søndag 7. oktober 2012

Studentliv og fest

No har vi vore så lenge her nede at kvardagen er blitt rutine og eg ikkje har så mykje å meddele frå siste veka. Trudde eg vertfall, før eg byrja å tenke meg om.

Tirsdag møtte vi opp på skulen kl.10 berre for å sitte å vente på ein sjuk lærar fram til neste forelesning kl.14. God stemning. Tilfeldig at det var i dette tidsrommet album og blogginnlegg frå Sydney vart publisert?

Og etter forelesninga hjalp vi til med å henge opp ei fotoutstilling. Fotolærarane som var med oss til Bourke hadde booka utstillingslokale eit år i forvegen, men fekk berre brukt halve lokalet. Då lagde vi studentane ei utstilling og! Vi sendte inn 10 bileter kvar, så valde dei ut 2 stk. Utstilling av korleis vi såg Bourke og Australia.



Onsdag var vi tidlig ferdig på skulen, og til trass for sol og fint vêr satt eg inne nesten heile dagen og skreiv uhyre mykje på minor assignment. Eg var faktisk så flink at eg på kvelden reiste på kino med god samvittighet. Vi såg førperiera på Taken 2, eg eg vil virkelig anbefale filmen. Når den var slutt føltes det ut som eg hadde sittet i kinosalen i under ein time, men det hadde eg då ikkje. Positivt overraska! Men så hadde eg ikkje så høge forventningar heller.



Torsdag var det studiedag, og eg var atter ein gong superflink student. Eg tok meg 8min pause ute i sola medan eg fordøyde ein kopp med sjokoladeis, ellers satt eg inne med nasa i bøkene og foran pc'en. Belønning: vesle oppgåva er nesten ferdig! Men himmel og hav så mykje tid desse oppgåvene tek!

Kvelden med fotoutstillinga kom, og vi stod der og såg på kjende bileter, åt div kjeks med div ost og div pølser, drakk vin eller øl og prata ilag.


Etter talen var vi derimot raske av garde. Vi hadde nemlig ein date! Annakvar torsdag arrangerar ANSA norsk quiz på puben Pig N'Whistle, og mange studentar møter opp.
Vi drakk ulike cocktails og kosa oss. Og quizmessig låg vi svært godt an før vi virkelig tapte ansikt i kategorien "sport". Kjekk kveld.


Morgonen etter møtte vi opp på skulen kl.10, for å finne ut at forelesninga ikkje var før kl.12. Og vi var faktisk ikkje dei einaste! Vi tok oss difor ein tur inn til postkontoret i sentrum og fekk bekrefta at formua ikkje er stor nok til å sende overflødig-bagasje-pakke heim frå Brisbane, og ein tur på internett for å finne ut at Hong Kong kanskje er ein ok plass å sende heimover eit lass.

Fredag ein liten time etter skulen, samt nokre timar laurdag og søndag låg eg ved bassenget utanfor leiligheta og kosa meg, delvvis med pensumbøker som ikkje akkurat er utslitne. Endeleg er den skikkelige varmen begynt å komme! I helga bikka temperaturen 30*C i skyggen. Og vi nordmenn elskar det!



Og laurdags kveld samla vi oss ein god gjeng frå klassa og tok oss ein real fest!
Vi satt ute ved grillområdet og kosa oss heilt til vi blei jaga vekk av resepsjonisten, og fann mange bra klubbar i sentrum. Eg trur faktisk ikkje eg overdiver når eg seier at eg dansa i 3-4t med total pausetid på max 15min. Skjønnar ikkje heilt kvar eg fekk energien ifrå, men slik går det visst når ein har vore ein månad i Australia utan aktivitetsnivå over spaser-stadiet. Eg var heilt gjennomsvett, og fekk fleire gongar spørsmål om kva stoff eg gjekk på, som hadde energien på max i timesvis. Eg syns berre det var utruleg kjekt å danse skikkelig igjen eg. Superkjekke kveld!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar