fredag 19. oktober 2012

Bygge opp Vietnammage.

Dagens kick ass frukost:


Litt stor porsjon for å vere meg, som asolutt ikkje er eit frokostmenneske? Japp. Men det er fleire årsakar til at frukosten er stor.
1: Det er eit av fleire tapre forsøk på å ete opp all maten eg har, før avreise Vietnam på søndag.
2: Stor frukost tek lenger tid, altså kan eg utsette oppgåveskrivinga liiitt lenger.
3: Eg må feite meg opp til vi reiser til Vietnam. Kven veit kva forhold vi møter der.

Du ser kanskje at Idoform er ein del av frukosten min? No er det berre tre dagar til Vietnam, og då er det best å begynne å bygge opp magens toleranse!
Etter fleire forelesingar om Vietnam har eg forstått det slik at maten består av
- Fisk
- Nudlar
- Sjømat
- Fisk
- Ris
- Vårrullar
- Fisk
- Nudlar
- Sjømat
Og alt er toppa med ulike tyar fiskesaus. ALT! Fiskesaus! Usj......
Eg har store planar om å memorere setninga "Ingen fiskesaus, takk" på Vietnamesisk. Men utifrå kunnskapane eg sit igjen med etter forelesninga med vietnamesiske gloser er eg ikkje sikker på om det er noko poeng i å prøve.

Ellers har vi fått vite at
- Du må aldri aldri aldri finne på å drikke vatnet frå springen! Ikkje puss tenna i det ein gong, og pass deg når du dusjar. (Var vertfall nesten det ho sa)
- Ikkje et noko frukt/grønt du ikkje kan skrelle! Aldri!
- Ikkje kjøp noko som helst på små gatekjøkken/restaurantar/butikkar. Du veit aldri kva du får.
- Alt du et må anten vere kokt eller steikt uhyre godt. Så godt at du nesten ikkje klarar å identifisere kva du eigentleg et?
- Brøda er gode, inspirert av franskmenna (Vietnam var fransk koloni ganske lenge)

Også fikk vi ei liste med ca 10 "trygge" restaurantar rundtom i Hanoi, med tips om kva vi kunne ete.

Anten blir dei 12 daga i Vietnam ein fin slankekur, sidan eg ikkje kjem til å ete særlig mykje. Eller så kjem eg til å bli kjempefeit fordi alt eg et er vårrullar og ris, og loffbaguettar. Og sjokolade, kanskje den er trygg og god.

Nei, den Vietnamesiske dragen ventar på meg!
Jada, eg veit eg syt om oppgåva i kvart innlegg. Men det er fordi eg har vore supersmart. Første utkast skal leverast 21.november. Men då har eg planar om å nyte livet i Japan, så eg har sagt ifrå til min oppgåveveiledar at eg vil levere oppgåva 21.oktober i staden! Det er eigentleg kjempesmart i og med at eg vil ha ei nesten fullført oppgåve ved avreise Kina 7.nov. Sjølv om eg ikkje har vore like einig med meg sjølv denne veka her, sidan kravet til 1.utkastet er minimun 4.000 ord. Men eg har bikka 2.000 ord da, så er berre å henge i! Eg kjem til å vere superfornøgd når eg kjem til Vietnam og har komt halvvegs på oppgåva, medan mange andre knapt har skrive overskrifta.

I dag våkna eg forresten av ei kråke som prøvde å hakke og skrike seg inn gjennom soveromsviduet vårt. Kråkene her er forresten 4x så store som i Noreg, true story. Når eg gjekk for å jage den vekk oppdaga eg at det ikkje var meg, men denne stakkars krabaten her kråka terroriserte.


Ein skapning som var litt søt heilt til den snudde seg og blottla den superlange rottehalen på vertfall 40cm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar