tirsdag 15. januar 2013

Påskeferie i Mellom-Amerika

Eg syns verda er alt for stor og spennande; alt for mange plassar eg vil oppleve!

Eg hadde aldri trudd at flybillettar i nokon andre sitt namn kunne gjere meg hoppande glad, men slik gikk det. Tor har bestillt flybillettar til Nicaragua og kjem og besøker meg i tre veker. Hurra!!

Sidan eg har ei veke påskeferie medan han er der, sette eg meg ned for å finne ut om litt ulike destinasjonar vi kanskje kan besøke.
Etter berre ein halvtime på nettet innsåg eg at dette blir vanskelig. Ikkje berre har Mellom-Amerika mykje å by på, men vi får meir enn nuk å gjere berre ved å opphalde oss i Nicaragua også!

Øyhopping i Karibien hadde vore paradis, men dette har eg absolutt ikkje tid til. Dessutan hadde eg ikkje klart å velje ut èi øy å reise på påskeferie til. Karibien får bli feriedestinasjon i framtida.

Først tenkte eg at "Macchu Picchu har eg virkelig lyst å besøke" og "Aztekerpyramidene i Mexico hadde vore kult å sett", men innser at Sør-Amerika og Nord-Amerika (Mexico) berre må vente. Mellom-Amerika har alt for mange spennande reisemål! Som eg bør nyte når eg er i området.

Nicaragua

Leon - her skal eg vere i nesten tre månader, bu og studere.

Managua - hovudstaden, og også næraste flyplass. Så ein dag i denne byen blir sikkert i samband med mine eller Tor sine flyreiser.

I tillegg hadde det vore stas å fått med seg nokre av desse destinasjonane:

San Juan del Sur -  litt sør for Leon, på kysten mot Stillehavet. Surferparadis og ypperlig til å dykke ned til eit russisk båtvrak.





Granada - varm og historisk småby i spansk kolonistil.
Rett ved Granada ligg Lago de Nicaragua - Mellom-Amerikas største innsjø, med hundrevis av holmar. På den største øya, Isla de Ometepe, kan ein klatre opp på ein vulkan og nyte utsikta. I innsjøen kan ein også ta eit ferskvassdykk!
Eg vil, eg vil! Har eg ei langhelg veit eg kvar eg skal. Hit!



Masaya - Nicas sentrum for kunst og kultur. Med vulkan som har utbrudd kvar time (?). Nicaragua er fullt av vulkanar!


Corn Island - To (tre?) øyer utafor austkysten til Nica. Skikkelig dykkerparadis. Ein smak av karibien. Vi lurer litt på å ta påskeferien her. Dykke og slappe av.









Eventuelt har dei andre landa i Mellom-Amerika utrulig mykje spennande å tilby, og kanskje brukar vi påskeveka til å besøke eitt av dei?



Guatemala -Tikal. Storslåtte mayaruiner, midt inne i jungelen av tropisk regnskog! Ser eg desse treng eg ikkje sjå aztekerpyramidene i Mexico. Dette hadde vor kult!








Liknar Ha Long Bay!

Honduras. Øyene Roatan og Utila har krittkvite strender og supre dykkermogelegheiter. Spørsmålet er om vi tør å dykke med nesten garati for å sjå whaleshark.
Ellers kan fastlandet by på båttur i regnskog, ++. Og lite turistar.



Belize - "miks av tropiske regnskoger med et fargerikt dyre- og planteliv, majestetiske fjell, vakre fossefall, antikke mayatempler, .." I tillegg har landet det aller lengste barriererevet på den vestlege halvkula, eit rev som er på UNESCO si liste over verdsarv. Såklart kjekt for oss med dykkerlappen. Men landet er litt dyrare enn nabolanda, og det er sikkert ganske turistprega.



Panama - tropeland med mange avsidesliggande øyer, nydelige strender, regnskog ++.  Og lite turisme.



El Salvador har svarte strender med ypperlige muligheieter for surfing. Og Costa Rica kan by på både bading, soling, surfing, kiting, fossefallrappelering, ziplining, canopyturer i jungelen og shopping.




Så er spørsmålet: Kva vil vi??
Mange gode mogelegheiter for dykking, og mange gode mogelegheiter for andre eventyr.
Vi skal (eg skal prøve å) ikkje gape over for mykje, men nyte dagane.

Nokon som har anbefalingar? =)

3 kommentarer:

  1. Gosh, no vart eg misunnelig!! Mellom-Amerika er sååå bra!! Du kjem til å få oppleve så utrulig mykje kjekt! :-)
    Viss eg skal anbefale kun EN plass, så går eg for Playa El Tunco i El Salvador. Utrulig herlig plass, med ei veldig avslappa stemning. Kun backpackera, og ingen digre hotell og amerikanske turista ;-)
    Berre solnedgangen er verdt å ta turen for!!!

    Kos deg/dokke masse jaffal. Legg ut link på FB når du skrive då, så eg huska å lese :-)

    God tur!!

    -Jorunn N-

    SvarSlett
  2. Her er forresten bloggen vi hadde då vi reiste rundt i dei traktene:
    http://www.travelblog.org/Bloggers/Arild-og-Jorunn/
    Kanskje du finne nåken tips :-) Eler evt finne ut kor du jaffal ikkje skal, hehe!

    SvarSlett
  3. Takk for tips!
    Skal gå innom bloggen dykkar og lese =)

    SvarSlett