tirsdag 25. september 2012

Hald ut!

Etter 3 veker i dette vakre landet var det endelig klart for solingsdag nr.2 og 3. Helga kom, med delvis sol og fritid, og vi kosa oss på den falske stranda og heime med heimelaga pizza og moussaka. Deilig.
Eg og Karoline er forresten blit utnevnt til leiligheitas mor og far. Vi styrer kjøkkenet, ryddar og passar på.


Mandag var det tid for skule igjen, og under forelesninga kom toreveret og regnet. Det var visst meldt fleire stormar, med hagl så store som snøballar, men dei gjekk heldigvis litt utafor Brisbane så vi fekk ikkje verste medfarta.

Det er derimot fare for fleire stormar og torebyger utover i veka, og delvis overskya kvar dag, så denne veka blir nytta best mogleg på biblioteket. Vi er jo studentar også.

Ellers har eg og Karoline reist til eit rart strøk av utkant-Brisbane for å finne Consulate of India, berre for å få beskjed om at dei ikkje kan hjelpe oss. Og eg har fleire gongar holdt på å kaste pc-en i veggen på grunn av søknadsskjemaet deira online. Å søke visum til India er visst ikkje berre berre! Men heldigvis slepp vi truleg å sende passet heim til Noreg, og heller søke her i Australia.


Også lagde vi meir muffins, til enda eit bursdagsbarn. Malin!

Og akkurat no sit eg på forelsning. (Difor har eg begrensa med bilete). Skal ikkje blogge då, eg veit. Men forelesaren har så tjukk vietnamesisk aksent at eg knapt skjønnar kva han seier. Og temaet er vietnamesisk økonomi, så truleg hadde eg ikkje skjønt bæret hadde han snakka reint engelsk heller. Grafar og uttallige uforståelige forkortingar. Menmen. Eg får lese meg opp på eiga hand seinare.

Det er berre å halde ut denne veka, med visumsøking og oppgåveskriving. For til helga reiser vi til Sydney!! Det blir knall!


2 kommentarer:

  1. hei frøken!
    verkar som det går bra med deg!?! ang blogging i skuletida - det er fult lovleg!!!!

    vi sakna deg i selskap sist helg. var som vanleg full fest, men trist at du mangla!!

    SvarSlett
  2. Hei!
    Kjekt å sjå at du følger med :)
    Ja, eg har det veldig fint her nede. Einaste "problemet" er at dagane går alt for fort! ;) Vanskelig å rekke over alt skulearbeidet samtidig med alt anna eg har lyst å oppleve ;)
    Blogging i skuletida er lovlig fordi.. då får du/dåkke lesestoff? =p

    Ja, skulle gjerne vore med i selskap! Kjedelig å gå glipp av det.. (Gjekk faktisk glipp av Mathilde sin 1-års-feiring og!) Men eg lovar å komme sterkare tilbake neste år! ;)

    SvarSlett