torsdag 5. juli 2012

Kreta!


10+2 flotte dagar på reisefot og på Kreta er no overstått, og eg trur vi alle sit igjen med mange gode minner!

Dei fleste dagane byrja i 6-7 tida når minstemann våkna, og etter å ha surra litt rundt i ørska, ete frukost og smurt oss inn med solkrem vart dei fleste formiddagstimane tilbrakt anten ved bassenget ved hotellet eller på stranda.



 


Vi fann ei perle av ei strand! Iguana Beach.
Den var i ei litt mindre bukt, og dermed med mindre bølger. Solsenger og parasollar, skifterom, artige og reine toalett, vakter som jaga vekk selgerar, ein liten kafeteria og blad, strandleikar, spel osv til utlåns. Eg fekk litt hippie/peace-and-love -kjensle av heile opplegget, og ikkje overraskande vart det denne stranda vi besøkte når det var strand som stod på dagsplanen.




Ettermiddagane brukte vi anten heime i leiligheita, rundtom i Kalamaki eller inne i Chania. Litt småshopping og restaurantbesøk. Herleg!




To av dagane leigde vi bil og reiste litt rundtom på øya. Eg har lest "Øya" av Victoria Hislop som omhandlar leprakolonien på øya Spinalonga og den lille byen Plaka på fastlandet, og var dermed godt fornøgd med å kunne køyre på tvers av øya Kreta for å besøke nettopp Spinalonga! Vi køyrde langs kysten, forbi mange småplassar, gjennom Rethymno, storbyen Iraklio/Heraklion, innom den nydelige byen Agios Nicolaos, den superkoselige småbyen Elounda og bittelille og kjempekoselige Plaka. Eg vil virkelig anbefala å dra til Agios Nicolaos eller Elounda på ferie! Chania er også vakkert altså, men desse to plassane var superkoselige.



Til trass for at enkelte vegar var stengt pga marknad, slik at vi måtte finne alternative reiseruter og havna i gokk opp på fjellet med supersmale og uhyre bratte vegar, fann vi fram til slutt. Eit eventyr!
Og på veg heim frå Spinalonga skulle vi stoppe i Iraklion og få med oss Knossos, men dette var diverre stengt for dagen då vi ankom. Jaja.
Alt i alt gjekk bilkøyringa blant grekarane overraskandes fint, og både vi og alle rundt oss kom heilskinna frå det ;)

Bileter av Spinalonga:




Neste dag var også Sigrid og Elias med på biltur, og vi reiste til nydelige Elafonissi.
75km frå Chania, små snirklete vegar, lav fart og mange småplassar plassert på dei merkeligaste stadane - før vi kom fram til perla.

(og her slutta bileta å ville snu seg..)






Eine kvelden drog vi tre jentene ut i Platanias medan Johanne og Elias var heime og sov og las.
På Club Tropical (?) og Splendid gikk det i strawberry daquiry, tequila sunrise, appletini, long island ice tea, tropical dream og sex on the beach før vi svetta ut alt vi hadde intatt på dansegolvet. Supermorro!



Og ellers var det mange småepisodar her og der som berre var heilt fantastiske.
Eg ler veldig godt av panikkannfallet til omlag samtlige første kvelden då vi måtte begå fleire mord av åttebeinte, og vaska ned opphaldsrommet og sengene i leiligheta.
Samt siste kvelden då ei av oss gjekk på toalettet på starbucks kun for å hamstre toalettpapir i ein pose (vaskedamene syns visst vi gikk for mykje på toalettet, og dermed burde klare oss utan toalettpapir siste dagen).



 (Mange fleire bileter på fb-sida mi)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar