tirsdag 10. april 2012

Velkommen!

No har eg laga meg ein reiseblogg, sidan reising er ein viktig del av livet mitt.
Hittil har eg importert nokre av innlegga er har publisert på ein eldre kvardagsblogg. Dei er kanskje ikkje så spennande sidan eg ikkje såg på innlegga som materiale til ein reiseblogg då eg skreiv dei, og sidan dei er tekne litt ut av samanheng. Eg må også beklage mangelen på bilete i nokre av innlegga. Dei fleste som las bloggen då såg vel alle bileta i album på fb. Trur ikkje eg orkar å redigere dei i etterkant. Kjem nuk heller ikkje til å legge ut innlegg om tidligare reiser eg har tatt. Kan nevne at eg har vore i/på Polen, Praha, Kypros, Mallorca, Valencia, Sverige, Danmark, Finland, Scarborough og Tyskland i tillegg til dei nevnt i innlegga under (Malaga, Barcelona, Tallinn, London, Dublin).

I juni skal eg til Kreta med veninner på ferietur.
I haust skal eg til Australia og rundtom i Asia i forbindelse med studier. Sidan dette er ei lang reise vil sikkert fleire innlegg bli publisert i planleggings-fasen også. Nokre er allereie komne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar