fredag 21. desember 2012

På denne reisa har eg lært at

- Du ikkje skal ta det for gitt at minbanken vil gje deg pengar, sjølv om der er dekning på konto. (!!)
- Eg er veldig glad i å prate med fremmede mennesker
- Verda er ganske lita, faktisk. Og samtidig kjempestor.
- Ryggen min ikkje likar å spasere rundt i månadsvis. Ei skikkelig treningsøkt etterfulgt av litt påplassknekking av ryggen hadde vore godt.
- Det går heilt fint å reise til eit land utan felles språk så lenge du er positivt innstilt, har god tolmodighet og er uhyre fleksibel.
- All slags mat smakar 5x betre berre du veit kva det er og kan skape assosiasjonar. Norsk mat ser heller ikkje innbydande ut, kanskje. Eg trur 20% av smaken ligg i psyken og innbillinga/forventningane.
- Eg er dårlig på å anta vekt. Ein koffert eg trur er 23kg kan vise seg å vere 18kg eller 26kg i staden for.
- Eg klarar ikkje å sove skikkelig når eg må dele seng med nokon (andre enn Tor). Eg vaknar kvar gong den andre personen vurderar å bevege på seg eller er på nippet til å lage ein lyd. Å dele rom er derimot ingen sak. Har eg mi eiga seng kan eg sove med fulle mannfolk som bankar i veggen.
- Det er lett å prute, men ikkje alltid meiningsfullt. Kva så om eg får sokkeparet til 13kr eller 15kr? Dei 2 kronene spelar inga rolle for min del, og det er faktisk eg som smiler sist når kassadama smiler overlykkelig over å ha "lurt" meg og fått ein ekstra (viktig) slant.
- Eg er konfliktsky og kanskje litt pinglete når det gjeld å konfrontere. Men det visste eg eigentleg frå før av.
- Eg må passe på kroppen min når det gjeld kosthold og mat. Kroppen min passar ikkje på meg. Eg kan bli svolten 2t etter eit måltid, eller 14t etter eit måltid. Så eg må passe på klokka og ikkje berre høyre på kroppen.
- Huda mi elskar tropiske klima og får fnatt med ein gong de blir kaldare i lufta.
- Eg er ikkje skapt for badstu og varme innandørs bad. Sjølv om det gjekk greit før. Dersom eg skal bade må eg ha ope eit vindu. Avtrekk og vifte er ikkje tilstrekkelig.
Eg holdt på å besvime når eg tok meg eit langt bad i Brisbane. Eg vart svimmel når eg dusja i Kyoto før eg huska å skru på avtrekket. Eg vart slakk og uvel ved boblebadet i Tokyo, til trass for ope vindu. Mykje vassdamp i lufta og varme er visst inga god kombinasjon for meg. Badestamp ute er tingen. Då blir hovudet avkjølt.
- at lån og stipend ikkje strekker til. Første halvåret sidan ungdomsskulen at eg ikkje har arbeidd og tent pengar ved sidan av studia. Kombinert med reising har ikkje sparekontoen akkurat vokst dette halvåret. Hadde berre den norske krona vore litt sterkare dette halvåret!
- Kinesisk sjokolade ikkje er godt
- Japaneserar er det høfligaste og hyggeligaste menneskeslaget på denne jord
- Blogspot har grenser for kor mange bileter du kan laste opp. Og du må anten betale pengar eller vere superkløktig for å klare å laste opp bileter etter dette.
- Dersom du flyg med Southern China Airways og mellomlandar 12t ei natt i Kina, så fiksar dei gratis overnatting til deg. Du treng ikkje bruke pengar på å reservere hotellrom på førehand, slik som vi gjorde.
- Kinamat du får heime i Noreg ikkje er det same som kinesisk mat. Indisk mat du får i Noreg er heller ikkje det same som mat i India.
- dykking er kjekt og ikkje noko skummelt! Eg err no sertifisert Open Water Diver. 
- at det er stoor forskjell på eit 3 stjerners hotell og eit 3 stjerners hotell. Kvalitet er berre flaks.
- eg klarar meg heilt fint på eiga hand i fleire månader. Men også at eg er svært glad i dei heime, så eg er glad for at eg reiser tilbake.

Det er fleire ting eg har tenkt på undervegs. Men dei hugsar eg sjølvsagt ikkje akkurat no..

Tusen takk for turen, alle som var med og alle eg møtte. Den hadde ikkje vore det same uta dåkke!
Og takk til dåkke heime som har fulgt turen her på bloggen.

No skal eg nyte dei 6 vekene mine i Noreg med kjæreste, familie, vennar, julefeiring, eksamen, jobbing, studium og mykje kos!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar