torsdag 20. desember 2012

Koh Tao

Skal eg skildre denne plassen med eit ord må det vere “ferieparadis”!

Etter ei mellomlanding I Bangkok landa vi på flyplassen i Koh Samui. Og kven kan vel ikkje få feriestemning der?? Flyplassen var mange bungalowar med vegar mellom og tak over. Ingen dører. Skikkelig liten, og herlig stemning. Varmen var deilig, og eg var superkomfortabel etter å ha skifta ut langbuksa med shorts og singlet.


Etter å ha venta ei stund på Koh Samui og tatt båten over til Koh Tao byrja eventyret. Dykkerselskapet henta oss på kaia, og vi hoppa bak på lasteplanet av ein jeep saman med bagasjen.


Det er forøvrig slik ein gjer det på Koh Tao. Alle kjører jeepar/pickupar med store lasteplan der folk kan sitte. Ein tar av seg skoa dersom ein går inn på ein butikk, restaurant, etc. Mange går rundt barføtt i gatene, dette også inkludert meg sidan eg var ein av 5% av øyas befolkning utan flip-floppar som er enkle å hoppe inn og ut av 20 gongar dagleg., og resten går rundt i – som sagt - flip-floppar. Når ein hilser eller takkar set dei handflatene saman, peikar fingrane rett opp, bøyer hovudet og smiler medan dei sei noko på Thai. Og ja. Øya har ca 2500 innbyggerar, og 52 dykkerselskap. Det seier litt. Koh Tao er eit dykkerparadis!

Som fører meg til kva vi brukte dagane til på denne øya. Ta dykkerlappen.
Papirarbeid, mange videoar, fagbok, heimelekser og leksjonar var del av kurset. Men det var også dykking!
Superartig instruktør. Herlig atmosfære på dykkersenteret. Kjekke «medstudentar» i gruppa. Hav. Båt. Litt sol. Nydelige korallar. Fantastisk fiskeliv. Og herlige dagar. Love it!

Når vi skulle ut å dykke gjekk vi først ut i vatnet og hoppa om bord i ein typisk thailandsk båt. Som blir brukt til taxi her. Sanne lange båtar , med eit langt rør bak med propell i enden, som ein styrer båten med. Denne båten tok vi ut til ein større båt, som var basen vår for dagen. I tillegg til dykkerutstyr hadde den kaffi, te, kjeks, frukt og eit tak kor vi kunne nyte nokre minutt med sol og sjøluft mellom dykka. O'lykke! Eg elskar virkelig båtlivet. Berre synd eg blir så fort sjøsjuk.

Eg gleda meg til sjølve dykka. Eg naut livet på båten. Eg kosa meg på land. Eg koste meg frå grytidlig på dag (vi dykka før kl.07 om morgonane) til mørke kvelden.

I løpet av dykka våre såg vi superfine korallrev og nydelige fiskar. Ein del store fisk og! Eg fekk meir og meir kontroll over utstyret og buoyancyen (korleis halde seg flytande i vatnet utan å flyte opp eller søkke ned eller bruke mykje energi) og vart stadig imponert over livet under vatn. Fisk er ikkje slimete ekle ting lenger. Fisk er vakre. Dette er litt av kva vi såg:


Vi gjorde også mange «ferdigheitar» som vi måtte bestå. Skin diving med snorkel, symje x antal meter og ting under vatn. Miste lufttilførselen, fjerne vatn frå maska, kontrollere boyancy og mykje anna. Og ein teorieksamen på slutten.

Det gjorde heller ikkje noko at vi dykka rett ved sidan av dei berømte øyene nær Koh Tao. Dette er typisk bilete frå google:


Etter dykka, og etter å ha vaska og rydda opp i alt utstyret, tok eg meg ein symjetur på stranda. Det var så deilig å symje berre i bikini etter å ha vore nedlesst med 20kg dykkerutstyr! Og vatnet? Herlige 29*C! Funka litt dårlig som avkjøling, men vi hadde overskya vèr alle dagane med berre litt sol innimellom, og dessutan tilbrakte vi dagane under vatn eller innandørs, så vi hadde ikkje så stort behov for avkjøling uansett.

Når dagen var ferdig ein eller anna gong mellom 15 og 17 satt stort sett Karoline på data for å gjere ferdig eksamensoppgåva, medan eg satt ute og las i fagboka eller vandra utolmodig rundt.
Kveldane gjekk vi ut for å ete eller vandre litt i dei koselige smågatene, og nettene tilbrakte vi på bungalowen vår oppe i jungelen. Hytta vår delte vi med nokre cm med skit, ca 7895 maur, 598 mygg og eit par andre småkryp. Vi følte oss ikkje heilt komfortable der, men det var ikkje mange timar av døgnet vi tilbrakte der uansett. Det beste med bungalowen var hengekøya ute på verandaen. Berre synd eg ikkje klarte å ligge i den meir enn 5 min før eg fekk noia av all myggen. Det såg verkeleg ut som eg hadde vannkoppar eller noko. Eg hadde 49 myggstikk, frå knea og ned!















Etter å ha tatt dykkerlappen reiste vi over til andre sida av øya for å nyte late dagar på ei lita aude strand. Vegen til denne delen av øya var så dårlig at dei fleste «taxiane» altså jeepane nekta å kjøre der. Stupbratt. Steinete, humpete. Berre å tvihalde seg fast bakpå lasteplanet. Men bumessig var det ei stor oppgradering da.

Første kvelden reiste vi tilbake til hovudstranda for å møte dykkergjengen og feire «uteksamineringa» med middag og ein drink. Det vart ein rolig kveld sidan alle hadde vore vakne sidan kl.06 om morgonen, og sidan dei fleste skulle dykke igjen neste morgon. Alkohol og dykking er fyfy. Eg trur taxisjåføren vår heim den kvelden var meir berusa enn kva vi var.
Eg tenkte litt på det då eg satt det, bak på ein jeep og haldt meg fast, på ein uhyre dårlig veg. At det var ikkje mykje som skulle til, ein uventa stein og eit lite slyng utav bilen– så var det katastofe. Men vi overlevde.

Dagen etter var bikinidag nr.1. Denne dagen var det faktisk sol! Så varmt at eg blei avkjølt av å bade i vatn på 29*C. Trur det var meldt 36*C, i skyggen, og meldingane tek alltid svakt i.

Om kvelden skulle vi berre pynte oss og ete middag. Men jammen vart vi ikkje med på eit nattdykk i staden for! Arrangert av dykkersenteret på hotellet. Vips var eg 1/5 på veg mot Advanced Diver. Jaja. Vi skulle eigentleg ut til eit vrak av ein katamaran, men fann det ikkje i mørket. Men vi såg mange korallar, kreps osv. Og når vi sløkte lyktene våre og veiva i vatnet med henda såg vi planktona som lyste opp. Det var ganske kult! Som å sjå masse ildfluger. Eller snø (meinte thaiane som tydeligvis ikkje har sett mykje snø i sitt liv). Tett i tett i lysande små prikkar. Vakkert.

Dagen etter gleda vi oss til andre og siste solingsdag. Vi leigde snorkel og tok ein liten dupp før frukost. Dei største dyra er nemlig oppe tidlig på morgonen. Nokon dagen før hadde sett ein 60cm lang hai! Men det såg ikkje vi. Litt bølgjer og urolig vatn, men vi fekk sjå mykje korall og mange fisk, og brukt opp undervasskamera våre.

Superklare for å sole oss blei vi skuffa når det byrja å lyne og tordne, og pissregne. Før kl.10. Og det varte heile dagen. Unfair.
Så denne dagen gjorde eg.. Ingenting. Kjeda meg faktisk. Det er lite å gjere i syden når det er dårlig vèr, du ikkje har internett, sivilisasjonen med næraste butikk/menneskelig aktivitet er på andre sida av fjellet og du berre har 14 sider igjen i boka di. Og eksamen er levert (hurra!).

Neste morgon vakna eg kl.08:03 av det kraftigaste tordenskrallet eg nokonsinne har hørt. Supernært! Men uværet gjekk fort forbi, og etter at vi hadde sjekka ut fekk vi oss ein lite time i sola før vi byrja reisa mot Bangkok.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar