tirsdag 2. oktober 2012

Sydney!

Dronninga av England hadde bursdag igår (mandag), det betyr skulefri og haustens einaste langhelg - og dermed ut på tur!

Fredag etter forelesning tok vi tog til flyplassen og fly til Sydney. Vi reiste med kun handbagasje, og pakka dermed så lite og smart som mogeleg. Litt irriterande når vi fann ut at vi kunne hatt med både vannflaske, shampoo, solkrem, hårspray osv. Max 100ml per beholder og max 1000ml totalt har ingen hørt om her til lands, visstnuk. Ikkje må du ta det flytande eller kamera ut av sekken gjennom sikkerhetskontrollen heller. Berre du ikkje har våpen eller skarpe gjenstandar bryr dei seg ikkje.
Vi hadde med oss ca 5kg bagasje kvar, og klarte oss veldig fint med (og var ganske stolte over) det.


Fredags kveld regna det i Sydney, så vi traska berre litt rundt i byen, åt litt mat og bestemte oss for å gå på kino. Eg ville sjå 3D Bait, Karoline ville sjå The Expendabels 2 og Lene var rådvill. Vi såg difor The Watch, som faktisk var ganske morosam til tross for (i mine auge teite) overnaturlege skapningar.
Karoline surmulte derimot litt før filmen fordi popkornet ho kjøpte var søtt og karamellisert, og ikkje salt.



Laurdagen gjekk vi rundtom i byen nokre timar med ein guide.


 Før vi tok mange bileter av oss sjølve rundtomkring med utsikt til Harbour Bridge og Sydney Opera House. 


På kvelden gjekk vi på Hard Rock Café, der vi åt ein god middag og drakk god drink som var dyrane enn middagen.


Deretter gjekk Lene heim medan eg og Karoline skulle opp i Sydney Tower Eye. Det vart desverre bomtur, sidan vi var for seint ute. Også vi som hadde pynta oss i kjole og gjekk rundt og fraus rompa av oss, berre for å sleppe inn på SkyBaren der. Jaja.

Søndag var det tid for Palm Beach. Ikkje hørt om den? Vel, kanskje du har hørt om Summer Bay? Det er det falske navnet brukt i serien Home&Away, som blir spelt inn på Palm Beach.
(Ja, eg/vi ville heller ta buss i 90min til Palm Beach enn 20min til Bondi Beach eller 45min til Manly).

Vi var skikkelig heldige med været, då dette var einaste dagen vår i Sydney med knallblå skyfri himmel. Deilig! Etter litt fotografering la vi oss difor strak ut og sola oss ein time eller tre før vinden kom og fraus på oss kle og fraus oss heilt tilbake til bussen.


Men før heimreisa måtte vi bade! Og eg skal love deg det var kaldt! Men så glad som eg er i saltvatn, bølger og strandlivet måtte eg hive meg uti.
Eg var derimot raskt oppe på land igjen etter at eg såg ei svær finne ca 20m ifrå meg!
Nokre minutt seinare såg eg derimot to finner og meir av dyra som svømte side om side langs stranda, og konkluderte med at det var delfinar og ikkje hai som var på besøk.


På kvelden, vel tilbake i Sydney gjorde eg og Karoline eit nytt forsøk på Sydney Tower, og gjekk også bort til operahuset for å knipse litt. Også denne kvelden var det grisekaldt ute, og berre tanken på kaffe mocha frå starbucks holdt beina mine i taktgang på veg heim. Diverre var alt utanom 7eleven stengt, og dei hadde ikkje noko godt å tilby.



Mandag oppgraderte vi vår toast-og-frokostbalnding australske frokost. Eg oppgraderte til ein herleg fruktsalat med tre typar melon, jordbær og ananas, med yoghurt. Og dei to andre oppgraderte til egg, bacon, pølse osv. Vi var alle svært fornøgde med valget.

Deretter satt vi litt i parken, gjekk litt i butikkar, åt litt mat og sosa rundt før vi reiste tilbake til flyplassen og Brisbane. Desverre var eg ikkje heilt i shoppinghumør denne dagen, og det å bære rundt på "tung" sekk i fleire timar gav meg usannsynlige smerter i korsrygg, skulder/nakke og dermed også hovudet. Eg fekk iallefall bekrefta at eg skal reise med koffert og ikkje sekk rundtom i nov/des!

Mykje bileter frå operahuset og Harbour Bridge etter denne helga. Men er ein turistar, så er ein turistar!

No er vi tilbake på skulebenken. Men forelesaren vår kl.10 møtte aldri opp, så vi sitt her berre og ventar til neste forelesning kl.14 skal byrja.



2 kommentarer:

  1. FINE CARINA!! <3
    Kjekke innlegg, kjekt å sjå/lese!!

    Men sei meg, e kengurupølse/kengurukjøt godt??

    SvarSlett
  2. Kjekt å høyre at blogginga mi ikkje er heilt vekkasta =D

    Kengurupølse?
    Altså, eg hadde aldri funnet på å ete det hadde eg ikkje fått det servert. Og eg kjem aldri til å ete det igjen med mindre eg får det servert og lar høfligheten overtale smaksløkane.
    Pølsa smakte heilt ok egentlig. Mykje krydder. Og kor godt er då kjøttet når ein må krydre det såpass, tenke eg?
    Men egentlig var det faktumet å ete kenguru eg ikkje likte. Er meir kosedyr enn mat i mine auger. (Men landeplage i Australiernes auger).Eg følte eg åt meir samvittighet og eigne standpunkt enn kjøt =p
    Du hakje gått glipp av noke ved å ikkje ete kenguru for å seie det sann ;)

    SvarSlett