onsdag 19. september 2012

Back O'Bourke: Mt Gundabooka og Redbank

Når noko er langt vekkistan her i Australia, så seier dei at det er Back O'Bourke.
Det seier litt om kor øde det er når du reiser enda lenger inn i lander enn Bourke. Og dermed også kor øde Bourke er. Sjøv om vi i følge kartet berre såvidt har bevegd oss innover .

Onsdag var det tid for å reise ut i bushen. Før avreise måtte vi vente ei stund på ei som måtte til legen og ein ny mikrofon til bussen, men den normale halvtimen etter skjema var vi på veg. Vegen gjekk til Mt Gundabooka! Og endeleg fekk vi kjøre på dei humpete og raude jordvegane!



På vegen såg vi som vanleg emuar og kenguruar.


Så var tida inne for ein liten fjellvandring. Altså innover, og ikkje oppover, for å sjå nokre hulemaleri som er ca 17.000 år gamle. Denne dagen måtte vi gå med høge sokkar, tette sko og langbukse, for her var det mange farlige slangar i området! Slik at dersom vi blei bitt, kom berre 70% og ikkje 100 % av gifta inn blodet vår. Vi fekk også høyre at sidan det no er vår i Australia er slangane nettopp komt ut frå bola sine, og er skrubbsvoltne. Hyggelig.
Vi fekk to beskjedar før vi starta å gå. 1: Dersom du møter på ein slange; stå heilt i ro og back off. Kanskje litt vanskelig på ein og samme gong men.
Og nr.2: Dersom du blir bitt, husk fargen på slangen!! Då kan du få riktig behandling på sjukehus slik at resten av livet består av meir enn 2 dagar.
Vi var ein flokk med høg puls og nervane i høgspenn som valsa på linje i råsa innover, som ei fin linje med ender.






Blomsten på første bildet er forresten ein vi drakk/saug nektaren ut av.

Til vanleg på fjell/skogstur ville eg ha sprunget opp på ulike steinar, bort til ulike tre og utforska området rundt omkring. Men med høgt gras og skilt om slangar overalt fulgde eg pliktoppfølgande råsa heile vegen. Men når guiden vår som førøvrig var aboriginer og 140cm høg sa at «denne steinen kan du spring opp på. Den brukte eg å klarte opp før når eg var lita» gjekk det ikkje mange sekunda før eg var på veg.


På eit punkt av vegen stoppa ho plutseleg opp.
Der var det nemlig eit slangebol, og ho hadde aldri gått forbi der utan å sjå ein slange. Så ho skulle stå der med våpenet sitt og passe på medan vi gjekk forbi. Men vi måtte gå fort og ikkje stoppe opp!
Du kunne nuk sjå skrekken i auga på samtlige av oss. Malin beskreiv det så godt på sin blogg som ein flokk med strutsar som må krysse ei elv full av krokodiller. Ingen vil vere den første, men etter nokre minutt med stillstand og oppmanning hoppar flokken ut i elva med panikk i auga og håp om å ikkje bli dagens offer.
Heldigvis kom samtlige seg forbi utan å sjå noko til slangen. Vi såg faktisk ikkje slange på heile turen!
Men vi traff på eit villsvin. Det stod å lata som at det ikkje var der. Så då gjekk vi rolig og fint forbi og lata som at vi heller ikkje var der. Også traff vi på en emu som var ute på tur med emubarnet sitt.


Vel tilbake åt vi lunsj som dei enkelte vertsfamiliane hadde pakka. Og det var noko å skryte av for min del! Namnam. Til dessert prøvde eg nokre peanøtter dekt med wasabi som eg hadde kjøpt. Eg har smakt wasabi før og visste at det var sterkt, men dette var heilt grusomt! Første sekundet var det så intenst at tunga nesten datt ut. Også vart det heilt smaklaust. Eg gikk difor å delte ut nøtter til alle og einkvar som ville ha (eg informerte sjølvsagt om kva som var greia) og hadde god underhaldning med å sjå reaksjonane. Skikkelig ekle nøtter, men trur jammen dei vart verd pengane likevel.
Eg fekk også smake ei type nøtt som eg ikkje hugsar namnet på, men som guiden vår plukka frå eit tre og måtte knekke med stein og våpenstokken sin.

På bussen på veg til campinglokalet møtte vi på tre kenguruar som låg og kvilte i skyggen, og eg fekk nokre blinkskudd av dei. Jippi!


På campingen reiste fleire for å bade i elva. Eg hadde meir enn nuk med å holde dei 5693 flugene og dei 3260 myggane unna meg når eg var fullt påkledd, så eg valde å sjå på.
Vi skulle eigentleg ned til elva å ta bilete av solnedgangen. Dette kom vi på litt for seint.. Det har seg nemlig slik at her i Australia er det dagslys kl.17:30. Det er skumring kl.17:50 og kl.18:15 er det bekmørkt ute. Her går det fort i svingane!
Seinare på kvelden grilla vi, drakk vin, satt ute og såg på den nydelige stjernehimmelen, spelte kort og koste oss alle ilag. 20 norske studentar og 1 hyggelig australsk fotografilærar. Forlatt ute i bushen. Med nettinggjerde rundt campen for å halde ville dyr unna.

Under middagen skulle læraren Earle inn og hente noko på kjøkkenet, då han plutselig ropar «SNAKE!». Eit beist på over ein meter låg samankveila rett utafor inngangsdøra vår. Ein Brown Snake sådan. Ein av dei mest giftigaste i verda. Samankveila – den mest aggressive tilstandsforma. Og teite og nysgjerrige som vi er tok vi sjølvsagt kamera i handa og gikk bort for å sjå. Men slangen gøymde seg før vi kom så langt, så vi såg berre den ekle haletuppen/hovudet/ein ende stikke opp atmed veggen. Dørene til «huset» som tidligare hadde stått endel ope vart deretter klist fast til dørkarmen. Berre såvidt ein turde å gå inn og ut. Ingen slange skulle komme inn og krype ned i soveposane våras! Einaste vi såg inne var heldigvis gekkoar og ein del froskar utover natta.
Grunnen til at eg skriv «huset» med hermeteikn er at 3 av veggane bestod av myggnetting.








Neste morgon rydda vi ihop campen, somme meir enn andre, klødde oss litt på dei titalls myggstikka vi alle hadde fått, tok eit gruppebilde og reiste av garde igjen.




Denne dagen (torsdag) besøkte vi ein sauefarm og såg saueklipping, øyremerking, kastrering, ormekurering osv. For slikt har vi ikkje i Noreg! Trur Australierne. Dette var vel omlag einaste dagen i veka eg (alle) var umotiverte og ikkje særleg interesserte. Men vi fekk kose med eit flaskelam da.




Ja, eg held lammet heilt feil. 
Heile situasjonen var berre så stressande pga eine fotografen som stod å stressa, ropte og skreik.

Denne dagen skya det over, og på veg heim på ettermiddagen var det faktisk nokre dropar regn som traff frontruta på bussen. Vi var glade for at det ikkje vart meir enn nokre dropar, men innbyggarane i Bourke som ikkje hadde sett regn på over 3mnd skulle nuk gjerne ønske det kom litt meir gull frå himmelen.

Når vi kom heim visste vi at det var dagen for å besøke naboen med kenguruen! Etter ein etterlengta dusj gjekk vi bort på sjukehuset for å møte ambulansemannen som skulle ta oss med heim og vise oss kenguruen. Beskjeden vi fikk var derimot skuffande. Han var ute på oppdrag pga bilulykke, så kunne desverre ikkje møte oss. Sally skulle høyre seinare når han kom tilbake, men uheldigvis var det enda fleire ulykker denne kvelden, så han var opptatt. Ei svært skuffa Carina tok dermed enda ein roleg kveld med god middag, dessert, te og film. Men eg hadde eit håp om å kanskje få sjå kenguruen neste dag. Det gjekk nemlig rykter om at vi skulle vere tidleg ferdig på skulen fredagen.

Her er bilete av meg og Maria, saman med John og Sally som vi budde hos.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar