fredag 30. mars 2012

ADHD

Etter at eg var på informasjonsmøte om AA-studiet for to dagar sidan, der vi fikk mange nesten bekrefta reisedatoar, har eg sittet parat foran dataskjermen.
Eg har sikkert søkt på 80 ulike flyreiser mellom ulike land og byar. Googla togtider, bilettprisar, destinasjonar, attraksjonar, guida opplegg, inngangspengar, overnattingmogelegheiter, prisnivå osv i over 30 ulike byar, og snart 10 ulike land.
Eg har no skissert ei reiserute. Korleis vi skal kome oss frå by til by og land til land. Kor mange dagar vi skal vere i kvar by, kva vi kan sjå og gjere her og der, kva ting kostar. Kva rekkjefølge vi bør ta det i, både prismessig og praktisk. Eg har sittet i timesvis og dagesvis, og har eigentleg fått planlagt så mykje at eg ikkje veit kva eg skal gjere dei neste 4 månandane. Eg vil planlegge meir, sjå fleire land, men treng snart ei månad ekstra dersom eg skal rekke heim til jul.
Reiseruta no er omlag den eg skisserte for dåkke sist. Men eg har gått meir grundig til verks, i allefall når det gjeld India og Kina. Slik det ser ut no kjem vi igjen frå Vietnam ca 4.november. Deretter skal vi vere i Brisbane i 2 veker, skrive ferdig oppgåva vår og slikt, før vi reiser rundtom i Asia frå 19.nov til 16.des. Eg har satt av omlag 8 dagar i Japan, 10 dagar i India og 9 dagar i Kina.
Eg har fått med meg Karoline på planane, så lenge det ikkje blir for dyrt. Men eg føler at eg har kjempa gjennom Japan og India (eg SKAL! hehe), medan Karoline kun har fått Kina, så eg er litt redd for at eg bestemmer vel mykje.. Eg er berre så ivrig!
Samtidig lurte vi på å putte inn eit lite land til. Eg syns Kambodsja verkar utruleg spanande. Samtidig hadde det vore deilig å reist til Indonesia, Fiji eller Filippinene. Kanskje midt imellom India og Kina, slik at vi får eit par late dagar mellom storbyane. Berre google "Indonesia beach" eller noko i den dur. Eg heldt på å besvime når eg såg kor nydelig der er! Trykk her for å sjå!
Diverre trur eg ikkje vi får tid, med mindre vi til dømes kuttar ut nokre av destinasjonane i India. Og det blir også ein del dyrare. (Er K derimot gira er eg med på eit blunk!) Vi kan trøyste oss med at stranda i Goa, India også ser herleg ut. Og Vietnam , vi må ikkje gløyme Vietnam. Eller Australia. Blir nuk bra med strender.
No har det seg også slik at eg har planlagt så mykje at stakkars Tor blir heilt overkøyrd. Han har nuk veldig lyst å reise og oppleve, sjølv om han påstår at han ikkje har tid. Eg trur derimot han har mest lyst å oppleve Australia, og klarar seg fint utan Asia. Har vil iallefall ikkje til India, har han sagt.
Så då har eg delvis planlagd på hans vegne at han kan komme til Australia i løpet a dei seks vekene vi er i Brisbane, før Vietnam. Så kan han vere med å reise litt rundt i Australia. Og kanskje vi kunne reist 4-5 dagar til Fiji?? Det er jo perfekt for Tor med tanke på dykking/snorkling?

Nei. No må eg roe meg kraftig ned..
Eg skulle ønske det berre var 1mnd igjen til avreise!!
Flaks at eg kan glede meg til Trondheim i april, Kreta i juni, Malakoff i Juli,  Australia i september + oktober og Vietnam i oktober også.

fredag 23. mars 2012

Eventyret hausten 2012

For nokre dagar sidan var eg på intervju angåande Austral-Asiatisk kulturstudium. Og det gjekk svært så fint vil eg seie. Ein uformell hyggeleg prat, der eg følte eg hadde gode svar på omlag alle spørsmåla eg fekk. Eg fekk skryt for språket mitt, innstillinga mi, søknaden min, at eg hadde tenkt nøye gjennom dette osv. Det var altså ikkje så overraskande at eg fekk mail om å komme på informasjonsmøte, men likevel uhyre deilig å få det bekrefta. Så no gjenstår det berre for meg å takke ja til plassen, så blir det Australia og Asia på meg i haust! Såfremt ikkje noko dels uventa dukkar opp.

Så desse plassane skal eg definitivt besøke i haust:

AUSTRALIA:

Bourke - the gateway to the outback.
Du kan lese meir om det "øde" området her. Dette blir "det virkelige Australia", med rikt dyreliv, aboriginar, osv. Her skal vi vere nesten ei veke.


Brisbane - "basen" vår. Der vi skal studere ved Griffith University.
Vi skal vere her i seks veker, gå på førelesningar, møte aboriginarar, dra på ekskursjonar osv.
 
 I løpet av dei seks vekene i Brisbane blir eg/vi kanskje å reise litt rundt i Autralia? Kanskje vi besøker for eksempel Sydney eller Melbourne ?

VIETNAM:

Etter dei seks vekene i Brisbane reiser vi til Vietnam med stikkordet eksotisk.Vi skal blant anna innom

Ha Long Bay, som er på UNESCO si World Heritage liste.

Sapa, med smale buktande vegar, mange trapper og terasseplantasjar.

Cat Ba Island, den største øya i Ha Long Bay.

Danang, hovudstaden i midtre Vietnam, med nydelige strender.

og Saigon, historisk viktig i forhold til Vietnamkrigen.


Etter Vietnam reiser vi tilbake til Australia. Då har vi ei stor oppgåve på 8000 ord vi skal skrive, og levere i desember ein gong. Likevel vil vi i løpet av november og desember ha muligheita til å reise litt meir på eiga hånd.
Eg har veldig lyst å reise litt meir rundtom i Asia og få med meg Japan, Kina og India før eg reiser heim til norsk julefeiring.

JAPAN:

Tokyo, hovudstaden og den størte byen i Japan. Då må vi iallefall innom bydelen Harajuku, og sjå dei spektakulære klesstilane.

Mount Fuji, kanskje? Japans høgaste fjell.

Kyoto, Japans tidligare hovudstad, og no uoffisiell kulturhovudstad.  Storby, men også buddhistiske tempel, keiserpalass og museer. Nydelig!

 Hiroshima, offer for dei første atombombene under 2.verdskrig.

Reiseruta i Japan er ganske bestemt. Det går tog mellom dei ulike destinasjonane mine, og Japan og desse tre byane er virkelig prioritet nr.1 for min del.

KINA:

Eg har eigentleg ikkje planlagt noko særleg kva eg vil sjå i Kina, anna enn den kinesiske mur. Eg har eit par stikkord, men ikkje noko eg MÅ sjå enno. 


Beijing:
Den kinesiske mur.
·         Himmelens tempel
·         Den forbudte by
·         Trommetårnet
·         Kullhøyden

Hong Kong?
Shanghai?

INDIA:

Likeins med Kina er ikkje reiseruta her heller bestemt enno. Viktigast er å få med seg Taj Mahal, og korleis livet i India er. I mine auger prega av mykje fattigdom, kaos og rot. Men også svært eksotisk, spennande og vakkert.

Agra. Taj Mahal

Jaipur?
Delhi?

Og så håpar eg å få ri på elefantar da, i løpet av hausten ein gong. Kanskje i India?
Kanskje vil eg også besøke andre land? (Dersom ikkje alle kronestykkene og dagane er oppbrukt).
Indonesia? Singapore? Fillippinene? Thailand? Tida vil vise.
Japan, Kina og India SKAL eg iallefall til, såfremt eg får nokon å reise saman med. Kanskje klarer eg å overtale Tor? Eller Karoline, som også har søkt AA-studiet? Eller kanskje DU? =)

Detta blir bra!! =D