fredag 14. desember 2012

Tigersafari i Ranthambore.

Turen gjekk vidare til Ranthambore, kjend for sin store nasjonalpark der ca 50 tigrar bur heilt fritt og ville fordelt i ulike soner.

Første ettermiddagen var det tid for første safari. Og ein Jeep med plass til 8 stk totalt kom å plukka oss opp. Eg vart sittande bakerst og ytterst ilag med ei indisk dame som var tolk for ein franskmann, og satt der og humpa opp og ned på benken medan vi kjørte gjennom gatene. Enda verre vart det såklart på sjølve safarien, som var skikkelig offroad. Berre å halde seg godt fast!

På denne tida av året er det ca 30% sjanse for å sjå tiger, samanlikna med sommaren når det er 90% sjanse sidan vegetasjonen ikkje er så frodig. Mange reiser på fleire safariar utan å sjå ein einaste tiger.

Det hadde vore eit drap på ein svært hjort for nokre dagar sidan, så vi kjørte til dette området og satt stille og venta, kjørte vidare, satt og venta, osv. Ingen tiger var å sjå, men vi såg mange hjortar, dådyr og liknande.
Etter å ha venta lenge med eit stort vasshol der ein flokk med hjort var, snudde vi.
Og eg må innrømme eg var lit skuffa. Ferdig no allereie? Skakje vi leite litt til?
På veg tilbake gassar vi plutselig kraftig opp, og eg lettar minst 15cm frå setet mitt idet vi kjører over steinar i «vegen». 20 sek etterpå ser eg den. En tiger!
Der ligg den, nydelige flotte tigeren, og badar seg i elva. Den var kanskje 15m unna, og vi hadde god utsikt til den frå jeepen.
Fleire bilar kjem (vi var ikkje dei første, altså) og til slutt reiser tigeren seg opp og går. Vi kjører tilbake, godt fornøgde.



















Neste morgon før fuglane har strekt ut vingene sine er vi klare for ein ny safari. Eg blir derimot litt skuffa når vi får vite at vi skal tilbake til den same sona som igår. Kvifor sende oss til den same når der er 9 ulike?

Vi fikk med oss eine soloppgangen etter den andre, ettersom vi kjørte opp og ned i terrenget. Og eg var glad for at vi ikkje kjørte akkurat same ruta som dagen før. Denne dagen hadde vi også ein fantastisk sjåfør, som fortalde både det eine og det andre, og virkelig gjorde turen interessant.

Vi sitt og ventar, ventar på å høyre noko. Og plutselig skjer det. Alle hovuda snur seg idet vi hører varselskrika frå hjort og apekatt, og kort tid etter snur vi jeepen og rasar av garde i ei heidundrandes fart. Etter å ha stoppa nokre gongar og høyrt etter alarmane er vi framme på ei opning. Skrika er nærme, og vi nistirrar ut i skogen etter bevegelse.

Etter ei stund må vi diverre gje opp, og kjører litt rundtom i skogen. Så er det nokon som har observert ein «slouth bear» eller noko i den dur. Eg ser berre noko svart pels som prøvar å få litt ro og fred bak nokre busker som et frukost. Men det er visst ein svært sjelden skapning og sjå, iallefall på dagtid.

Både for min eigen del og dåkkas del har eg googla for å finne ut kva skapning eg såg rumpa til.


Etter å ha kjørt litt rundtom på savannene, tenkt at det hadde vore kult og spotta ein tiger i så ope landskap og tatt litt bileter av spesielle fuglar stoppar vi opp. Vi høyrer varselskrik, igjen! Bilen rasar av garde, og eg og Karoline sit og humpar bak på jeepen med store glis rundt munnen. Dette er kult!! Hjartet pumpa faktisk ganske så bra, og eg elskar tilværelsen.
Vi er framme. Hjortar og apekattar gaular, berre 10 meter ifrå oss, og alle er i bevegelse. Det må vere ein tiger eller leopard i nærleiken.
Til slutt klarar vi å lokalisere dyret som er årsaken til alt spetakkelet. Og desverre er det hverken tiger eller leopard, men ein svart apekatt av spesiell rase som har forvilla se inn på feil territorium.
Jaja. Så vart det ikkje tiger denne gong. Men vi fikk mykje action! Og sidan vi fekk sjå tiger kvelden før, var det kjekt likevel.











 Her er spetakkelapekatten..





 ~ ~~






~


Etter lunsj tok sjåføren vår oss med på eit "womans craft market" eller noko i den dur. Sjølvstendige kvinner eler noko slikt. Berre at butiken var full av menn. Jaja. Det var heldigvis ikkje så svindyrt der.
Også fikk eg indisk henna før vi reiste derifrå.



 Sjå dei søte og vakre damene som sit bak meg..=)

 Også fikk eg prikk i panna. Det betyr at ein er gift... Jah..




På ettermiddagen var det tid for siste safarien, og denne gongen reiste vi til ei ny sone, ilag med to artige australske og to egoistiske indiske.
Denne gongen kjørte vi litt rundt på måfå føltes det ut som. Ingen hadde hørt noko varselskrik eller sett noko indikasjon på tiger, men dagen før hadde mor og barn blitt observert.












Og plutselig kjørte vi til sides, og såg på det som skulle vere ein tigermamma og ein liten ein liggande i graset. Eg såg eigentleg berre gras og tre, men. Ikkje alltid lett å få god utkikksplass når mange jeepar skal krangle om plassen.

 Ser du den? Sjå rett til høgre for dei grøne blada..




Så reiste dei seg plutseleg opp og byrja og gå. Og gjett kva, dei kom mot oss!
Eller, vi kjørte lenger fram, også fikk vi nydelig utsikt av babytigeren på 8mnd som faktisk var ganske så stor. Han gikk rett forbi jeepen vår! Berre 2m unna oss gjekk han. Nydelig.
Eg angrar nesten på at eg brukte sekunda på å sjå den gjennom linsa, og prøve å få riktig fokus og ta bilde. Eg burde berre stått og sett på den. Betrakte den. Fine tigeren, berre 2m ifrå meg. 100% vill.


 <3<3





Vi kjørte også etter mammaen ei stund. Som eg eigentleg syns var litt fælt. Sjølv om den gikk av seg sjølv og vi etappevis følgde etter, kjendes det ut som vi jaga ho. Vekk frå sonen sin.
Men etter stund snudde vi og kjørte tilbake, og lot dei vere i fred.





 Ser du tigeren der bak? På vegen.





Eg orkar eigentleg ikkje skrive noko meir om Ranthambore, sidan det stort sett var safari som var dagshendingane. Men eg kan nemne at «varm» vatn berre var tilgjengelig 3 spesifikke timar i døgnet, og her er litt meir bilete frå plassen:





 Overload?











 Eit av mange bryllup eg fekk med meg i løpet av dagane i India..







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar