fredag 5. oktober 2012

Langt under vassflata og høgt oppe blant skyene

I skrivande stund er eg veldig gira, så eg må berre beklage skrivefeil og dårlege formuleringar.

Eg har heile tida hatt plan om å reise til Great Barrier Reef og dykke når eg først er her nede, og eg har googla Introductory Dive og prisar i hytt og pine. Desverre såg det ut som at eg måtte reise aleine dersom eg ville. Heilt til ein dag, når Marte plutselig vart gira! Og vi googla og ordna i veg. I ekstase hadde vi nesten bestillt flybillettar, dykkekurs osv - MEN. Så greip realiteten meg.





Vi har kun to veker igjen her i Australia før vi reiser rundtom i Asia. Og eg har 8.000 ord igjen å skrive på oppgåvene mine.
Forrige helg var vi i Sydney, og i heile haust skal vi reise rundt.
Samtidig vil eg også til Byron Bay, Surfers Paradise og andre destinasjonar ikkje så langt frå Brisbane.
Eg får rett og slett ikkje tid til alt!

Dive Medical Test, som eg halvvegs har time til på onsdag, kostar ein tusenlapp.
Fly tur-retur Cairns kostar minimun 1500.
Billigaste dykkinga kosta ca 1200, og med ekstra dykk kostar det meir.
I tillegg kjem overnatting, transport osv.
5.000kr eller dyrare er desverre for mykje, "berre" for å reise til Cairns og dykke ved GBR. Det hadde vore fantastisk! Men desverre..

Eg surmulte litt i underbevisstheita heilt til eg fann ein heilt genial kompensasjonplan!
Neste helg reiser vi til Byron Bay og Surfers Paradise i staden for.
OG - i Byron Bay kan vi dykke og snorkle!!
Det blir ufattelig mykje billigare, og vi får sjå korallrev, havskilpadder, ulike (ufarlege, I guess) haiar, hundredevis av fiskar, ++. Kanskje ikkje like bra som Great Barrier Reef, men likevel kjempeflott!
Og hit blir heile leiligheta å reise! Ikkje alle skal dykke, men.
*Glede seg!*
Vil du lese meir om dykke-opplegget ved Julian Rocks i Byron Bay kan du gå inn her på bluebaydivers.com 







Og så! Ja, det blir betre!
Snubla eg over ei side med HANG GLIDING i Byron Bay!
Hang Gliding, evt Paragliding er noko eg har hatt lyst til så lenge eg kan hugse!
To andre jenter var å hoppa i fallskjerm forrige veke, og eg vart nesten med (!!), men bestemte meg for at eg ikkje turde. Men Hang Gliding/Para Gliding SKAL eg i løpet av dei neste 15 åra uansett.



Eg har allerede sendt fleire mailar til ulike dykkebyrå og hang-glider-kurs, og håpar virkelig eg rekk begge deler på ein dag. Det hadde vore så utuleg digg!
Kostar litt, sjølvsagt. Men begge deler blir framleis billigare enn å reise nordover til GBR. Hurra!

Og mamma, dersom du les dette her: Ta det heilt med ro! Eg skal dykke ilag med ein instruktør som skal passe på meg heile tida. Og det er ein kjend dykkeplass. Og haiane i området er heilt ufarlege. Er ikkje sikkert vi ser hai ein gong.
Og ang hangglidinga - byrået eg har kontakta er svært seriøse, og instruktøren som skal fly ilag med meg er anerkjend som ein av dei beste i verda.
Så du ser meg igjen til jul - frisk og rask.
Eg veit du kjem til å bekymre deg - men hør på Eivind som seier at alt går fint.

5 kommentarer:

  1. Wow! ska sei du kan å få gjennomført ting der nede :D Herregud, så artig!!

    SvarSlett
  2. Så spennande!! Håpe alt ordna seg så du får me deg alt! :D

    SvarSlett
  3. =D
    Ja, med meg er det full rulle og høgt tempo - eg har iallefall fått høre det frå fleire her nede =p
    Håpa det ordna seg eg og =D

    SvarSlett
  4. Hehe, "duracell-Carina" slår til i Australia :p

    SvarSlett