Etter at eg var på informasjonsmøte om AA-studiet for to dagar sidan,
der vi fikk mange nesten bekrefta reisedatoar, har eg sittet parat foran
dataskjermen.
Eg har sikkert søkt på 80 ulike flyreiser mellom ulike land og byar. Googla togtider, bilettprisar, destinasjonar, attraksjonar, guida opplegg, inngangspengar, overnattingmogelegheiter, prisnivå osv i over 30 ulike byar, og snart 10 ulike land.
Eg har sikkert søkt på 80 ulike flyreiser mellom ulike land og byar. Googla togtider, bilettprisar, destinasjonar, attraksjonar, guida opplegg, inngangspengar, overnattingmogelegheiter, prisnivå osv i over 30 ulike byar, og snart 10 ulike land.
Eg har no skissert ei reiserute. Korleis vi skal kome oss frå by til by
og land til land. Kor mange dagar vi skal vere i kvar by, kva vi kan sjå
og gjere her og der, kva ting kostar. Kva rekkjefølge vi bør ta det i,
både prismessig og praktisk. Eg har sittet i timesvis og dagesvis, og
har eigentleg fått planlagt så mykje at eg ikkje veit kva eg skal gjere
dei neste 4 månandane. Eg vil planlegge meir, sjå fleire land, men treng
snart ei månad ekstra dersom eg skal rekke heim til jul.
Reiseruta no er omlag den eg skisserte for dåkke sist. Men eg har gått
meir grundig til verks, i allefall når det gjeld India og Kina. Slik det
ser ut no kjem vi igjen frå Vietnam ca 4.november. Deretter skal vi
vere i Brisbane i 2 veker, skrive ferdig oppgåva vår og slikt, før vi
reiser rundtom i Asia frå 19.nov til 16.des. Eg har satt av omlag 8
dagar i Japan, 10 dagar i India og 9 dagar i Kina.
Eg har fått med meg Karoline på planane, så lenge det ikkje blir for
dyrt. Men eg føler at eg har kjempa gjennom Japan og India (eg SKAL!
hehe), medan Karoline kun har fått Kina, så eg er litt redd for at eg
bestemmer vel mykje.. Eg er berre så ivrig!
Samtidig lurte vi på å putte inn eit lite land til. Eg syns Kambodsja
verkar utruleg spanande. Samtidig hadde det vore deilig å reist til
Indonesia, Fiji eller Filippinene. Kanskje midt imellom India og Kina,
slik at vi får eit par late dagar mellom storbyane. Berre google
"Indonesia beach" eller noko i den dur. Eg heldt på å besvime når eg såg
kor nydelig der er! Trykk her for å sjå!
Diverre trur eg ikkje vi får tid, med mindre vi til dømes kuttar ut
nokre av destinasjonane i India. Og det blir også ein del dyrare. (Er K
derimot gira er eg med på eit blunk!) Vi kan trøyste oss med at stranda i
Goa, India også ser herleg ut. Og Vietnam , vi må ikkje gløyme Vietnam.
Eller Australia. Blir nuk bra med strender.
No har det seg også slik at eg har planlagt så mykje at stakkars Tor
blir heilt overkøyrd. Han har nuk veldig lyst å reise og oppleve, sjølv
om han påstår at han ikkje har tid. Eg trur derimot han har mest lyst å
oppleve Australia, og klarar seg fint utan Asia. Har vil iallefall ikkje
til India, har han sagt.
Så då har eg delvis planlagd på hans vegne at han kan komme til
Australia i løpet a dei seks vekene vi er i Brisbane, før Vietnam. Så
kan han vere med å reise litt rundt i Australia. Og kanskje vi kunne
reist 4-5 dagar til Fiji?? Det er jo perfekt for Tor med tanke på
dykking/snorkling?
Nei. No må eg roe meg kraftig ned..
Eg skulle ønske det berre var 1mnd igjen til avreise!!
Flaks at eg kan glede meg til Trondheim i april, Kreta i juni, Malakoff i Juli, Australia i september + oktober og Vietnam i oktober også.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar