søndag 21. oktober 2012

Mumie og sjokolade

Akkurat no sit eg på eit random rom på skulen. Samme rommet som eg har sittet i dei siste 9 timane, og skal sitte i i 2 timar til før eg ringer ein taxi.
Vel, no lyg eg litt. Eg stakk av ein liten tur ista og kjøpte meg nachos og is.

Grunnen til at eg sitt her, er at vi flytta ut av leiligheta vår i dag tidleg. I kveld/natt skal vi nemleg fly til Vietnam!
Og datoen i dag er 21.okt, så eg har brukt timane på siste krampetrekningane angåande oppgåva. I skrivande stund har eg 3660 ord, så snart har eg bikka minstekravet til 1th draft.
Om eg ikkje blir ferdig i kveld får eg sikkert ikkje sove på flya i natt uansett, så kan skrive litt då.Vi er lovd superbra og gratis internett på hotellet, så burde gå greit å sende oppgåva i morgon tidleg.

Ellers sidan sist? Tja.

Fredag tok eg med meg eine pensumboka mi og la meg ut i sola i 45min. Det var eit kjærkomment og alt for kort gjensyn. Etter 7 veker i Australia er eg ikkje brunare enn eg pleiar å bli etter 4 dagar i syden. Men så har eg alltid vald vekk soling når det kjem til sykket også da. Brunfargen får eg ikkje ta med meg heim uansett, men minnene etter opplevingar får eg behalde.

Difor drog vi på Queensland Museum på fredag! Der hadde dei nemlig utstilling frå British Museum, "Mummy" !
Det var ikkje lov å ta bilder der. Men det var eigentleg ikkje så viktig, for eg gjekk rundt å bar på eit speglreflekskamera utan minnebrikke i.
Uansett - eg syns det var tøft! Eg har aldri før vore så nær ein ekte mumie før, og steinar, hieroglyfar, minikrukker ++ som faktisk var ekte, og fleire tusen år gamle. Eg lærte riktignuk ikkje særlig mykje nytt, sidan eg var uhyre interessert i mumiar i min barndom. Men no har eg sett det på ekte, og ikkje berre kopiar og bileter av det.
Men altså, eg skal til Egypt og sjå pyramidene, sfinksen og museum fordiom!

 
Vi såg også ein del andre utstillingar, men mine kompangjongar var tydeligvis ikkje like interesserte som meg, så vi brukte ikkje alt for lang tid. Men der var utstilling frå ein kjend kjoledesigner, frå Aboriginera, alle slags dyr, typisk Australia og tjah, diverse.

Etter museumet gjekk vi på Max Brenner Chocolate Restaurant. Endelig.
Sjokoladesuffleen var enda betre enn forventa, og nydelig med litt jordbær attåt. Namnam.
Den er faktisk mykje betre enn den ser ut som.



På veg heim gjekk vi gjennom ein marknad og brukte litt pengar. Marknaden her er omlag som i middelhavet, men god stemning. Det som skiller seg ut er prisane, her er kjempedyrt! Australia er kjempedyrt, det har eg sikkert sagt før.. Dårlig timing at kursen til AUD skal vere så høg akkurat no. Hadde vi reist for eit par år sidan hadde dollaren vore svakare, og skulepengane 10.000kr billigare pga valutakursen. Menmen.

Laurdag var dagens høgdepunkt ein lang skype-samtale som eigentleg berre gjorde saknet enda større, før vi pakka saman livet våra og tvangssov nokre timar om natta. No er perioden med klesskap over. Frå no av blir det å bu i koffert og sekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar