lørdag 17. november 2012

Beijing! Temple of Heaven og Den Kinesiske Mur.

Ah, eg likar Beijing! Det kan eg seie allereie. Sjølv om her er beinkaldt (skremmande nærme 0*C på gradestokken, og somme gongar kryp temperaturen ned på feil side).

Tidleg morgon i Chengdu ville taxisjåføren ha oss inn i to taxiar. Men vi lot oss ikkje stogge, og klarte å presse 4 jenter med all bagasjen inn ein liten sedan (ALLE taxiar i Kina er små sedanar). Forbipasserande los litt av oss, der vi satt med koffertar på fanget, men vi var storfornøgde.
Vi fekk oss til og med ein trimtur tidleg på morgonen då taxisjåføren sette oss av på feil terminal. Heldigvis har ikkje Chengdu største flyplassen.

Nokre timar seinare var vi I Beijing, og her var ikkje taxisjåførane like behjelpelige! Sidan vi har 3 koffertar og dei nekta oss både å la bagasjeluka vere 1cm open og å ha eine kofferten i baksetet ville dei på død og liv fordele oss på 3 taxiar. 4 personar! Det var uaktuelt. Men vi kom oss til hotellet likevel, ved hjelp av ein alt for dyr minibuss. Vi var i all fall samla.

I følge kartet ligg hotellet vårt omlag så midt i Beijing som det går an. Altså like ved “den forbudte by”. Og likevel er gatene små, fulle av folk og småbutikkar, fruktmarknadar og småboder. Ingen skyskrapar å sjå. Eg likar det!









Første ettermiddagen fann vi ut at vi måtte nytte til noko vetigt, for her i Beijing er det såå mykje Carina vil sjå!
Sidan det meste av tempel osv stengte kl.17 måtte vi reise til noko som ikkje var så langt unna, og som vi ikkje måtte ha ein heil dag på å sjå. Valget fall på Temple of Heaven.

Det var kaldt, men fint å tusle rundt i ein svært park med litt vakre tempelbygningar som var stengde.
















Seinare på kvelden skulle vi teste ut restauranten på hotellet, sidan menyen på rommet ikkje såg så verst ut, og vi ikkje orka å gå rundtom å vade på jakt etter mat for sultne magar. Det viste seg derimot å bli eit like stort prosjekt, med ansatte utan engelsk språk, engelsk meny eller sørvisinnstilling. Ved hjelp av resepsjonen og menyen vi henta frå rommet fekk vi til slutt bestille, og enda ein gong fekk vi bekrefta at det som ser ut som paprika på eit bilete og som står skildra som paprika på dårlig engelsk faktisk er chilli. Atter ein gong var halve tallerken chili, og maten så sterk at nasa byrjar å renne halvvegs i måltidet. Eg tok diverre ikkje bilete. Nokon gjorde, men eg har ikkje fått bileta enda.

Plussida visast derimot på baderomsvekta på hotellet. I følge den veg eg berre 20kg. Når eg hoppa litt meir på den kom eg opp i 30kg, og til slutt enda den på -5kg, og ville ikkje rikke seg derifrå. Jaja.
Neida. Dongeribuksa mi er verken blitt slakkare eller trongane. No worries.

Neste dag var det tid for – DEN KINESISKE MUR!

Vi reiste med ein guida tur frå hotellet, og det skulle vise seg at vi fekk mykje valuta for dei 190kr.
I minibussen satt 4 norske jenter og 4 litt eldre italienske menn som utover dagen vart gode vennar og taut hol i hovudet på resten av gjengen (oss + guiden).
Denne dagen var det sjølvsagt skoddete til tusen. Så skoddete at trafikken på motorvegen var i total kork. Vi køyrde ein anna veg utanom og kom oss fram, medan eg tenkte det var utruleg surt at det var så tåkete akkurat denne dagen når vi ville sjå muren, og ikkje berre dei næraste 3m av den. Samtidig var eg glad for at vi valde den næraste og billigaste (og mest fullspekka av turistar) måten å sjå muren på, og ikkje den vakrare delen når det likevel var tåke.

Etter ein tur innom ein Jade-butikk med standard kjøpspress ankom eg muren like rik/fattig. Over alt her i Kina er det folk som prøvar å selge med stygge jade-figurar og jade-smykker, til vanvittig høg pris.

 Og gjett kva. Sola skein når vi kom fram til muren!
Det var minusgrader og litt snø, men alle trappetrinna, sola og begeistringa mi varma kroppen meir enn nok. Vi klatra oss oppover, og etter å ha komt til den andre tårnet klarte eg å overtale resten til å gå opp til det neste også. Eg meinte såklart det store tårnet, ikkje det første lille, så det vart til at eg gjekk opp den biten aleine. Eller, ei lita stund etterpå kom Karoline byksande opp dei siste trappetrinna også, då Marte og Lene hadde bestemt seg for å gå ned att og sjå i souvenirbutikkar. Det var riktignok ikkje det siste tårnet, vi kom aldri til «toppen». Vi kunne fortsatt og gå og gå, i både 10 og 30 timar (eller dagar), i og med at faktisk var den kinesiske mur vi var på.



 Alltid kjekt å ta bileter ilag med bleikfisar!







 





Storfornøgde satte vi kursen mot ein felleslunsj. Og her var maten kjempegod! Det vil seie, den var ikkje brennande sterk. Storførnøgde x2.


Så var det tid for Ming Tomb. Altså eit svært område der fleire keisarar frå Ming-dynastiet var gravlagd. Vi såg riktignuk berre ein liten del av det, men.











Også smakte eg ei frukt eg ikkje anar kva er, men som voks på tre inne i dette området. Søt og ny smak, vanskeleg å samanlikne med noko eller forklare.


Så var det tid for silkefabrikk. Artig å sjå korleis silke blir laga og litt sann div, men atter ein gong vart det klein stemning med kjøpspress. Eg likar ikkje slikt. Heldigvis kjøpe eine italienaren ei silkedyne med dynetrekk og putevar i silke, så det meste av merksemda var retta mot han/dei, og ikkje meg/oss.


Siste stopp var eigentleg kinesisk «tea house», som eg hadde gleda meg til, men uheldigvis for meg var det kun eg og Marte frå gruppa som likar te, så vi reiste og fekkt fotmassasje i staden for.
Eigentleg var det eit legesenter, med legar, medisinar osv – alt frå det vi i vesten kallar alternativ medisin, men som her i Kina er ein viktig del av legevitskapen. Reiser du på sjukehus blir behandlinga kombinasjon av kjemiske medikament og austlege behandling i form av urter, akupunktur, massasje, osv.

Etter å ha sittet og skolda føta i kokheitt tevatn fekk vi fotmassasje på spesielt vis. Kvart punkt under foten er relatert til andre delar av kroppen, og smerter ved dette punktet tyder på skadar eller skavankar ved den aktuelle kroppsdelen. Eg var tydeligvis (nesten) frisk som ein fisk. Altså var ikkje jenta som masserte mine føter like hardhendt som visse andre.
Så kom også ein lege som ville sjå på handflata mi, og det einaste han kunne tilby meg var èi urtepille til 600kr som skulle balansere hormonane mine, slik at huda mi blei plettfri. Vidundermedisin! Det slo eg sjølvsagt til på.. Not!



Men italienerane enda nok ein gong inn i diskusjon om ulike medikament, prisar, osv. Og det heile drog ut, så vi fire jentene fekk også skuldermassasje. Det var midt i blinken, for idet eg fekk høyre at vi skulle få fotmassasje tenkte eg «åh. Det skulle gått an å få nakke/skuldermassasje i staden for», for det hadde eg verkelig behov for. Og det kjende ho jenta også, så ho ville såklart prøve å selge meg enda meir vidunderstoff som skulle fjerne all slags smerter (type ibux gel, berre naturlig).
Heldigvis kom eg ut frå dette scenarioet også like fattig/rik.

Tilbake på hotellet la eg meg for å jage vekk haudeverken før vi gjek ut for å ete. Vi endte opp på ein liten lokal restaurant, med GOD mat! Jippi! Maten var passe sterk, og eg trudde eg for første gong hadde fått paprika i staden for chilli. Heilt til eg mot slutten av måltidet åt ein «paprikabit» med mange frø.
Så sterkt at tårene trilla og nasa rann. Og eg åt opp bollen med ris.
Du veit at maten er sterk når du et rein løk for å slukke brannen!
Men likevel – god mat. Og det var vi alle svært nøgde med.

På veg rundtom i dag såg eg at Beijing også har skyskraparar og kjedebutikkar. Men eg er svært fornøgd med å bu i det eg trur eg «gamledelen» av byen, med fullt at fargerike tempel rundtom, småbutikkar og gateselgarar. Betre det enn å bu blant skyskraparar, McDonalds, Mango, Gucci, Starbucks osv.

Div bileter frå rundtom:



 Tinianmen Square. Hit skulle vi eigntleg igjen siste dagen, men rakk det ikkje.






 Kråkereiret.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar