fredag 21. desember 2012

På denne reisa har eg lært at

- Du ikkje skal ta det for gitt at minbanken vil gje deg pengar, sjølv om der er dekning på konto. (!!)
- Eg er veldig glad i å prate med fremmede mennesker
- Verda er ganske lita, faktisk. Og samtidig kjempestor.
- Ryggen min ikkje likar å spasere rundt i månadsvis. Ei skikkelig treningsøkt etterfulgt av litt påplassknekking av ryggen hadde vore godt.
- Det går heilt fint å reise til eit land utan felles språk så lenge du er positivt innstilt, har god tolmodighet og er uhyre fleksibel.
- All slags mat smakar 5x betre berre du veit kva det er og kan skape assosiasjonar. Norsk mat ser heller ikkje innbydande ut, kanskje. Eg trur 20% av smaken ligg i psyken og innbillinga/forventningane.
- Eg er dårlig på å anta vekt. Ein koffert eg trur er 23kg kan vise seg å vere 18kg eller 26kg i staden for.
- Eg klarar ikkje å sove skikkelig når eg må dele seng med nokon (andre enn Tor). Eg vaknar kvar gong den andre personen vurderar å bevege på seg eller er på nippet til å lage ein lyd. Å dele rom er derimot ingen sak. Har eg mi eiga seng kan eg sove med fulle mannfolk som bankar i veggen.
- Det er lett å prute, men ikkje alltid meiningsfullt. Kva så om eg får sokkeparet til 13kr eller 15kr? Dei 2 kronene spelar inga rolle for min del, og det er faktisk eg som smiler sist når kassadama smiler overlykkelig over å ha "lurt" meg og fått ein ekstra (viktig) slant.
- Eg er konfliktsky og kanskje litt pinglete når det gjeld å konfrontere. Men det visste eg eigentleg frå før av.
- Eg må passe på kroppen min når det gjeld kosthold og mat. Kroppen min passar ikkje på meg. Eg kan bli svolten 2t etter eit måltid, eller 14t etter eit måltid. Så eg må passe på klokka og ikkje berre høyre på kroppen.
- Huda mi elskar tropiske klima og får fnatt med ein gong de blir kaldare i lufta.
- Eg er ikkje skapt for badstu og varme innandørs bad. Sjølv om det gjekk greit før. Dersom eg skal bade må eg ha ope eit vindu. Avtrekk og vifte er ikkje tilstrekkelig.
Eg holdt på å besvime når eg tok meg eit langt bad i Brisbane. Eg vart svimmel når eg dusja i Kyoto før eg huska å skru på avtrekket. Eg vart slakk og uvel ved boblebadet i Tokyo, til trass for ope vindu. Mykje vassdamp i lufta og varme er visst inga god kombinasjon for meg. Badestamp ute er tingen. Då blir hovudet avkjølt.
- at lån og stipend ikkje strekker til. Første halvåret sidan ungdomsskulen at eg ikkje har arbeidd og tent pengar ved sidan av studia. Kombinert med reising har ikkje sparekontoen akkurat vokst dette halvåret. Hadde berre den norske krona vore litt sterkare dette halvåret!
- Kinesisk sjokolade ikkje er godt
- Japaneserar er det høfligaste og hyggeligaste menneskeslaget på denne jord
- Blogspot har grenser for kor mange bileter du kan laste opp. Og du må anten betale pengar eller vere superkløktig for å klare å laste opp bileter etter dette.
- Dersom du flyg med Southern China Airways og mellomlandar 12t ei natt i Kina, så fiksar dei gratis overnatting til deg. Du treng ikkje bruke pengar på å reservere hotellrom på førehand, slik som vi gjorde.
- Kinamat du får heime i Noreg ikkje er det same som kinesisk mat. Indisk mat du får i Noreg er heller ikkje det same som mat i India.
- dykking er kjekt og ikkje noko skummelt! Eg err no sertifisert Open Water Diver. 
- at det er stoor forskjell på eit 3 stjerners hotell og eit 3 stjerners hotell. Kvalitet er berre flaks.
- eg klarar meg heilt fint på eiga hand i fleire månader. Men også at eg er svært glad i dei heime, så eg er glad for at eg reiser tilbake.

Det er fleire ting eg har tenkt på undervegs. Men dei hugsar eg sjølvsagt ikkje akkurat no..

Tusen takk for turen, alle som var med og alle eg møtte. Den hadde ikkje vore det same uta dåkke!
Og takk til dåkke heime som har fulgt turen her på bloggen.

No skal eg nyte dei 6 vekene mine i Noreg med kjæreste, familie, vennar, julefeiring, eksamen, jobbing, studium og mykje kos!

torsdag 20. desember 2012

Bangkok.

Vi var ikkje så flinke til å utforske Bangkok. Etter ei heftig rundreise på 105 dagar vart det ikkje så høgt tempo på dei siste to. Men vi utforska takterrasen med svømmebasseng ein heil del. Vi låg der omlag heile første og andre dagen, til sola forsvann bak taket kl.15. Det var riktignuk skya mestedelen av dagane, men det var berre deilig, så steikheitt som det var. Vi orka ikkje mykje sprell i den heten, og føler vi har sett nok av både tempel, butikkar og by generelt. Bangkok er sikkert eit super by med litt av alt. Men med tanke på alt vi har sett denne hausten, så fann vi liksom ikkje noko nytt, eller noko særeige med bangkok. Eg hadde litt lyst på floating market, men dei fleste var langt langt unna, eller så kosta det fleire hundrede kroner (!!) å leige seg ein båt så ein kunne delta.

Første kvelden reiste vi til Silom og Pangang market. Der pruta vi mykje, men sjølv om vi fekk prisen ned i 30-40% av det dei opprinnelig ville ha, følte eg ikkje at det var særleg billig. Var nesten billigare i butikkane på Koh Tao, faktisk. Men eg fekk no brukt litt peng likevel. Dvs, det vart ikkje brukt så veeldig mykje. Med berre tresiffra på bankkontoen kjem eg meg såvidt heim, og kunne ikkje handle stort mykje meir enn å bruke opp bahtane eg hadde til overs.


Andre og siste kvelden reiste vi på Hard Rock Cafe og avslutta heile turen vår med eit alt for stort måltid, atter ein gong.


Neste morgon stod vi opp og byrja på vår lange tur heim til vestlandet av Noreg!


Koh Tao

Skal eg skildre denne plassen med eit ord må det vere “ferieparadis”!

Etter ei mellomlanding I Bangkok landa vi på flyplassen i Koh Samui. Og kven kan vel ikkje få feriestemning der?? Flyplassen var mange bungalowar med vegar mellom og tak over. Ingen dører. Skikkelig liten, og herlig stemning. Varmen var deilig, og eg var superkomfortabel etter å ha skifta ut langbuksa med shorts og singlet.


Etter å ha venta ei stund på Koh Samui og tatt båten over til Koh Tao byrja eventyret. Dykkerselskapet henta oss på kaia, og vi hoppa bak på lasteplanet av ein jeep saman med bagasjen.


Det er forøvrig slik ein gjer det på Koh Tao. Alle kjører jeepar/pickupar med store lasteplan der folk kan sitte. Ein tar av seg skoa dersom ein går inn på ein butikk, restaurant, etc. Mange går rundt barføtt i gatene, dette også inkludert meg sidan eg var ein av 5% av øyas befolkning utan flip-floppar som er enkle å hoppe inn og ut av 20 gongar dagleg., og resten går rundt i – som sagt - flip-floppar. Når ein hilser eller takkar set dei handflatene saman, peikar fingrane rett opp, bøyer hovudet og smiler medan dei sei noko på Thai. Og ja. Øya har ca 2500 innbyggerar, og 52 dykkerselskap. Det seier litt. Koh Tao er eit dykkerparadis!

Som fører meg til kva vi brukte dagane til på denne øya. Ta dykkerlappen.
Papirarbeid, mange videoar, fagbok, heimelekser og leksjonar var del av kurset. Men det var også dykking!
Superartig instruktør. Herlig atmosfære på dykkersenteret. Kjekke «medstudentar» i gruppa. Hav. Båt. Litt sol. Nydelige korallar. Fantastisk fiskeliv. Og herlige dagar. Love it!

Når vi skulle ut å dykke gjekk vi først ut i vatnet og hoppa om bord i ein typisk thailandsk båt. Som blir brukt til taxi her. Sanne lange båtar , med eit langt rør bak med propell i enden, som ein styrer båten med. Denne båten tok vi ut til ein større båt, som var basen vår for dagen. I tillegg til dykkerutstyr hadde den kaffi, te, kjeks, frukt og eit tak kor vi kunne nyte nokre minutt med sol og sjøluft mellom dykka. O'lykke! Eg elskar virkelig båtlivet. Berre synd eg blir så fort sjøsjuk.

Eg gleda meg til sjølve dykka. Eg naut livet på båten. Eg kosa meg på land. Eg koste meg frå grytidlig på dag (vi dykka før kl.07 om morgonane) til mørke kvelden.

I løpet av dykka våre såg vi superfine korallrev og nydelige fiskar. Ein del store fisk og! Eg fekk meir og meir kontroll over utstyret og buoyancyen (korleis halde seg flytande i vatnet utan å flyte opp eller søkke ned eller bruke mykje energi) og vart stadig imponert over livet under vatn. Fisk er ikkje slimete ekle ting lenger. Fisk er vakre. Dette er litt av kva vi såg:


Vi gjorde også mange «ferdigheitar» som vi måtte bestå. Skin diving med snorkel, symje x antal meter og ting under vatn. Miste lufttilførselen, fjerne vatn frå maska, kontrollere boyancy og mykje anna. Og ein teorieksamen på slutten.

Det gjorde heller ikkje noko at vi dykka rett ved sidan av dei berømte øyene nær Koh Tao. Dette er typisk bilete frå google:


Etter dykka, og etter å ha vaska og rydda opp i alt utstyret, tok eg meg ein symjetur på stranda. Det var så deilig å symje berre i bikini etter å ha vore nedlesst med 20kg dykkerutstyr! Og vatnet? Herlige 29*C! Funka litt dårlig som avkjøling, men vi hadde overskya vèr alle dagane med berre litt sol innimellom, og dessutan tilbrakte vi dagane under vatn eller innandørs, så vi hadde ikkje så stort behov for avkjøling uansett.

Når dagen var ferdig ein eller anna gong mellom 15 og 17 satt stort sett Karoline på data for å gjere ferdig eksamensoppgåva, medan eg satt ute og las i fagboka eller vandra utolmodig rundt.
Kveldane gjekk vi ut for å ete eller vandre litt i dei koselige smågatene, og nettene tilbrakte vi på bungalowen vår oppe i jungelen. Hytta vår delte vi med nokre cm med skit, ca 7895 maur, 598 mygg og eit par andre småkryp. Vi følte oss ikkje heilt komfortable der, men det var ikkje mange timar av døgnet vi tilbrakte der uansett. Det beste med bungalowen var hengekøya ute på verandaen. Berre synd eg ikkje klarte å ligge i den meir enn 5 min før eg fekk noia av all myggen. Det såg verkeleg ut som eg hadde vannkoppar eller noko. Eg hadde 49 myggstikk, frå knea og ned!















Etter å ha tatt dykkerlappen reiste vi over til andre sida av øya for å nyte late dagar på ei lita aude strand. Vegen til denne delen av øya var så dårlig at dei fleste «taxiane» altså jeepane nekta å kjøre der. Stupbratt. Steinete, humpete. Berre å tvihalde seg fast bakpå lasteplanet. Men bumessig var det ei stor oppgradering da.

Første kvelden reiste vi tilbake til hovudstranda for å møte dykkergjengen og feire «uteksamineringa» med middag og ein drink. Det vart ein rolig kveld sidan alle hadde vore vakne sidan kl.06 om morgonen, og sidan dei fleste skulle dykke igjen neste morgon. Alkohol og dykking er fyfy. Eg trur taxisjåføren vår heim den kvelden var meir berusa enn kva vi var.
Eg tenkte litt på det då eg satt det, bak på ein jeep og haldt meg fast, på ein uhyre dårlig veg. At det var ikkje mykje som skulle til, ein uventa stein og eit lite slyng utav bilen– så var det katastofe. Men vi overlevde.

Dagen etter var bikinidag nr.1. Denne dagen var det faktisk sol! Så varmt at eg blei avkjølt av å bade i vatn på 29*C. Trur det var meldt 36*C, i skyggen, og meldingane tek alltid svakt i.

Om kvelden skulle vi berre pynte oss og ete middag. Men jammen vart vi ikkje med på eit nattdykk i staden for! Arrangert av dykkersenteret på hotellet. Vips var eg 1/5 på veg mot Advanced Diver. Jaja. Vi skulle eigentleg ut til eit vrak av ein katamaran, men fann det ikkje i mørket. Men vi såg mange korallar, kreps osv. Og når vi sløkte lyktene våre og veiva i vatnet med henda såg vi planktona som lyste opp. Det var ganske kult! Som å sjå masse ildfluger. Eller snø (meinte thaiane som tydeligvis ikkje har sett mykje snø i sitt liv). Tett i tett i lysande små prikkar. Vakkert.

Dagen etter gleda vi oss til andre og siste solingsdag. Vi leigde snorkel og tok ein liten dupp før frukost. Dei største dyra er nemlig oppe tidlig på morgonen. Nokon dagen før hadde sett ein 60cm lang hai! Men det såg ikkje vi. Litt bølgjer og urolig vatn, men vi fekk sjå mykje korall og mange fisk, og brukt opp undervasskamera våre.

Superklare for å sole oss blei vi skuffa når det byrja å lyne og tordne, og pissregne. Før kl.10. Og det varte heile dagen. Unfair.
Så denne dagen gjorde eg.. Ingenting. Kjeda meg faktisk. Det er lite å gjere i syden når det er dårlig vèr, du ikkje har internett, sivilisasjonen med næraste butikk/menneskelig aktivitet er på andre sida av fjellet og du berre har 14 sider igjen i boka di. Og eksamen er levert (hurra!).

Neste morgon vakna eg kl.08:03 av det kraftigaste tordenskrallet eg nokonsinne har hørt. Supernært! Men uværet gjekk fort forbi, og etter at vi hadde sjekka ut fekk vi oss ein lite time i sola før vi byrja reisa mot Bangkok.












søndag 16. desember 2012

Du veit du er i India når

- du våknar midt på natta av at det luktar kloakk på hotellrommet.
- mannen på hotellet må fortelje deg kva side av vasskrana som er varmt vatn. Du klarar iallefall ikkje å finne det ut sjølv. (Heilt sant, altså.)
- du føler deg meir skjeten etter at du har dusja eller vaska deg.
- du vaskar håret i vasken fordi vatnet i dusjen er umenneskelig kaldt. Og er glad du har tørrshampo og våtserviettar
- vatnet i springen luktar kloakk
- du føler deg kvit. Skikkelig kvit.
- når absolutt alle stirrar på deg som om du er ein turistattraksjon
- du får servert sjarlottløk og noko grøn guffe og kanskje også eit flatbrød med fiskesmak til forrett.
- du får rare ting som tilbehør til rekninga. Som smakar mint, lakris eller liknande. Bittesmå bønner/perler/steinar.
- ein berre parkerar bilen midt i vegen og lagar traffikkork.
- mennesker og bilar delen vegen "best" mulig. Er ikkje mange bilar her som ikkje er oppskrapa.


- nesten alle kvinner går rundt med sari og pasjmirsjal.
- klesbutikkane er fulle av nydelige kjolar/sariar i alle mulige fargar, med alle mulige mønster og ulike detaljar. Svært vakre, men eg kan diverre ikkje gå med noko slikt hverken her eller heime utan å føle meg som ein klovn.


- Mange menn går rundt med turban på haudet. Sikhar, I guess.
- Mange menn går rundt i "kjolar", med eller utan bukser under.
- mange menn har bukser som berre er laken snurra rundt beina på snodige måtar.
- Maten er sterk på ein god måte, på grunn av alt krydderet, i motsetnad til i Kina der kun chilli var grunnen.
- Apekattar sit overalt i vegkanten, litt utafor sentrum.


- du pussar tenna og plutselig tenker «søren» fordi du har brukt vatnet frå krana.
- selgerar til slutt godtek at du ikkje vil kjøpe noko av dei, men likevel følger etter deg for å prate, invitere deg til ein kopp te ilag med mor hans eller inviterer deg ut på fest osv fordi du har så vakre auge eller berre generelt er så vakker.
- du ikkje kan kjøpe eitt armband, men må kjøpe dei i par på to eller fire. Dette gjeld «bangles» altså, som er stive armband i tre/metall/lær/plast/glitter/etc som du berre dreg inn på handa.

- du kan få «bangles» i ulike storleikar, slik at eg kan finne nokon som ikkje dett rett av handa mi. (Eg kan ikkje kjøpe slike armband i Europa eller Australia).
- du skrur på airconditionen på «heat» og 26*C, og temperaturen i rommet går frå 20 til 18 celcius.
- du kan ete Nan-brød fleire gongar for dag utan at nokon ser rart på deg (bortsett frå kanskje Karoline). Hurra og namnam!
- inngangspengane til eit monument er 40 rupi for "indians" og 200 rupi for "international tourists".
- menn pissar overalt
- det er kyr overalt (bortsett frå i New Delhi, byen).
- du stadig blir fasinert over kor mange dei klarar å presse inn i små bilar. Ikkje uvanlig å ha 14stk i ein bil med 7 seter! Ofte ser du lasteplan fulle av mennesker.


- ikkje tør å gå rundt med kamera i handa
- Hundar vandrar overalt og ser stakkarslige ut.
- Stopp ved lyskryss betyr at små ungar og skrøkelige voksne kjem og bankar på bilruta di.
- Det kjennest ut som handkle og sengekle er dynka i talkum, konsistentmessig. Og det kjennest ut om hnda dine er fulle av talkum på grunn av dette.
- du er heilt nedstøva etter ein dag ute i gatene.
-alle kallar deg "ma'am".
- bilar er dekorerte med skrift, teikn, maling, duskar osv. Tuk-tukar og lastebilar spesielt.


- Midtrabattane i vegane er fulle av menneske som søv og lev sitt stakkarslige liv.


- menn står midt ute i gata kun iført boxer (ikkje alle som har såpass eingong) og vaskar seg/dusjar.
- lastebilar, traktorhengarar osv er overlesste.


- det står «horn please» bak på alle lastebilane
- gatene er fulle av småsjapper der dei sel lange remser med små foliepakkar. Ser om som ei remse med kondomar eigentleg. Men det er tyggetobakk i ulike variantar.
- folk (spesielt damer) bær ting på hovudet


- lista «du veit du er i landet» blir så long at du burde dele det opp i fleire innlegg.
- alt eigentleg er ganske billig, men du endar opp med å bruke uhorvelig med pengar likevel. Tips til sjåføren, tips til guiden, inngangspengar til ulike monument, tips på restaurant, tips til pikkoloen, bilete av deg sjølv på elefant, tips til mannen som tok bilete av deg på kamelen. Pengane fyk!
- alle trur du er styrtrik og skrur opp prisen. Og ikkje skjønnar at du ikkje kan kjøpe 15 «kvalitet» kasjmir/pasjmin-skjerf til 150kr stykke, eit stort golvteppe, gullsmykker til heile familien, osv. Beklager, men det er desverre ikkje difor eg er her! Greitt nuk at det er billigare her. Det treng ikkje bety at eg vil storhandle.
- ein skal ete med høgre handa.
- gatene er fulle av kyr, geiter, kamelar, hundar, villsvin, apekattar og mennesker.
Og dei et søppel.
- fattigdomen er slåande
- det tek tid før ein skjønar at kvinna har på seg burka, fordi den er så fargerik og fordi omlag alle kvinner går tildekte med sjal uansett religion.
- du ser fullt av kumøk"kaker" langs landevegane som ligg til tørk. Desse blir seinare brukt til brensel.
- kamelane er friserte, mala og «pynta».


- trestammane blir malt etter at dei er stussa.
- nesten alle menn går rundt i skjorter. Ofte under vest. Eller ofte skitne og slitte.
- dorullen er bitteliten, enden er teipa fast og den er innpakka i stivt papir.
- kyr har smykker. Og går anten heilt fritt, eller står i korte band.


- kyr blir vaska. Som i full kroppsvask/dusj. Ofte.
- det er mange bittesmå hus langs vegen, som du ikkje fattar at nokon kan ha som heim.
- lastebilane som passerar deg har høg musikk som duvar i lufta ei stund. Anten type Bollywood eller type arabisk sjeik opplegg.

Eg kunne nok ha funnet fleire bileter til dei andre punkta, men senga mi skrik at eg må gå å gje den ein klem, så dåkke får klare dåkke med dette.

Landet er ei herleg blanding av Bollywood med fargerike sariar, paljettar og stas, Afrika der menneska bær ting på hovudet og lever direkte av naturen, Midtausten med lakenkledd gjetar med stokk og ein flokk geiter eller sauer og slum med utruleg fattigdom. Desse fire elementa ilag skapar landet India.

lørdag 15. desember 2012

Agra. India-avslutning med glans.

På veg mellom Ranthambore og Agra stoppa vi ved Fathepur Sikhri, eller noko i den dur. Det var heilt ok, men vil ikkje anbefale det til andre. For å kunne gå inn i sjølve bedehuset måtte vi visst kjøpe eit klede, blomster og hyssing for å ofre. Og inntektene skulle gå til skule, småbarn, fattige kvinner osv. Greit nuk det. Det som irriterte meg var at vi ikkje fekk spørsmål om vi ville kjøpe og gå inn. Vi fekk berre spørsmål om vi ville kjøpe lite, medium eller stort sjal. Og når eg sa at det måtte bli det minste og billigaste, dog sviiindyre, sjalet prøvde dei å overtale meg til å kjøpe eit av dei større. Og etter å ha svindla utav meg pengar spør dei «you happy?!» og gliser. Kva vil du eg skal svare, liksom? At eg syns heile opplegget er reinspikka tull, og at eg ikkje trur at eg kan få tre ønsker oppfylt ved å betale blodpris for noko tøy og blomster? Seinare prøvde også guiden vår å overtale oss til å kjøpe ting av seljarane eg prøvar å unngå som pesten. Han spelte på samvitet våra, sa vi måtte gje pengar til eit lite lokalsamfunn osv. Eg kjøpte ingenting, og gav guiden svært lite i tips med kommentaren «I don't have any more money left now, I'm sorry». Småirritert over at 100% av den indiske befolkninga trur at eg er styrtrik og kan strø rundt meg med tusenlappar, satte eg meg i bilen på veg mot Agra. Ja, eg har det utruleg godt i samanlikning med andre, men det må no vere måte på.

Sitat frå anna turistbutikk vi motvillig vart dradd med til:
«Skjerfet kostar 140NOK. Kor mange vil du ha? 10? 15?»
Også blei han sur når eg sa eg syns det var dyrt, og ikkje ville ha meir einn eitt. Eg ville eigentleg ikkje ha eit einaste..
Det skal nemnast at eg forrige dag kjøpte eit enda finare skjerf på gata til 20NOK.
Jaja, nok om det. 
Bilete frå Fatepur Sikri:

 Vi kjører tuk-tuk









Den første kvelden vi ankom Agra åt vi middag på takterrassen til hotellet. Som alle andre kveldar i India var det dagen for bryllaup. Vi fekk dermed med oss spetakkelet som utspelte seg i gatene under oss, vi såg stjernehimmelen over oss, det vart skote opp rakettar få fleire plassar rundt oss og utover såg vi Agra sine bygningar. Det var nesten litt romlemantisk, og sjølv om Karoline er upåklagelig selskap kjente eg at det var ein viss person som mangla.

Så var dagen der. Det var tid for å sjå Taj Mahal. Eit av verdas sju underverker, og den største turistattraksjonen i India. Guiden fortalde mykje interessant, sola skein og dagen var fin. Inne i sjølve gravkammeret var det så trangt og folksamt at der var bileteforbud, kun fordi folk ikkje skal stope opp men gå vidare slik at andre får komme inn. I staden for å skrive mykje om det, viser eg dåkke heller eit drøss med bileter.

















 Mykje aske i elva. Frå krematoriet ved sidan av..










Etterpå reiste vi til Agra Fort. Som var fint og flott. Kan anbefale det ;) Var ikkje så mange seljarar der, og guiden vår var på lag med oss og ikkje seljarane. Big difference.















Også kan Inderane vere ganske morosame. Ufrivillig også.
Ein dag vi kjørte gjennom byen kom nokon syklande opp på sida av bilen. Heilt vanleg.
Inderen var såklart fornøgd med å sjå to bleikfisar, og smilte som berre det og stirra og vinka. Eg vinka tilbake og såg eit sjokka ansiktsuttrykk idet han sykla rett inni sykkelen foran.
Heldigvis kom vi opp i høgare fart akkurat då og kjørte forbi så eg og Karoline kunne bryte ut i latter utan å vere alt for frekke. Kanskje ikkje så morosamt no, men ganske så artig der og då.

Så sette vi kursen mot Delhi. Etter om og men fekk vi endeleg forklart sjåføren at vi ville på Hard Rock Cafè og ordne vidare taxi sjølve i staden for å sitte 7 timar på flyplassen og vente, og vi avslutta India-opphaldet med å ete tredobbelt av det magen hadde kapasitet til.

Takk for meg, India!
Meir oppsumert om Indiaturen og raritetar kjem i innlegget "du veit du er i India når".