torsdag 31. januar 2013

Pakking

Dette innlegget er kanskje ikkje særleg interessant med mindre du sjølv skal ut på tur og treng tips..
Men sidan eg veit mange snublar innom ulike reisebloggar før eiga avreise, kan eg like så godt skrive om pakkinga også.

For ein time sidan var kofferten ferdigpakka:

Tjah..

Men heldigvis er eg ikkje ei av dei som brukar fleire veker på å pakke. Faktisk brukte eg knapt ein time før kofferten såg slik ut:


Og no trur eg eg er ferdig pakka..

Ting som er viktige, men fort gjort å gløyme når ein pakkar:

- kodebrikke til nettbank
- ladar til mobil, kamera, pc og mp3
- dykkersertifikat og dykker-loggbok.
- pinsett, neglesaks, plaster, pyrisept, sårsalve ++.
- reiseforsikringsbevis, studentbevis, vaksinasjonskort.
- pass og reisedokument
- ekstra mobil og ekstra minnebrikke til kameraet. Minnepenn.
- adapter (dette må eg kjøpe. Eg veit ikkje om eg har riktig type frå før, men eg finn dei uansett ikkje att)
- reservedelar til piercing, evt fleire piercingar, dersom du har hol andre plassar enn øyra. Gror fort att.
- lommetørkler/dopapir. (Er ikkje alle land, spesielt i asia, som har toalettpapir på offentlige toalett!)

Og elles har eg pakka:

- Solkrem, fuktighetskrem, lypsyl.
- Shampoo, balsam, barberhøvel, deodorant, hårstrikk ++
- Ansiktskremar, renseprodukt, sminke. (Dette er sagt å vere vanskeleg å få tak i der nede)
- Tannkost, tanntråd, munnskyll.
- Smykker, piercingar, øredobbar, armband. (Men omlag berre juggel, i tilfelle det skulle bli stjelt)
- Pensumbøker, ordbøker, skrivesaker ++
- Skjønnlitterært lesestoff
- Data, kamera, mp3, mobil.
- Bikiniar, undertøy, shortsar, knebukser, singlettar, toppar og kjolar. Ei tynn dongeribukse og ein tynn cardigan. Eg har sikkert med meg alt for mykje kle..
(Og ja, eg har kontakta studentane som allereie er der nede og hørt om det går an å gå i shorts og singlet. Eg tek ingenting for gitt etter at eg var i Vietnam og India i haust. Og ja - det skal gå fint å gå med dette i Nicaragua, berre ein passar på at shortsen ikkje er for kort og utdringninga ikkje er for djup)
- Idoform, immodium, multivitamin, malariatablettar, ibuprofen, halsdrops, reisesjuketablettar, antibac...
- Tampongar og truseinnlegg. (Etter tur til Kina tek eg det ikkje for gitt at dei har (gode) produkt, så eg tek med rikeleg).
- Vaskeklutar og eit handkle (har hørt at det er billig å kjøpe der nede, men alltid greit å ha i bakhand)
- Sandalar og småsko.
- Bagasjevekt
- Tynn og lett regnjakke. Ein ekte vestlending stiller førebudd. 
- Lita leselampe som ein festar på bokpermen. Kjøpt nyleg sidan eg skal dele rom med ei framand ei. Så kan eg lese på senga utan å vere til bry.
- GODT HUMØR OG POSITIV INNSTILLING. Gode minner frå tidlegare turar og nye forventningar.

Så håpar eg at eg ikkje har gløymt noko...?

onsdag 30. januar 2013

Siste dagane med vinterkos (for no).

Avreise om .. 31 timar!

I skrivande stund sit eg med venstre arma godt henslengt etter legens ordre, då siste innprøyting av vaksiner før avreise er fullført, og kroppen forhåpentligvis straks går i gong med å produsere antistoff.

Spanskbøkene ligg foran meg, så eg kikkar litt i dei og prøvar å friske opp litt gammal kunnskap og tileigne meg noko ny kunnskap. Eg er framleis ikkje heilt på nivået eg sjølv ynskjer.

Kofferten står .. på boda? Eg skal gå å leite den fram så eg kan byrja så smått og pakke.
Så fort eg har pakka kofferten og printa ut litt reisedokument er eg vel eigentleg klar for avreise!

Dagane går fort, og kveldane enda fortare. Spesielt når det er så mange folk eg vil møte før avreise. Det har blitt mange kaféturar, middagsbesøk osv i det siste. Og det er jo berre kjekt!
Her er litt bilete frå den fantastiske søndagen min med familie, hytte, islagd fjellvatn, skøyter, spark, barnelatter, pølser, vafler, kakao, og kos. Trur eg koste meg minst like mykje som dei minste.



Eg kjenner vel eigentleg at eg ikkje er heilt klar for å reise ifrå Tor allereie i morgon. Det er verre denne gongen enn i haust når vi var ein gjeng som gira kvarandre opp, og eg var klar for eit utruleg eventyr utan like.
No skjønar eg eigenleg ikkje heilt at eg skal vere vekke omlag like lenge..
Men så fort eg kjem meg ned til Nicaragua reknar eg med kvardagens eventyr byrjar, og at eg stortrivst med opplegget. Skal bli godt å kome i gong med studia, og kjenne i løpet av vekene at ein blir ein del av samfunnet der nede.
Eg veit ikkje heilt kva eg skal forvente meg av Nicaragua. Etter all reisinga i haust har eg adoptert ei særs avslappa reisehaldning, så eg har omlag ikkje planlagd noko denne gongen, men tenker å ta alt som det kjem. Så det blir spennande!

Og elles - ja, så har eg blitt vald ut som den offisielle bloggaren for kulturstudier i Nicaragua. Det vil seie at det er eg som skal stå for Nicaragua-innlegga på http://kulturstudier.wordpress.com, og tydelegvis også på framtida.no.
Det har ikkje så mykje å bety for dykk leserar, anna enn at bloggen då plutselig har oppdateringsgaranti kvar veke. Og at eg skal prøve å skrive innlegga på skikkeleg nynorsk, og ikkje så mykje dialekt. (Sjølv om eg må innrømme at eg ikkje er heilt overtydd om kva som er lov å skrive på nynorsk etter den nye rettskrivinga som kom 1.aug i fjor..)



No er eg klar til å blogge om eigne erfaringar frå Nicaragua, og vise dykk bileter eg hatt sjølv.
Kjem snart!

onsdag 23. januar 2013

Det nermar seg avreise

No er det berre 8 dagar igjen før eg sett meg på nattbussen mot Gardermoen og byrjar den lange reisa mot Nicaragua. Er litt usikker på kor lang total reisetid eigentleg er, men eg er temmeleg sikker på at den er mykje kortare enn reisa til Brisbane på nesten 50 timar.

I skrivande stund har eg akkurat levert første oppgåva i latinamerikastudier. Denne oppgåva skulle skrivast på norsk (evt svensk/dansk), så eg har eigentleg ikkje byrja å friske opp spanskkunnskapane mine enda.
Med heile 12 kapittel frå dei to gamatikkbøkene som skulle vore arbeidd med i sjølvstudiumperioden januar, er det kanskje på tide å byrja!
Studentane som har tatt forkurs i spansk no i januar er nuk på eit mykje høgare nivå enn meg, og eg fryktar at også mange av dei som reiser ned samtidig som meg har mykje ferskare og betre spanskkunnskapar enn meg. Så då er det berre å hive seg rundt og friske opp ordforrådet, setningsbygnad, verbbøying ++!

Tenk hadde eg hatt like god spansk i dag som eg hadde juli 2008 etter språkreisa mi i Valencia! Då hadde dette vore leikande lett. Eg hadde iallefall vore på eit meir passande nivå til å gå i gong med dette studiet, som er nokre nivå høgare enn både språkreisa og all spansken eg tok på vidaregåande.

Forhåpentlig kan eg byrja så smått og undervise i litt spansk dei neste åra, slik at eg ikkje enda ein gong går 4 år utan å snakke eit ord spansk. Skremande kor raskt ein gløymer.


Ellers har eg vore både til tannlege, lege og frisør i løpet av januar. Eg har brukt uhorvelig mykje pengar på vaksiner, melkesyretablettar, solkrem og andre nødvendighetar på apoteket. Og pensumbøker.
Heldigvis har eg fått mange telefonar frå Eldretunet om ekstravakter, så bankkontoen får ei vitamininnsprøytning i februar.
Så no gjenstår berre éi dose til av vaksineinnsprøyting rett før avreise, så trur eg eg er klar.

tirsdag 15. januar 2013

Påskeferie i Mellom-Amerika

Eg syns verda er alt for stor og spennande; alt for mange plassar eg vil oppleve!

Eg hadde aldri trudd at flybillettar i nokon andre sitt namn kunne gjere meg hoppande glad, men slik gikk det. Tor har bestillt flybillettar til Nicaragua og kjem og besøker meg i tre veker. Hurra!!

Sidan eg har ei veke påskeferie medan han er der, sette eg meg ned for å finne ut om litt ulike destinasjonar vi kanskje kan besøke.
Etter berre ein halvtime på nettet innsåg eg at dette blir vanskelig. Ikkje berre har Mellom-Amerika mykje å by på, men vi får meir enn nuk å gjere berre ved å opphalde oss i Nicaragua også!

Øyhopping i Karibien hadde vore paradis, men dette har eg absolutt ikkje tid til. Dessutan hadde eg ikkje klart å velje ut èi øy å reise på påskeferie til. Karibien får bli feriedestinasjon i framtida.

Først tenkte eg at "Macchu Picchu har eg virkelig lyst å besøke" og "Aztekerpyramidene i Mexico hadde vore kult å sett", men innser at Sør-Amerika og Nord-Amerika (Mexico) berre må vente. Mellom-Amerika har alt for mange spennande reisemål! Som eg bør nyte når eg er i området.

Nicaragua

Leon - her skal eg vere i nesten tre månader, bu og studere.

Managua - hovudstaden, og også næraste flyplass. Så ein dag i denne byen blir sikkert i samband med mine eller Tor sine flyreiser.

I tillegg hadde det vore stas å fått med seg nokre av desse destinasjonane:

San Juan del Sur -  litt sør for Leon, på kysten mot Stillehavet. Surferparadis og ypperlig til å dykke ned til eit russisk båtvrak.





Granada - varm og historisk småby i spansk kolonistil.
Rett ved Granada ligg Lago de Nicaragua - Mellom-Amerikas største innsjø, med hundrevis av holmar. På den største øya, Isla de Ometepe, kan ein klatre opp på ein vulkan og nyte utsikta. I innsjøen kan ein også ta eit ferskvassdykk!
Eg vil, eg vil! Har eg ei langhelg veit eg kvar eg skal. Hit!



Masaya - Nicas sentrum for kunst og kultur. Med vulkan som har utbrudd kvar time (?). Nicaragua er fullt av vulkanar!


Corn Island - To (tre?) øyer utafor austkysten til Nica. Skikkelig dykkerparadis. Ein smak av karibien. Vi lurer litt på å ta påskeferien her. Dykke og slappe av.









Eventuelt har dei andre landa i Mellom-Amerika utrulig mykje spennande å tilby, og kanskje brukar vi påskeveka til å besøke eitt av dei?



Guatemala -Tikal. Storslåtte mayaruiner, midt inne i jungelen av tropisk regnskog! Ser eg desse treng eg ikkje sjå aztekerpyramidene i Mexico. Dette hadde vor kult!








Liknar Ha Long Bay!

Honduras. Øyene Roatan og Utila har krittkvite strender og supre dykkermogelegheiter. Spørsmålet er om vi tør å dykke med nesten garati for å sjå whaleshark.
Ellers kan fastlandet by på båttur i regnskog, ++. Og lite turistar.



Belize - "miks av tropiske regnskoger med et fargerikt dyre- og planteliv, majestetiske fjell, vakre fossefall, antikke mayatempler, .." I tillegg har landet det aller lengste barriererevet på den vestlege halvkula, eit rev som er på UNESCO si liste over verdsarv. Såklart kjekt for oss med dykkerlappen. Men landet er litt dyrare enn nabolanda, og det er sikkert ganske turistprega.



Panama - tropeland med mange avsidesliggande øyer, nydelige strender, regnskog ++.  Og lite turisme.



El Salvador har svarte strender med ypperlige muligheieter for surfing. Og Costa Rica kan by på både bading, soling, surfing, kiting, fossefallrappelering, ziplining, canopyturer i jungelen og shopping.




Så er spørsmålet: Kva vil vi??
Mange gode mogelegheiter for dykking, og mange gode mogelegheiter for andre eventyr.
Vi skal (eg skal prøve å) ikkje gape over for mykje, men nyte dagane.

Nokon som har anbefalingar? =)

søndag 6. januar 2013

Haustens høgdepunkt

Kyoto, Japan.

Atmosfæra her var berre så herlig. Vandre rundt i trange smågater med spesielle butikkar, besøke mange ulike tempel, sjå byen blomstre i vakre haustfargar og la stemninga synke inn.
Sinnsro.


Og eine kvelden når vi joina nokre andre frå hostellet og deira japanske vennar, blei sittande utanfor og prate og le i timesvis.



Ha Long Bay, Vietnam

Båtlivet altså. Deilig. (Eg vart ikkje sjøsjuk!)
Sitte på dekk i bakoverlente solstolar og nyte utsikta som var nydelige Ha Long Bay.
Og faktisk sove oppe på dekk under stjernehimmelen, i staden for på lugaren.
Klatre opp til toppen av ei øy for å sjå solnedgangen.
Bade i sørkinahavet, som var alt anna enn avkjølande.
Ein av dei vakraste plassane i verda, utan tvil. Eg er enig i det, UNESCO.




Ranthambore, India.

Tiger! Safari var kjempekjekt, og vi såg fleire tigrar med våre eigne auger. Ville tigrar. Så nærme! Nydelige.



Bourke, Australia.

Her fekk vi oppleve den australske outbacken. Eg likte spesielt campingen vår ute i bushen. Ein spasertur i Mt Goundabooka med nervane i høgspenn grunna alle slangane som luska, etterfulgt av grilling, langbord og samhald på kvelden.




Lone Pine Koala Sanctuary i Brisbane, Australia.

Å få holde ein koala og å få mate, klappe og kose med små og store kenguruar.




Koh Tao, Thailand.

Etter å ha vore i India var det deilig å kunne gå rundt i shorts og singlet utan å bli sett på som det neste voldtektsofferet. (Nei, vi gjekk ikkje rundt i shorts i India, vi både burde og ville dekke oss til). Veldig chill stemning på heile øya. Kjensle av fridom.
Og dykkinga var knall, som eg har skrive om tidligare. Good life.
Skikkelig ferieparadis.




Beijing, Kina.

Ettermiddagen eg bestemte meg for å tusle bort til ein liten te-butikk, og fekk oppleve ekte kinesisk tedrikking. Små keramikkoppar, siling i fleire etappar i ulike kar og krukker, eige trebord med sluk og ei søt dame som styrte, stelte, kokte, ausa, silte, slurpa og smilte.

Den kinesiske mur. Sjølvsagt stas å ha gått på muren.



Chengdu Panda Base, Kina. 

Fordi pandaar kanskje er verdas søtaste dyr. Og dei blir tatt godt vare på og har det godt her.



Taj Mahal, India.

Storslott og vakkert. Imponerande kjærleikserklæring.



Byron Bay, Australia

Mitt første dykk og paragliding. Adrenalindagen.
Skikkelig avslappa hippie-good-feeling-stemning i heile Byron.




Hiroshima og Myjajima, Japan

Gripande, trist og vakkert. Rett og slett.
Japansk deilig atmosfære på øya Myjajima.
 




Horse Race i Hong Kong.

Den første kvelden vår av den sjølvstendige reisa. Blei kjend med mange hyggelige britar og fekk oppleve skikkelig feststemning med gangman style.



Disney World i Tokyo.

Paradis for alle små kan eg tru. Fin og fargerik dag.




Og ja, det er sikkert mykje eg burde hatt med. Mykje eg har gløymt allereie.
Alt i alt - ein fantastisk haust!

onsdag 2. januar 2013

Værsjegod neste

Juleferien er over og dei fleste av vennane mine reiser tilbake til Noregs krokar for å studere vidare. Eg skal vere på Eid ein litan månad til, men kjenner at det eigentleg er alt for lite.
Per dags dato er eg ikkje klar for å begi meg ut på neste studiereise, men eg kjenner at eg er like lite klar for å byrja å studere dagleg i Volda, om det hadde vore tilfellet.

Klar eller ikkje har eg byrja å ordne ting og tang til vårens studium:
- Betalt skulepengar og bukostnadar til Universitetet i Leon.
- Bestillt og betalt tur/retur billett Oslo-London-Miami-Managua. Eg blir vekke frå 1.feb til 29.april.
- Betalt Gouda Reiseforsikring OG Tryg reiseforsikring. (Gouda var obligatorisk frå skulen si side, og eg orkar ikkje kansellere mi vanlige forsikring berre for eit halvår.)
- Betalt semesteravgift til HiVolda.
- Søkt om, betalt og fått visum til USA. Er ikkje berre å mellomlande der, nei.
- Fiksa meg internasjonalt studentkort. Som eg eigentleg skulle få i haust.
- Sendt inn vitnemål og registrert meg hos Høgskulen i Vestfold.
- Fått godkjendt spanskstudiumet som ein del av allmennlærarutdanninga mi ved Høgskulen i Volda.
- Leita etter pensumbøker på norske, engelske og spanske bokhandlarar på nett. Utan å finne alle. Og sendt desperat mail til akademika.no, i håp om å få bøkene før innleveringsfristen på arbeidskravet om 3 veker. Ja, eg er kanskje litt seint ute, men tida fyk ifrå meg.
- kjøpt solkrem og hudpleieprodukt. Det er visst overraskandes vanskelig å få fatt i der nede.
- søkt om lån og stipend.
- ordna legetime for vaksine-konsultasjon.


Så gjenstår det å:
- Sende dokumentasjon på innbetalt HVO-semesteravgift til HiVe. Dumt å betale dobbelt.
- Sende inn ankomstskjema til skulen.
- Fikse fronter, studentweb, osv hos HiVe.
- Skaffe pensumbøkene!
- Fikse ferie og flybillettar til Tor.
- Kjøpe og sette vaksiner.
- Fikse mykje anna som eg ikkje enno veit må fiksast.
- Friske opp spansken.
- Levere eit arbeidskrav i spansk i løpet av januar.
- Skaffe overnatting første natta i Nicaragua.
- Finne ut kvar eg og Tor vil reise i påskeferien. Eller rettare sagt: finne ut om vi skal til nokre av landa som krev fleire vaksiner enn Nicaragua.

Ja, også har eg eksamen i AA-studiet om 7 dagar. Det må eg ikkje gløyme..

Bilete frå kysten utanfor Leon, der studiesenteret ligg..