tirsdag 23. oktober 2012

Vietnamesisk mat, skule, museum, te, slott og spa.

Neida, det er berre dagen i dag eg skal skrive om. Men dagen starta grytidlig, så den har vore innhaldsrik!
Klokka 07 sat eg på restauranten og åt ein overraskandes god frukost. Stekt ris med grønnsaker og egg, brokkoli(!!), pannekaker, heimelaga superfersk youghurt, ferskpressa juice. Eg begynner å skjønne kor mykje dei 20.000NOK vi har betalt for denne Vietnamturen eigentleg er. Ja, det er mykje pengar i Norge, men her er vi i øverste klasse!
Ellers va der "velg-ingrediensar-og-vi-lagar-omelett/eggerøre/kva-einn-du-vil-ha", frukostblandingar, toast, frukt, pølser og tydeligvis ein à la carte meny som ikkje var så synlig.
Eg var veldig skeptisk til frukosten her, så var digg å bli så fornøgd sidan vi skal bu her alle nettene i Hanoi. Då får eg iallefall eitt skikkelig måltid for dag!

Ein halvtime seinare sat eg klistra mellom to andre i bakerste (3.rad) rad i ein taxi og var superklam på veg til skulen, Foreign Trade University. Luftfuktigheita her er nesten 100%, så sjølv om her berre er 25*C og ikkje særlig sol kjennes det ut som her er 40*C. Men det er kjekt å ikkje fryse da! I dag har ikkje vore like gale som igår. Sikkert vanesak.


Forelesinga om Vietnamese Language og Survival Skills var så som så. Vietnameserane er ikkje så gode i engelsk, men dei prøvar, det skal dei ha. Ca 10min etter at eg leita fram fyrstikkene til auga tok vi ei livsviktig pause. Då fekk vi "gratis" fingermat og kaffi/te. Og ein hyggelig prat.



 Utsikta frå toalettet.
"Tåka" er anten på grunn av forurensing, den høge luftfuktigheita, været eller alt.


Etter forelesninga stod vi tre evigheter i heiskø før vi fikk vite at der var trapper (i Brisbane har mange blokker kun heis og BRANNtrapper, så trapp er ikkje lenger sjølvsagt), og vel framme ved hotellet gjekk vi for å ete lunsj. Å komme fram var derimot ikkje så lett. Vi kjørte forbi gata til hotellet utallige gongar der vi streifa rundt og rundt, men sjåføren skjønte som vanlig ikkje bæret av kva vi sa når vi prøvde å vise veg.




Buffeet på vår utkåra lunsj-restaurant var omlag like skummel som i går kveld, så eg bestillte frå menyen - då visste eg iallefall kva som skulle ligge på talleken! Eg bestilte Hanoi Spring Rolls, noko kyllingstyr og Vietnamese Lotus tea. Sistnevnte kosta under 2kr! Då fekk eg oppdaga nye ferdigheitar - eg er virkelig eit naturtalent med spisepinnar! Åt heile måltidet med pinnar faktisk. Og ja, eg åt opp alt. Vårrullane var kjempegode, og eg var superfornøgd etter å ha 2 av 2 supre måltid for idag. Jubel!







På postkontoret rett etterpå vart skuldrane mine 7kg lettare, bokstavelig talt, etter at halve bagasjen eg tok med til Vietnam vart pressa ned i ei pappeske med fraktelapp til Norge. 3x så dyrt å sende med fly som med båt, men det er prisen å betale for at dåkke skal få julegavene i år 2012.


Litt telefonering seinare kapra eg ein taxi på ekte vietnamesisk vis slik at eg og Karoline kom oss til et-eller-anna-krigs-historie-museum som verken vi eller taxisjåføren visste kor var. Der var nemlig ei lita gruppe av Volda-gjengen, som vi fekk sjå igjen etter å ha lausrive oss frå ein mann som svarte "yes" på alt eg spurte/sa i håp om å få kjøre meg rundt på scooteren i bytte mot pengar.










På veg frå museet til eit slott (distansen tok 2min å gå) satte vi oss ned midt i gata på plastkrakkar som ekte vietnameserar og drakk typisk vietnamesisk "lemon tea". Una ville gjerne ta bilde av ein vietnamesisk mann på 78år som satt og naut sin te, og etter at vår studentkontakt frå FTU for dagen oversatte spørsmålet til han, kom han like såg odt bort til vårt bord. Kult! Litt etterpå kom ei fattig dame på 50år og turde å sette seg ned med oss også, etter å ha gått forbi nokre gongar og prøvd å selge nokre utsletne slippersar. Med FTU-studenten som tolk prata vi så smått, og eg kjende atter ein gong at livet mitt er surrealistisk hærlig.








Ditta er så typisk Vietnam som det går an å få det! På samme måte som nordmenn er født med ski på beina, er Vietnameserane født på scooter.
Heilt vanlig å sjå ein familie på 4 på ein scooter.
Vanleg å bruke scooteren til klesstativ, butikk, seng, oppholdstad og kanskje transportmiddel.















Slottet var flott, og når det var blitt mørkt ute reiste vi tilbake til hotellet. Då var det jammen tid for middag, men eg og Karoline kjende at kroppen hadde meir lyst på massasje enn mat og reiste på spa i staden for. Der fikk vi servert jasmine-te medan vi fekk vaska føta i fotbad med lime. Deretter var det tid for 75min full kroppsmassasje og 30min ansiktsbehandling, provided by bittesmå asiatiske damer. (Eg føler meg ein ein kjempe her nede). Lovely! Herligheten betalte vi heile 525.000 dong for, som tilsvarar ca 150kr.




Vandrande heim igjen gjekk vi forbi Dong Xuan Market, utan å bruke ein einaste dong. Er mange skattar å finne i gatene her, men eg blir stressa berre av tanken på all prutinga som må til.

Vel heime på hotellrommet er klokka no langt over midnatt. Er eigentleg for trøtt til å begynne å pakke og organisere no, men om 5 timar startar neste dag, og då reiser vi til Ha Long Bay!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar