lørdag 1. desember 2012

Hiroshima, Miyajima, Osaka og Himeji

 Litt seint ein kveld, etter superraskt tog, lokaltog og litt vandring ankom vi hostellet vår i Hiroshima. Og der var det stemning! Grillfest, fullt av mennesker og ein mann bak disken som var så smilande og energisk at eg nesten byrja å lure på om han ikkje var heilt rein i blodet.
Hostellet var skikkelig hostell med låg standard og plassmangel, men det gjekk heilt fint for to netter.

Tidleg morgon var vi klare for å gripe dagen. Vi reiste inn til sentrum av Hiroshima for å besøke Hiroshima Peace Memorial Park. Der vandra vi litt rundt, las ein heil del og vart rørte av blant anna "Childrens peace memorial" som ei skuleklasse hadde tatt initiativ til etter at eine klassekameraten døde av leukemi 2 år etter tragedia. Iallefall vart eg rørt.




Så gjekk vi inn i Peace Memorial Hall. Enda meir lesestoff, og stemninga var heilt spesiell. Ei sterk oppleving.
3.nest sterkaste var eit rom med veggar fullt av murstein. Ein murstein for kvart offer.
Nest sterkast var ein film der ekte historier frå overlevande var illustrerte og oppleste.
Det sterkaste var rommet der ein kunne bla gjennom arkiva med alle dei avdøde. Eine veggen var dekt av ein skjerm, og der rulla det ei evig lang liste over navn. Og veggen var full av ansikt, ekte bileter, av dei avdøde. Som skifta seg ut etter kvart.
Eg klarte rett å slett ikkje å sjå noko særleg på dei.
At alle desse menneska. Voksne og alt for unge. Døde. Akkurat denne personen. Alle desse. Det vart for sterkt.


Vi besøkte også museumet. Og der var det mykje lesestoff. Alt for mykje lesestoff eigentleg. Før vi fekk sjå gjenstandar smelta ihop av den intense varmen, og bileter av brannskadane nokre pådrog seg. Sterkt.



Litt betutta gjekk vi derifrå og vandra litt rundt i sjølve Hiroshima. Vesle Hiroshima. Der jula var starta for fullt, med lys overalt. Eller, dei var ikkje på når vi gjekk der på dagtid, men det er visst litt av eit sirkus der om kvelden. Vi rakk desverre ikkje å få med oss dette.



Vi vandra opp til Hiroshima Castle, men bestemte oss for å ikkje betale oss inn denne gongen.



Så gjekk turen vidare til Miyajima. Etter båtturen over til øya møtte på haugevis med dådyr. Også knipsa vi litt bileter, valsa litt rundt i gatene, brukte litt pengar og reiste tilbake til hostellet.








Til kvelds gjekk vi på ein lokal restaurant og åt "okonomiyaki".
Pannekake, bacon, kål, japanske nudlar, barbecua-saus, omelett, sjøgrasstrø og krydder.
Lagvis oppover i ein rett. Servert med varm panne på bordet, der den låg og feste under heile måltidet.
Sært. Men utruleg nok godt. Ikkje supergodt sidan eg ikkje er så fan av alle ingrediansane, men likevel overraskandes godt.
Glad for at eg fekk prøve det. Tpsisk japanesisk. Typisk Hiroshima.
Den eg åt (ovafor) var forresten "standard", også kunne du hive på alt mulig anna i tillegg, dersom du ville det.

Neste morgon klokka aaalt for tidleg og leenge før lyset på hostellet slo seg på (Ja, det var mørkt mellom 23:00 og 08:00. Spesielt) reiste vi til Osaka.
Det vil sei, etter å ha kjørt 2,5m vart vi med i eit kræsj, så det tok over ein time før vi faktisk kom oss av garde. Men det heile var ganske så udramatisk, så eg la meg rett og slett til å sove i mellomtida.

Framme i Osaka ein drøy time etter skjema rakk vi heldigvis å låse inn bagasjen og toge oss til Himeji før slottet der stengde. Sjølvsagt var største delen av slotten under restaurering, så vi fekk ikkje sjå det anna enn på bilete. Men var kjekt fordiom.










Tilbake i Osaka svidde vi av litt penga på haustens tredje Hard Rock Cafe og valsa oss inn i eit tysk julemarked (der alle unnatt eg hadde julestemning) før vi gjorde oss klare til nattbuss mot Tokyo. Ei svært lang, trang og ukomfortabel natt.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar