onsdag 5. september 2012

Hello Brisbane!

Då har vi ankomt Brisbane, byen vi skal tilbringe mest tid i denne hausten.
Frå flyet såg vi byen Brisbane, ei svær samling av lys midt i eit stort svart aude. Det var ganske fasinerande å sjå ein ukjend stjernehimmel over store svarte landområder med kun ein bitteliten lysflekk her og der.

Midt på natta ankom vi (eg, Karoline, Anja og Malin) leiligheta vår i 26.etasje her på iStay Riverside (?). Og vi vart ganske overraska over standarden på vår bolig for dei neste fire dagane!

Utsikt frå verandaen:


Den første dagen i Brisbane brukte vi på å sove ganske lenge. Eg sov iallefall heilt til ein australsk mann kom inn på soverommet vårt for å ta mål av døropninga til badet. Nei, vi har ikkje dør frå soverommet og inn til badet. Menmen. Og neida, mannen kom ikkje inn uinvitert – ei anna hadde stått opp og sluppet han inn. Jaja, anyways.



Dagen vart brukt til å kjøpe frukost, vandre litt rundt på Albert Street og Elizabeth Street og skaffe oss australsk sim-kort (og telefon, for dei fleste). Vi traska heim og møtte tidenes lengste heiskø før vi lagde oss middag. Gassovn fungerar dårleg utan røykarar i hus, så vi måtte ta morgondagens pizza-middag i staden. Jaja. I morgon skal vi hugse å kjøpe fyrstikker.


Ellers er her litt over 20*C. På morgonen og kveldane er det deilig med langbukse, men vi gjekk ute og trakka i piratbukse og singlet og syns det var utrulig deilig å sjå sola når vi sat og åt frukostbaguetten vår. Her er nemlig bygningane så høge at mestedelen av gatene ligg i skyggeland.

Og pengane her er berre leikepengar i plast!

Og her blir mørkt før kl.18 om kveldane.

Vi har ikkje internett i leiligheta, så no sit vi på Starbucks og utnyttar våre 30min med gratis wifi, som tilbehør til kaffien.  Men det tok evig lang tid å laste opp bileter, så dåkke får desverre ikkje sjå meir i dag. No blir eg kasta ut av nettet. Speaks!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar