onsdag 14. november 2012

Pandatown (Chengdu)

Dag nr.2 I Chengdu var det PANDATID!
Dersom du ikkje vil lese eller sjå bileter av pandaar, kan du like gjerne hoppe over dette innlegget..

Tidlig ein morgon satt fire norske jenter på ein restaurant ved eit hotell i Chengdu, og åt frukost dei hadde kjøpt for 18kr. Maten var absolutt ingenting å snakke om, men atter ein gong fekk eg smakt eller iallefall observert mykje ny mat. Dei fleste veit nuk at frukost ikkje er mi sterke side, så eksperimentering likar eg eigentleg å utsette til etter kl.10:00.

Ein taxitur seinare, nesten med hol i venstre øyret av kaklinga og skrikinga til sjåføren via radioen, stod vi inne på Chengdu Panda Base. Jippi! Vi var på plass ved opningstider kl.08, sidan tripadvisor og alle andre anbefalte å vere tidleg ute for å få med seg matinga kl.8:30-10:00 og dermed den mest aktive perioden til pandaane tidleg på dag.
Parken var gravstille og ikkje ein panda var å sjå.



Når klokka nærma seg 9 derimot, byrja dei å dukke opp. Til vår store glede! Vi gjekk rundt heile parken og såg små, mellomstore og store bamsar i svart og kvitt.







Etter å ha sett med forskrekkelse på menyen hos 2 restaurantar som ville servere lunger, skilpadde og bambus var vi storfornøgde når vi ankom den tredje og siste restauranten inne i parken. Ein liten koselig kafe, men koselig meny og hyggelige serviørar. Yey. Maten var dog ikkje tradisjonell kinesisk, men det fikk gå. 


Vi tok en liten runde opp til “panda kindergarten” igjen etterpå, og det var noko av det smartaste vi har gjort. På vegen såg vi mykje fleire pandaar enn forrige runde! Og I “barnehagen” fekk vi sjå to små (eine såg dog ganske stor ut) pandaar som leika/sloss/kosa. Så herlig!! Kunne stått å sett på dei leenge. Og det gjorde vi forsåvidt også.
At pandaane er aktive på mogonen og late på ettermiddagen er berre tull. Det var iallefall det denne dagen. Men det kan vere sesongrelatert, det var jo tross alt ganske kaldt i dag.
Vi var iallefall storfornøgde alle mann med å sjå så mange fine levande kosebamsar. Sjølv om alle hadde eit brennande ynskje om å få halde eller kose med ein også. Biologen i meg seier derimot at det er superflott at dette ikkje var lovlig.









Fulle av intrykk, og eg full av sjokoladekjeks, gjekk vi på kvelden ut for å finne noko mat. Eg var mest gira på å gå rundt og sjå, og finne noko mat etter kvart. Andre var gira på å finne mat nærast mulig døra og komme seg heim. Kræsj. Men det ordna seg for alle partar.
Vi gjekk forbi mange kinesiske restaurantar med heilt uforståelige menyar og uforståelige ansatte. Fleire restaurantar er tydeligvis “hot pot”. Altså at midt på bordet er det ei grop med eit stort blikkfat, der maten din står og fosskokar (i olje?). Også har du div oppi denne, og et det rykande ferskt. Det såg iallefall ut som det var greia. Maten såg absolutt ikkje god ut, men ein burde jo nesten prøve det medan ein er her?





Dans midt på gata. Kveldstrim?

Vi endte opp på ….. min beste venn …. McDonalds...
I løpet av 1 veke i Kina har vi vore på McDonalds 3 gongar. GRØSS!
Snart dobla antall måltid eg har hatt på Maccern I heile mitt liv.
Og tek vi med dei 3-4 gongane vi åt på KFC I Australia.. Uff!
Ikkje heilt mi gate..
Eg og Karoline tok pinky-swear på at vi i løpet av vårt vidare opphald i Asia ikkje skal innom McD igjen. Vi skal prøve den lokale maten, uansett om vi ikkje anar kva det er og det ikkje ser godt ut. Vi må jo prøve! Eg kjem til å angre når eg kjem heim dersom eg ikkje turde å smake på diverse.
Det vil derimot ikkje sei at eg skal ete tarantell, kakkerlakk, slange osv.. Kanskje, men mest sannsynlig ikkje.
Eg saknar litt ein person som snakkar både kinesisk og engelsk, som kunne forklart kva som står på menyen og tipsa oss om kva lokal mat vi burde teste ut, og kvar denne er best/trygg.
Det var luksus I Vietnam, altså...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar