onsdag 31. oktober 2012

Du veit du er i Vietnam når..

- befolkninga består av fleire undervektige enn overvektige personar.
- både folk, hus og kartet er smalt (fritt sitert frå guiden)
- skulane stenge dersom temperturen blir på 5-13*C (det blir aldri kaldare enn +5*C)
- bussen er raskare (og dyrare) enn toget.
- øl er billigare enn vatn.
- scooterar dominerar verda


- du finn spesialiserte gater. Ei gate med blomster, ei med jernvarer, ei med silke, ei med mat, ei med sportskle, osv.
- du ser gravplassar midt ute på risåkrane.


- dei grev opp desse gravene når det kun er beina att av liket, og plasserar desse i ei lita steinkiste på gravplass.
- ingen menn har skjegg på kinna, kun rundt munnen. Det er ikkje mote, det er biologi.
-  damer går med trekanthattar og menn med runde grøne soldathattar.



- alle kleda i butikkane er små. Str XXL her er på storleik med M i Noreg.
- det ikkje eksisterar ein einaste McDonalds i landet. (I love it!)
- det går waterbuffalos langs vegen.


- familiens hund er kjæledyr eine dagen og middag den andre dagen.
- du blir sett opp til (i stor grad!) idet du fortel at du snart er ferdig utdanna lærar.
- alle går rundt med munnbind.


- alle sit rundt om kring i gatene. Familiar sit ute på gata og et dagens måltid.
- du hører kommunististe opprop frå høgtalar i gaten 2 gongar for dag.



- offentlig aerobic i parken vekker alle nærbebuande med høg musikk kl.06 om morgonen. Ingen rolig tai chi her, nei!
- folk kastar søppelet utafor fortauet, og lar det ligge til søppelansvarlege plukkar det opp seint på kvelden.


- du får dobbel eller trippel pris på alle varer dersom du er bleik, og må prøve å prute ned.
- handsåpa inneheld "withening" ingrediensar.
- taxisjåføren kjører rundt og rundt og store omvegar for å svindle deg for heile 7 norske kroner.

Når eg føler meg som eit sirkus idet vi går gjennom gatene og blir beglodd av alle, og føler meg som ei dronning idet eg ankjem hotellet.


Peace out og god natt!
Snart skal eg fotelje om Sa Pa og dei siste dagane mine i Ha Noi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar