onsdag 5. desember 2012

India! Delhi hit og dit.

Etter ei lang mellomlanding i Kina der vi sov på luksushotell med verdas beste senger i alt for få timar, var vi framme på flyplassen i Delhi. Og jammen var der ikkje ein inder med navnet mitt på ein lapp som stod å venta på oss, og bekrefta at vi ikkje hadde betalt pengar til ein lykkelig svindler.

Framme på hotellet trur eg vi sovna på senga. I allefall trur eg eg gjorde det.
Seinare gjekk vi ut i gatene rundt hotellet og kika litt i butikkar. Det vil seie, vi såg på varene som hang ute på gata stort sett, og tviholdt på veskene og følte oss så beglodd og masa på at vi knapt visste kvar vi vi skulle gjere av oss.

Eg turde faktisk ikkje ta med kameraet ut. Ikkje berre fordi eg trudde det kom til å bli nappa ut av henda på meg. Men også fordi eg ikkje hadde turt å tatt bileter. Her er folk overalt! Og eg trur ikkje det er så veldig populært å ta bilete av dei. Då kjem dei vel å rappar kameraet mitt og denger meg.

Det eg såg denne dagen var fullt av laushundar overalt, mange smågater og fullt av menneske i sariar, fargerike sjal, turbanar, skjetne skjorter, slitte dressbukser, barføtt, og berre så utrulig mykje at eg ikkje eingong klarar å hugse det eller sette ord på det. Trafikken er full av tut-tuk'ar og rickshaw'ar, og livet er så kaotisk som ein ser på film. Bilete av ei mor med to ungar som prøvde å krysse vegen brant seg fast i netthinna mi. Dei var så støvete og skjetne at ein ikkje kunne bedømme kva hudfargen deira eigentlig var, eller kva fargen på klea eigentleg var. Håret var nesten tova, tufsete. Ustelte, rett og slett. Fattige. Og er ein fattig i India, så er ein jammen fattig! Mange sterke bilete rundtom, og eg kjenner det ofte på kroppen. Det er faktisk så gale at eg ikkje kan tenke så djupt over korleis livet virkelig er for nokre av dei, for det er for sterkt, og det hadde brutt meg heilt ned. Eg må distansere meg. Trasig.

Etter ein superindisk middag (eg veit som vanleg ikkje kva eg åt, sidan eg 95% av gongane må prøve noko nytt og spennande) for hyggelig lite pengar trur eg vi tok tidlig kveld.
Det er i skrivande stund dag 4 i India, og ting går litt i surr.

Dag 2 i India var det iallefall tid for sightseeing!
Heilt ærlig følte eg at vi kjørte dit, såg litt, kjørte dit, såg litt, kjørte dit, såg litt, kjørte dit, åt lunsj, kjørte dit, såg litt, og så var vi ferdige.
Vi fekk sjå veldig mykje som India har å by på, men eg føler ikkje at eg faktisk såg noko av det. Kvar gong eg eller Karoline ville ta bilete av kvarandre følte eg at vi var til bry, så det blei mest monumentbileter. Men eg fekk bileter altså.

Qutub Minar. Eit hindutempel som muslimane tok over og bygde om til moske.













Lotus Temple. Utrulig vakkert i mine auge. Tilhører religionen Baha'i.








Eit minnealter til ære for Mahatma Gandhi




India Gate
Og utanfor her gjekk det faktisk ein mann med trefløyte og spelte «bjelleklang». Eg fekk ikkje akkurat julestemning.







Rashtrapati Bhawan. Boligen til Indias president.






Red Fort. Dit skulle vi inn, trudde eg. Men det skulle vi visst ikkje likevel.
Vi skulle også eigentleg til Humayun's Tomb. Ikkje veit eg kvifor det ikkje blei..




Jama Mashid. Ein stor moske og gravkammer. 















På veg ut att var der ein slangetemmar. Og eg svarte nei på om eg ville ha bilete av meg med slangen før eg rakk å tenke meg om. I ettertid angra eg nesten, for eg kjende at frykta for slangar ikkje var der, og settingen var så rolig at eg trur faktisk eg hadde takla det. Hadde vore kjekt å utfordra seg sjølv litt, bli kvitt frykta for slangar. Menmen.



Også var vi på ein cycle rickshaw, og det var kjekt! Vi sykla gjennom Old Delhi, der gatene er så crowded at bilar ikkje slepp inn.
Folk såg såklart på oss, men det er einaste gongen i India eg har turt å ta bilete i gatene utanom gjennom bilvinduet. Ekstra kjekt at syklisten var artig, snakka bra engelsk og stoppa og peika ut kva eg måtte ta bilete av. Då følte eg iallefall det var greit å ta bilete.


 Der er ein mann som ligg å søv inni der...



 Tuk-tuk, cycle rickshaw, scooter, bil, buss og fotgjengerar. God blanding i gatene!


 Kvifor gå inn i bussen når du kan stå utafor?

 Søndagsmarked. Folksomt!

 Bustad: midtrabatten. Sørgelig..


















 Frisørar og spesielt barber-shop er ute på fortauet. Gjerne med speil hengande på eit gjerde, og ein lten krakk.




 Barber





 Kjøtt?

 Høne?

 Fisk?








Seinare sovna eg ufrivillig på senga mi igjen. Det er tydeligvis travelt med så mange nye inntrykk. Men på kvelden vekte Karoline meg og drog oss ut. Vi fekk så smått handla og kika litt, og allereie denne kvelden merka eg at eg var varmare i trøya og tryggare på meg sjølv i desse gatene. Høgdepunktet var at eg fekk fjerna ein god del av framandfrykta mi mot menneske i turban. Mannen, som truleg var sikh, i svart turban og med langt skjegg (ja, akkurat slik du ser for deg) jobba i eit lite gate-konditori og var superhyggelig mot meg så eg fekk kjøpe meg eit saftig mørkt sjokoladekakestykke. Artig var han også. Endra litt av synet mitt på inderar ein møter på gata.



Neste morgon reiste vi avgårde til Jaipur.

For meir inntrykk av korleis India er, gjennom mine auger, henviser eg til innlegget «Du veit du er i India når» som kjem straks. Der skriv eg meir om småting som er typiske, sære og spesielle. Som gir den heilt spesielle kulturen. 






 Dette er eksklusiv high fashion. Berre å ta til seg! Hehe.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar