mandag 15. oktober 2012

Surfers Paradise og Byron Bay.

Tenk å bu i ein by som heiter Paradise da? Eller som blir kalla Surfers? Det er eigentleg litt kult navn på ein by, vil eg seie. Men det var altså der, Surfers Paradise, vi endte opp etter ein togtur og ein busstur laurdags morgon.

Etter min blackout fredags kveld og alt for lite søvn natt til laurdag var det en sliten Carina som satte seg på Quiet Coupe på toget med musikk i øret. Desverre hadde ikkje personane bak meg lest skiltet, så vart ikkje like avslappande som først antatt.

Vel framme i Surfers fann vi stranda omlag med ein gong. Og det var akkurat passelig temperatur, slik at ein kunne ligge i sola i timesvis utan å svette. Eg fraus faktisk litt innimellom, men resten av gruppa konkluderte med at eg ikkje var heilt frisk. Etter ein liten dukkert i det supersalte vatnet var det derimot fleire med gåsehud.

Og på fredag kunne eg sagt "uansett kor trøtt eg er, og kor store planar eg har om å sove på stranda, så klarar eg det ikkje!", men no kan eg ikkje seie det lenger. For på laurdag sovna eg på stranda anten eg ville det eller ikkje. Og det var eigentleg ganske deilig. Men trur kanskje eg må inrømme at eg ikkje var heilt i strøk.


Etter ein liten shoppingrunde i Surfers satte vi oss på bussen vidare til Byron Bay. Vel framme fekk vi eit innblikk i kva slags by Byron er. Sagt med to ord: Backpackerens himmel! Her er gatene fulle av reklame for dykking, snorkling, fallskjermhopp, hanggliding, surfing, utflukter og alt anna moro! Og butikkane er Quicksilver, Volcom og andre surfemerker. I gatene ser du Wolkswagen-bilar med surfebrett, og du føler nesten at du er med i ein film.
Livsstilen her er utruleg avslappa. Så avslappa at eg fekk utruleg mange rare blikk idet eg småjogga til butikken for å kjøpe chips, rett før bussen gekk heim søndag. Det er ingen som stressar her i by'n!

No blir det ikkje fleire dyre julegåver, folkens. Resten blir fake eller ordinært billigare varer frå rundtom i Asia.

Søndags morgon var det tidleg opp og av garde til dykkersenteret. Der fyllte vi ut nokre skjema, såg ein intro-film om dykking og svarte på nokre test-spørsmål før vi testa ut alt dykkerutstyret og ulike teknikkar i bassenget. Det var uvant å berre puste gjennom munnen, men syns eg klarte meg ganske så bra. Kort tid etterpå lasta vi opp båten og kjørte jeepen ned til stranda.


Ute i vatnet skubba vi alle båten utover, før vi hoppa ombord og satte oss på kanten. Vi måtte halde oss godt fast i taua, og idet båten suste utover havet i full fart og hoppa på bølgene kjente eg at eg virkelig elska livet mitt! Storkoste meg!

Nedlesst med dykkerutstyr var det å slenge seg bak i vatnet og starte dykket. Karoline stakkar ville ikkje under overflata og fann ut at ho heller ville snorkle med Lene. Eg og Marte derimot forsvann lenger og lenger ned under overflata. Etter å ha fokuserte på å følge etter dykkerinstruktøren ei stund, fann eg plutselig på å sjå under meg. Og der var det jammen korallar, berre 20cm under meg jo! Hehe. Jaja. Etter kvart fekk vi sjå eit par store havskilpadder som låg og sov, mange små fargerike fisk og skjell, nokre store fiskar og ein svær fisk som eg seinare fekk vete var ein type hai.
Vi såg derimot ingen Grey Nurse Shark, som eg egentlig hadde litt lyst å møte på. Og eg var egentlig litt skuffa over kor grumsete vatnet var. Men det var kjekt likevel. No har eg prøvd dykking og! Så må eg berre finne ut om eg kanskje vil ta dykkerlappen i Koh Tao. Trur der er enda finare å dykke også.

Eg hadde selfølgelig ikkje med kamera ut på båten eller i vatnet, men vi såg ca slik ut:


Og vi såg blant anna desse skapningane her:

Wobbegong Shark.

Men denne såg vi diverre ikkje..

Etter dykkinga var ikkje vinden heilt sterk nok til hanggliding, så vi gjekk litt rundtom i sentrum og åt mat i parken før eg fikk telefon om at han kunne komme å hente meg. Vinden var fortsatt ikkje ypperlig, men innen vi hadde rigga opp hangglideren var vinden heilt perfekt.
Han sa at det var den beste flyturen han har hatt på vekesvis. Vinden var så god at vi kunne fly rundt klippene, og utover havet. Vi kom oss heilt opp til 300m, og kanskje høgare. Fantastisk utsikt. Vi såg til og med mange kvalar som svømte, og spruta opp vatn!
Eg fekk også prøve å styre glideren, og det var ikkje så vanskelig. Såklart ikkje så lett å lese vinden og kor ein kan fly, men skjølve svinginga og det å styre den opp og ned var ganske lett.


Einaste problemet var at eg vart ganske sjøsjuk. Og eg følte meg utruleg dum som ikkje hadde tenkt tanken på at dette kom til å bli ein "karuselltur". Kanskje eg burde tatt ein reisesjuketablett. Eller kanskje eg burde latt vere å ete muffins og sjokoladekjeks rett før avsats. Eg blei faktisk så dårlig at eg holdt på å kaste opp, men klarte hedigvis å holde meg sidan vi flaug over mange mennesker.


Vel nede igjen vandra vi litt meir i byen før vi tok fatt på den lange reisa heim. Buss, buss og tog. 4t tok det. Bah. Fordi ekspressbussen som brukar 2t var utsolgt. Tilbake i Brisbane er det no berre 5 dagar til vi reiser til Vietnam, og eg har ca 4.000 ord å skrive før den tid! Samt at vi må bestille hotell for asiareisa og kanskje resten av flya også snart? Like greitt at det er skyar på himmelen om dagane.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar