Vel. Innlegget var eigentleg Karoline sin idé. For mange veker sidan. Og det har fått meg til å tenke over småting som er litt "spesielt" her i Australia. Usikker på om ho har laga eit innlegg enda eller samlar opp? Men her er iallefall nokre av mine bidrag.
Du veit du er i Australia når:
* Du ikkje har komt halvvegs over vegen før grøn mann blir til raud blinkemann. Svært stressande dei første dagane!
* Det er eigne avfallsbøtter på offentlige toalett til sprøytespissar. Ingen blå lys her nei.
* Dei fleste hus utafor byane står på pålar.
* Det er solskinn kl.17:30 og bekmørkt 18:30.
* Når alle butikkansatte, og folk generelt seier "Hi. How are you today?" og du blir like satt ut kvar gong, og ikkje veit kva som er høflig å svare, og kleint svarar "I'm fine, thanks", medan du lurer på om det vanleg folkeskikk å spørkje tilbake, eller om det vil medføre rare blikk.
* Når du blir kalt "mate" fleire gongar for dag. "G'day mate" og "sorry mate" er standard.
* Når setninga "No worries, mate" kan bety 14 ulike ting.
* Når alle (pocket)bøker er dobbelt så store som i Europa, sjølv om det er same bøkene.
* Når det ikkje finnast noko form for rått kjøt i frysedisken.
* Når svinekjøt knapt er å oppdrive, medan lam og kenguru tek opp hylleplassen i butikkane.
* Når det finnast 45 ulike typar sennep i butikkhyllene.
* Når du får chips, popcorn, og alt du kan tenke deg i 14 ulike kylling-smakar.
* Når majoriteten av skinkene er "honey baked" og alt anna er å oppdrive med honningsmak. Kylling og honning er stort her nede! Og lam. Storfeburger er snodig, lammeburger er greia.
*Når einaste solfaktoren ein klarar å oppdrive er 30+.
* Når vatnet frå springen smakar/luktar svømmebasseng, og vatnet i butikken er like dyrt som i Noreg. Forøvrig er omlag alt like dyt som i Noreg. Iallefall mat, kroppspleie og ting ein treng i kvardagen.
* Når majoriteten av menneska du ser i løpet av dagen ser asistiske ut.
* Når du nesten trakkar på ei øgle på veg til skulen, kvar dag.
Ok. Det vart mykje mat. Sikkert fordi eg nettopp var på butikken..
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar