tirsdag 8. mai 2012

Bump in the road

Akkurat no sit eg på Haukeland Universitetssjukehus, der bror min har ligget i 10 dager på grunn av hjertestans, og no har fått operert inn ein ICD (hjertestartar).
Eg har fått beskjed om at sjukdommen hans, som er uhyre sjeldan og nyoppdaga, truleg er arveleg i høgaste grad. Det vil seie at eg må kontakte fastlegen min og få henvisning til MR av hjartet ned kontrastvæske.

Forhåpentlegvis slepp eg til fort, og får bekrefta at eg ikkje har sjukdommen.
Dersom eg ikkje får innkalling til MR før i haust får eg eit problem. Vil eg reise til Australia og rundtom i Asia utan å vite? Eg har jo verkeleg lyst å reise! Men dersom det blir det siste eg gjer fordi hjartet mitt stoppar på gata i India og ikkje på gata her heime, så er det liksom ikkje verdt det..
Men mest sannsynleg får eg vel sleppe til på MR i løpet av sommaren. Problemet blir då viss dei påviser at eg har denne hjartefeilen. Då må eg truleg operere in ein ICD.
Tenk om ting tek tid slik dei pleiar å gjere, og denne operasjonen blir rett før, evt etter, avreise Australia. Då ser det ikkje så lyst ut.
Eller tenk om eg faktisk får operere tidleg i sommar,men likevel ikkje får reise nokon plass før eg har vore 'symptomfri' i 3-6 mnd etter operasjonen? Eller at det blir kjeppar i hjula på grunn av andre restriksjonar, slik som at eg ikkje kan bære ryggsekk, osv.
Det hadde vore utruleg ukult!

Eg har allereie tenkt at eg då uansett ikkje studerar noko anna til hausten, men tek asiareisa mi til hausten som planlagd, og kanskje studerar engelsk i Brisbane etter jul. Eller at eg dreg med meg Tor på ei verda-rundt-reise i haust/vår. For no har gleda meg til å reise i så mange år! Eg skal! Hehe. Såfremt eg får lov..

Nei, eg kryssar fingrane mine for at hjartet mitt er heilt friskt, og at eg finn det ut lenge før avreise!

2 kommentarer:

  1. Kryssa fingra og alt anna eg har som kan kryssast for at alt e bra med hjerte ditt ! <3 Ikkje berre fordi at eg er glad i deg og håpa at du e frisk som en fisk men fordi eg vil ikkje reise utten deg!

    SvarSlett
  2. Takk for det =)
    Eg har trua på at alt er i orden ;)

    SvarSlett