fredag 23. november 2012

Kyoto til fots

Den andre dagen i Kyoto skulle eg egentlig bli med på ein "walking guided tour", men sidan ingen klarte å stå opp før kl.09 måtte eg finne på noko anna lurt. Det viste seg at både Karoline, Marte og Lene ville bruke dagen foran dataen, sidan 1.utkastet av oppgåva skulle inn neste natt. Eg hadde heldigvis levert denne for ein månad sidan, og bestemte meg å vandre rundt i Kyoto på eiga hand.

Med kart og kamera i veska hadde eg sett meg ut eit par ting i området eg kunne sjå, og ca laga meg ei vandrerute, eller rettare sagt eit vandreområde. Eg hadde ingen plana anna enn å sjå kvar vegane førte meg, og samtidig følge litt med på kartet så eg ikkje rota meg heilt vekk.

Det var utruleg deilig. Berre vandre rundt å gå akkurat dit impulsen førte meg. Akkurat dit eg ville, heilt aleine. Kunne sette meg ned og nyte livet i 5min utan å sei ifrå til nokon og rett og slett berre kjenne på kjensla av å vere fri.
Ikkje misforstå, eg er framleis eit sosialt vesen og jentene eg reiser med er heilt supre, men dei siste vekene er det einaste privatlivet nokon av oss har fått dei få minutta vi sitt på toalettet.
Difor var desse timane på eiga hand utruleg herlige. Einaste lydane var japanesarane rundt meg, og dei er absolutt ikkje like høglytte som kineserane.

Eg vandra rundtomkring og kjente på ro i sjela. Og eg trur eg må ha gått med konstant smil om munnen, for omlag alle eg møtte smilte vennlig til meg, og når eg ville smile tilbake fann eg ut at det faktisk var dei som smilte tilbake til meg.

Eg tok mange bileter, og for dåkke som allereie har sett igjennom albumet på facebook blir det nuk litt dobbelt opp her.






Så gikk eg til Kenninji Temple, som er det eldste zen buddhist tempelet i Kyoto. Og der var det rolig og herlig å vandre rundt.
















Også vandra eg litt vidare..






 Higashi-Otani Mausoleum, ein liten del av det.






Ryozen-Kwannon Temple:







Også gjekk eg opp til Ryozen-Kwannon Shrine, og fekk nokre nydelige bileter av utsikt over Kyoto.




















 Og rundtom i smågater fulle av artige butikkar.











 Dagen i Kyoto var HERLIG! Og eg likar verkeleg plassen. Hit reiser eg gjerne tilbake.
Vi har visst vald eit perfekt tidspunkt å reise hit, då våren og hausten er mest populært grunna fargane på trea.
Eg kjende virkelig at tilverelsen ikkje kunne vore så mykje betre enn dette. Top notch.

2 kommentarer:

  1. Fine, fiine bilde!! FINE, FIINE Carina!! <3
    Kjekt å lese! Takk for kort, trukje eg sa d sist - d e so koselig!! :)

    Cathrin

    SvarSlett
  2. Takk =D
    Var ein superfin dag!
    Bra du syns det er kjekt å lese, då syns eg det er kjekt å skrive også :)

    SvarSlett