid!


Vel framme i Moree sjekka vi inn på Phoenix & Dragon Motel. Anja og Malin fråtsa i gratis internett, medan eg låg der og skulte på mobilane mine. Seinare på kvelden spaserte vi ein tur og handla inn til neste dag, medan eg gjekk og prata tomt kontantkortet mitt når eg endeleg igjen fekk høyre stemma til Tor. Når eg fylte på med 19$ fekk eg derimot 230$ i bonuskreditt, og kunne nesten ikkje tru mine eige øyrer og auger! Kjekt med billig sms!


Søndag kl.16 var vi framme ved Kangaroo Point i Brisbane, klar for å vere her i 5 veker!