tirsdag 24. april 2012

Huskeliste

Om dagane går eg og tenkjer over ulike ting og tang som eg må huske å gjere før avreise, så eg fann ut at eg må lage meg ei liste slik at eg ikkje gløymer noko. (sjølv om eg truleg ikkje kjem på alt no i skrivande stund).

* Sende mail til Kilroy og endre/avbestille flyreisa heim frå Brisbane.
* Skaffe leilighet i Brisbane.
* Søkje om visum.
* Ta ulike vaksiner.
* Sende mail til forsikringsselskapet og finne ut om eg må ha ny/endra reiseforsikring, eller skaffe meg Kilroys reiseforsikring.
* Finne ut kva som lønner seg av mobilabbonemet. Norsk, australsk eller begge deler?
* Finne ut kva det vil koste å sende heim bagasje etter opphaldet i Australia, før rundreisa i Asia.
* Lese meg opp på kulturelle kodar i landa vi skal besøke. Blant anna har eg fått med meg at vi må dekke til leggane i India. Og berre berøre mat med høgre hand.
* Overbevise Tor om at han også må ha 3 veker ferie i løpet av 2012. Og dermed få han til å besøke meg i Brisbane.
* Skaffe internasjonalt studentkort
* Søkje støtte frå Lånekassa.
* Bestemme meg for kva eg vil skrive om i hovudoppgåva mi.
* Vurdere om eg skal invistere i svær backpacker-sekk.
* Betale skulepengar, fly osv. Pakke. Planlegge meir av /endre reiseruta, lese om ting å oppleve.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar