søndag 2. september 2012

Bidrag til lykke

No er det under 4t til eg sitt på bussen, og ikkje ser vakre Eid og menneska her igjen på over hundrede dagar.

Og i handbagasjen ligg ein liten skatt:



"Tidsfordriv til bussen" frå dei herlige jentene på Fossebakkane.

Omtanke, påskjønning. Kanskje ein liten sak i det store biletet, men ein stor sak i mine auger. Slike små uventa gåver gjer at eg kjenner meg verdsatt i stor grad. At eg er viktig for dei, på same måte som dei er veldig viktige for meg. Tenk å ha slik ein svigerfamilie da! Eg gledar meg til å opne den seinare i natt :)

Ellers har eg den siste veka eigentleg tilbrakt dagane ilag med ulike mennesker kvar dag. Menneske som vil ha ein bit av meg før eg reiser, men kanskje aller mest menneske som eg vil sjå og kose meg med før eg reiser. Blir unormalt lenge til neste gong.

Snakkast om nokre dagar, då frå andre sida av kloden!

2 kommentarer:

  1. Nååh <3 Du e veldiveldi viktig for oss Carina!! <3 vi e superheldige som har deg! og d va berre en veldi liten "go tur ting", tørte ikj lage nåke som tok opp plass :P lykke til med den lage reisa! Takk for en finfin sommar og mange fine tura - gler meg t nye Bavianeventyr neste år! Snakkast snart igjen :)(etter litt leiting fann eg bloggen, huskakje heilt ka du sa den hette serru....:P)
    STOR KLÆM t verdens beste Tante Tii <3 frå oss her oppe <3

    SvarSlett
  2. Ha en kjempefin tur, Carina! Må kose deg masse :D Gleda meg til å lese/sjå oppdateringar etterkvart, og ikkje minst til å sjå deg igjen til jul!<3

    SvarSlett