torsdag 20. september 2012

Båttur, bading, avskjedsmiddag og turen heim.


Fredag overga eg meg til australsk kultur og åt frukostblanding (40% sukker) til frukost.
Første oppføring på timeplanen var båttur på Darling River med båten Jandra. Der var det mange australske turistar på 50+, og mange norske studentar på ca 20-25. Mannen fortalde mange historier over høgtalaren, men etter ei veke med høgt tempo trur eg fleire gjorde som meg – lukka att både auga og øyra og sette meg for å nyte sol i andletet og bris i håret. Bortsett frå når eg snakka med ein veldig hyggelig australsk familie da.





Deretter reiste vi for å møte The Flying Doctors. Men desse var diverre ute på oppdrag, så vi fekk verken snakka med dei eller sjå inni flya. Men vi såg to av flya frå utsida da.




Så skulle vi på eigendommen til The Mayor of Bourke. Her skulle vi ha BBQ-(Bombe!)-lunsj, og bade i ein stamp med vatn frå varm kjelde.
Men på vegen måtte vi visst stoppe og sjå på nokre sandtak med gypsun, som eg aldri heilt skjønte kva var, anna enn sand. Og sjå ein flokk med kyr. For slikt har vi ikkje i Noreg! Trur dei.
Eg trur eigentleg borgermesteren berre måtte briefe litt over kor stor eigendom han hadde. Og den var stor, det skal han ha! Tok oss nokre minutt eller ti å køyre gjennom ein liten del av den.


Når vi først kom fram var det utruleg deilig å bade i stampen der det stadig kom nytt vatn fossande ut frå kjelda ca 400m under bakken. Vatn på ca 35*C. Det lukta litt svovel (egg på sitt verste) av vatnet, men ellers var det supert.



Seinare drog vi ned til ein liten creek og drog opp krabbeteiner for å fange yabbies (småkreps). Det vart forresten grilla yabbies på lunsjen også. Eg berre gløymde å smake dei.
Marte holdt ein av krepsane, og skulle gje den vidare til ei anna som ville halde. Dette var enklare sagt enn gjort sidan dei ikkje heilt visste korleis dei skulle overføre den utan å bli bitt, og stod og famla ei god stund. Problemløysar Karoline tok difor tak i krepsen og sa «det er no berre å holde slik som dette her». Så Marte slapp taket i krepsen, uvitande om at Karoline skulle til å flippe heilt ut. «Tenk at eg helde ein sann er da!» smilte Karoline før ho eit halvt sekund etterpå hylte «Uæææ! Ditta tør ikkje eg!!!» medan ho sprella med armar og bein.
Eg klarer ikkje helt å gjenskape situasjonen, men eg (alle) måtte nesten ned i sittande på grunn av latterkampa. For ei dame! Litt seint å innsjå at ein ikkje tør halde ein kreps når ein allereie har den mellom fingrane??




Etter ein lang busstur med fin musikk på øret og eit plutselig intenst sakn etter Tor, var vi tilbake i Bourke. Eg gjekk på butikken og kjøpte presang til vertsfamiien før eg tusla heim. Der møtte eg tomt hus, bortsett frå Sally som låg og sov vekk ein forkjølelse. Det var to timar til avskjedsmiddagen, og eg hadde eigentleg veldig lyst til å vekke ho for å spør om kengurubesøk. Men Maria var ikkje komt heim enda, så eg avventa situasjonen.
Ein time før middagen våkna ho og spurte om vi ville besøke kenguruen og eg gliste eit JA, men sa at Maria ikkje var komt tilbake. Det tok ho visst som eit nei, og gjekk dermed å la seg igjen. Eg var rask å ringe Maria for å høyre om ho snart kom heim så vi kunne besøke kenguruen, men ho skulle visst ikkje heim før avskjedsmiddagen. Eg hadde veldig lyst å høre om eg fekk besøke den aleine. Men sidan Sally hadde sovna igjen, det var under ein time til vi skulle vere på middagen, og sidan Sally først måtte ringe han og høyre om det passa, så vart det ikkje noko av. Så bitter som det overhodet går an å vere (!!) sette eg meg då og lese medan eg venta på at John skulle komme heim og plukke oss opp.

15min etter skjema (tidsnuk i følge australsk-tid) reiste vi på avskjedmiddagen. Alle 20 studentane, vertsfamiliar og andre som har vore med på å organisere veka møttest for eit festmåltid med fri bar (inntil ein viss sum – denne middagen, som alt anna, var nemlig forhåndsbetalt av oss studentane. Skulepengar ja.). Sidan baren stengde tidlig vart det ikkje seine kvelden ute, men eg reiste tilbake ilag med vertsfamilien for meir te og tv.



Laurdag var det klart for avreise, etter ein frukost med toast, eggerøre, bacon og ferskpressa appelsinjuice. Etter adjø og vel plassert på bussen oppdaga vi at vi mangla 2stk. Og vi måtte berre vente 40min før dei kom. Enda eit fellesbilde blei tatt før bussing til Brewarrina. Her såg vi ufrivillig på gudsteneste som føregikk på ein grasplen, og nokre fish traps som aboriginane laga for lenge sidan.




Lunsjstopp i Collarenebri. Pizzatid!


Vel framme i Moree sjekka vi inn på Phoenix & Dragon Motel. Anja og Malin fråtsa i gratis internett, medan eg låg der og skulte på mobilane mine. Seinare på kvelden spaserte vi ein tur og handla inn til neste dag, medan eg gjekk og prata tomt kontantkortet mitt når eg endeleg igjen fekk høyre stemma til Tor. Når eg fylte på med 19$ fekk eg derimot 230$ i bonuskreditt, og kunne nesten ikkje tru mine eige øyrer og auger! Kjekt med billig sms!


Søndag kl.16 var vi framme ved Kangaroo Point i Brisbane, klar for å vere her i 5 veker!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar