tirsdag 13. november 2012

Welcome to Chengdu. No english or online social life.

Mandag formiddag landa vi i Chengdu, og allereie på flyplassen fann vi ut at dette blir eit eventyr. Ingen her snakkar engelsk!

Etter å ha sprunget frå ein kar som absolutt skulle ha oss inn i bilen sin hoppa vi inn i ein taxi med takstameter. Vi viste han arka våre med adressa til hotellet og eit lite kart. Sjåføren prata, prata, smilte, lo, prata og prata – på kinesisk – og det einaste vi forstod var at han ikkje skjønte kvar han skulle. Etter å ha diskutert nokre minutt med ulike sikkerthetsvakter/politi fann dei ut kor han (vi) skulle. Trur eg. Vi starta iallefall å køyre. Og sjåføren vår prata og prata til oss, forklarte og fortalde går eg utifrå. Vi skjønnte ikkje eit kvekk av kva han sa, men han smilte og lo mykje, så han virka ganske hyggelig. Kineserar er små, smilande og søte.

Etter å ha tilbrakt langt over ein time, langt over tredobbel av estimert tid, på å finne fram til området, kjøre fram og tilbake same gata 8-9 gongar, litt telefonering og møte med andre (nesten engelsktalande) taxisjåførar, var vi ved hotellet! Stakkars fortvila mannen ville berre ha 77kr. Han fekk 100. Latterlig billig.


Vi oppdaga raskt at språk blir ei barriere her. Etter utallige forsøk har eg konkludert med at ingen snakkar engelsk, og har slutta å prøve å kommunisere med folk med mindre det er høgst nødvendig. Eller, eg har slutta å snakke. Ein kjem langt med å smile, peike og demonstrere. Vel, kanskje ikkje langt. Men det hjelper. Som regel. Av og til. Dei i resepsjonen på hotellet prøvar virkelig da. Eg skriv ned på engelsk, dei går på bakrommet – mest truleg til ein pc og google translate – også prøvar dei så godt som råd å hjelpe.

Ein skulle tru Chengdu er ein turistplass med tanke på pandaane, og det kan hende det er også, men det virkar ikkje slik. Når vi bevegar oss utafor hotellet blir vi iakttatt konstant. Ein skulle tru dei ikkje har sett bleikfisar før. Til å byrja med syns eg det var litt ukomfortabelt, og kjende meg litt som ein hundekvalp i vinduet på dyrebutikken. Men så bestemte eg meg for å smile til alle saman og ikkje bry meg så mykje. Dersom eg er hyggelig er vel dei hyggelige tilbake, til trass for at eg er rar. Det har funka fint hittil, i alle fall.







Men maten her! O'hoi. Vi gjekk ut for å ete første kvelden, og fann eit «trygt» handlesenter. Der var ulike restaurantar, men alle menyane stod på kinesisk og illustrasjonbileta hjalp svært lite. Null peiling på kva dei serverte. Til slutt fann vi ein restaurant der menyen var tospråklig, og vi kunne peike på bilete når vi bestillte. Score. Trudde vi. Maten var så sterk at eg mista følelsen i leppene og tunga før eg hadde tygd første biten. 60% av anda eg bestillte var chili og jalapeños. Og ikkje fikk eg leska meg særleg heller, for appelsinjuicen eg bestillte viste seg å vere glovarm tam appelsinsaft (trur eg). Resten av maten anar eg ikkje kva var, men det smakte ikkje særleg godt. Var berre risen eg åt opp. Jaja. Eg prøvde iallefall! Trur kanskje eg åt meir enn dei andre, også. Og eg har ikkje gitt opp enda. På supermarkedet etterpå fekk eg kjøpt vatn og div kjeks. Her har dei Oreo med fyll av blåbær, bringebær, jordbær, mint, appelsin og mykje anna, samt kombinasjonar.



Tidligare har vi skrudd på airconditionen for å kjøle ned rommet. No skrur vi den på for å varme det opp. Einaste gongen eg har sett på ein gradestokk her viste den 7*C. Tidligare har eg vore på utkikk etter kalde drikkar i løpet av dagen. No er eg på jakt etter noko varmt. Og eg fryktar at eg har for lite varme kle. Vurderar å kjøpe meg ullstilongs til Beijing og India.
Greit med oppvarma sete på offentlige toalett da. Handikap-toaletta altså. Alle andre er sitte-på-huk-over-hol-i-bakken.
Og lufta her er grå. Usikker på om det er midlertidig (tåke/vêret) eller om det er forurensing og anna tull. Eg kunne såklart spurt nokon, men eg hadde nok ikkje blitt klokare.

Ellers har vi hatt internett på hotellrommet. Men vi var tross alt i Kina. Så både facebook, bloggen min, youtube, skype, onecall sine sider ++++ var sperra. Rett og slett sperra. Slik er det i kommunistriket. Difor kjem alle blogginnlegga frå Kina som perler på ei snor no. Og album på facebook.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar