mandag 22. oktober 2012

Første møtet med Vietnam!

Og Asia også, for så vidt..

Etter ein dag på skulen var endelig tida inne for å hive seg i taxien til flyplassen. Passet vart stempla, og vel inne på flyet til Singapore Airlines kjenner vi att seta med eigen tv-skjerm, seta som er mykje større enn dei i Noreg, men som no er blitt vane. Skrekk og gru når vi kjem tilbake til trange charterfly.

Før flyet lettar får vi ein hyggelig overraskelse. Ein fuktig kokheit steama vaskeklut. Ein til kvar. Ikkje verre einn det, men likevel sette det eit preg av luksus på tilværelsen. Ein varm klut i ansiktet med noko esteriske oljer akkurat idet klokka bikkar natt og når ein skal våkne til frukost er ikkje å forakte! Vi fekk også ei lita toalettmappe med strømper, minitannkost og minitannkrem. Kven treng vel buisness class?


Etter at eg såg filmen "hunger games" og åt nokre kyllingspyd til nattmat var det tid for å sløkke lysa og få seg ein blund. Eg tenkte at i haust skal eg bli skikkelig flink til å sove på fly, buss, tog osv. Men eg har framleis ein god veg å gå. Eg fekk sovet litt altså, før Vegard gjorde meg oppmerksam på at der var stikkontaker i seta. Då var eg superflink student, og opp med dataen. Her skulle det skrivast! Og eg rakk akkuat å bikke 4.000 ord før flyvertinna sa at vi måtte skru av alt elektronisk utstyr. Good feelin'.

På flyplassen i Singapore var det første som møtte meg eit nyoppussa, luksuriøst og reint toalett. Rett etterpå møtte eg på ein oase midt på flyplassen. Singapore har skjønt det!
Etter å ha levert oppgåva mi og valsa rundt litt var det plutselig tid for å kjøpe seg ein frappucino og gå til gaten. Men her fikk eg atter ein sikkerhetskontroll slengt i fleisen. Ved inngangen til venterommet. Og eg hadde knapt putta sugerøret ned i kaffien min. Då tok eg meg ein 5-minutters på ein ypperlig plassert og gratis fotmassasjestol.
Eg har ikkje telling på kor mange sikkerthetskontrollar vi plutselig møtte på på veg til Australia. Det var iallefall mange som kom brått på, når vi endeleg hadde kjøpt oss ei flaske vatn etter å ha måttet kasta den forrige.




Flyturen på 3,5t var raskt over (er berre barnemat det no!) ogvips var vi i Hanoi, Vietnam!

Noko av det første eg gjorde var å ta ut pengar. 3 millionar tok eg ut! Wehu. Og i dag har eg brukt heile 28.000 dong, kun på ein is og to flasker vatn. Stiv pris altså! Nesten 10kr har eg brukt....



Bussen som skulle frakte oss til hotellet var overraskandes stor, og var ganske så lekker. Turen til hotellet varte omlag ein time i følge Karoline. Eg har ikkje aning, for eg fekk meg ein ny venn, og satt heile turen og prata med ho som var vår vietnamesiske kontaktperson for i dag.


Vel framme i ei travel gate måtte bussen stoppe, og vi gjekk nokre kvartal for å komme til hotellet. All bagasjen til 20 studentar? Den lesser vi oppå ein minihengar bak ein scooter, vel! Det var ikkje snakk om at eg fekk løfte sekken min ned frå lasset, eller opne ytterdøra til hotellet, eller bære bagasjen opp til rommet. Eg skulle berre sitte i resepsjonen og bli servert iste, ansiktsserviettar og ein velkomsttale frå hotelldirektøren. Greitt det. Vi følte oss som kongelige. Og hotellomma som eg såg for meg var ganske små hadde ganske så store enkeltsenger, og mini-boblebad!




Vi fekk beskjed om at det var gåtur rundtom i byen om ein halvtime, og eg og Karoline rakk begge to både å dusje og gjere oss klare i tide! Berre for å vente i resepsjonen i 45min på andre frå gruppa som kom ein etter ein. Vi slo ihel tida med å bla i spa-brosjyrer, og smile over dei studentvennlige prisane. Leggane mine både gruar og gledar seg enormt, sidan eg på mystisk vis klarte å pådra meg massiv gangsperre ved å sitte i ro i 9t på eit fly.

Når vi vandra rundtom i byen følte eg at heile greia var surrealistisk. Denne plassen er berre heilt amazing! Gatene er stappfulle av folk og scooterar. Butikkane er smale, og lange. Og folk sit på plaststolar ute på gata og følger med. Gangvegane er så blokkerte av scootera at alle menneska går på bilvegen. Og det beste av alt: Viss du skal krysse vegen går du berre sakte og rolig ut i vegen og ber om at bilane og scooterar stoppar i tide. Dei gjer som regel det. Noko av det mest adrelinfyllte vi gjorde idag var å krysse ein enormt kryss! Og det fantastiske er at her kjører ein ikkje på venstre eller høgre side av vegen, her kjører ein der det er plass. Totalt kaos! Seinare på kvelden stod drosja vår i stjernemønster med titalls andre bilar og scooterar front mot front midt i eit kryss, før dei vrikka seg rundt kvarandre. Det skal nemnast at farten såklart ikkje er særleg høg, i og med at bilar, scooterar, syklar og mennesker bevegar seg på kryss og tvers langs alle gater.



















Vi såg også mange kule asiatar med spiss kjeglehatt, med pinne balansert over skuldra med bastkorger på kvar side, og ikkje minst scooterar og syklar som er lesst med varer med 45x storleiken til sykkelen. Feste er ikje naudsynt, sjåfører berre held det fast med ein handa og styrer scooteren med den andre! Eg varderimot litt redd for å ta bileter av mennesker, sidan dette kan oppfattast som uhøflig. Det vart difor snikbilder, og dermed ganske uklart.






Kvelden avslutta vi med å ete svær buffetmiddag på fin restaurant, etter at 13 av oss hadde venta 55min på at siste folka skulle bli klare såklart. Buffeten var kjempesvær, kanskje på storleik med den på Alexandra i Loen, men dessverre for min del var eller inneholdt 87% av maten sjømat. Og det i alle mulige variantar! Eg prøvde ein del nytt, men safe'a veldig med brødmaten og nokre slappe nudlar. 19 studentar gjekk stappmette frå bordet etter å ha proppa i seg både sushi, salatar, kreps, østers, skjell, og alt mulig av asiatisk mat. Medan eg vart sann ok mett og var veldig fornøgd med selskapet. Kjenner du meg rett veit du at eg elskar å prøve ut nye ting i matvegen, men hittill har ingenting av dei uttallige asiatiske tinga eg har testa ut vore særleg positive opplevingar. Eg kryssar fingrane for at dette endrar seg raskt!

















Til og med toaletta var zen, med veggpryd og duftlys..



Alt dette hadde eg å meddele etter å ha vore 9 timar i Hanoi. Trur det blir mykje lesetoff dei neste to vekene, dersom eg rekk å oppdatere undervegs!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar