No er flybillettane til og frå Brisbane bestillt!
Søndag kveld, 2.september set eg og Karoline oss på nattbussen til Gardermoen. Litt før kl.8 mandags morgon reiser flyet, først til London, deretter Hong Kong, og like før midnatt tirsdag 4.september landar vi i Brisbane.
Total reisetid på nesten 50 timar. Heldigvis er dette inkludert ein tidsdifferanse på 9t, så total reisetid blir omlag 40t.
Likevel er det snakk om svært lang tid. Når vi endeleg kjem fram til Brisbane tippar eg at behovet for ei knallhard treningsøkt er stort, så utruleg rastlaus som eg truleg er. Samtidig trur eg behovet for å legge seg i ei deilig hotellseng og sove i timesvis før ein lang varm dusj er like stort.
Det er også bestillt returbillettar 20.desember via høgskulen og Kilroy, men vi blir nuk mest sannsynlig å endre denne reisa. Både fordi vi kjem til å reise rundtom i Asia før heimreisa, og også fordi vi kunne tenke oss å reise heim 2-3 dagar før dette.
I dag har eg/vi difor brukt tid på å sende mail til Kilroy, undersøkje andre flyruter heim, osv.
Vi har også undersøkt litt meir kva det vil koste å sende heim ein koffert/pakke frå Australia. Eg kunne tenkje meg å få sendt heim mest mogeleg bagasje før vi reiser rundt i Asia. Fleire mailar har blitt sendt til ulike shipping-firma, og eg ventar no berre på svar og prisforslag.
Også fekk eg her ein dag bekjed frå arbeidsstaden til Tor om at eg skulle krysse av 4 veker på kalendaren. Altså, ferieveker! Og det var ingen sak, eg visste allereie kva veker han skal ha ferie i år. Veke 39, 40, 41 og 42! Eller, tre av dei iallefall. Dette er veker då vi er i Brisbane og går på skule, og truleg kjem til å reise rundt i Australia. Om han vil komme ned i veke 39 eller 40 kan han få bestemme sjølv, men eg syns han bør vere der minst 2 veker når han først kjem nedover. Veke 43 reiser vi til Vietnam, og etter denne turen er det fullt opp med oppgåveskriving og Asia-reiser. Og sikkert ikkje like kjekt å besøke meg.
Eg vart derimot litt skuffa når eg fekk høyre at den andre elektrikaren i bedrifta skal ha ferie fram til veke 41/42. Det er så typisk! Om dette spolerar Australiareisa for Tor blir eg skikkelig irritert. Spesielt sidan Tor omlag ikkje har hatt ei einaste veke ferie på fleire år, og eg har sagt at han må setje av tid til Astraliaferie i snart 2 år. Då får heller bedrifta ha stengt ei veke eller to, meinar no eg! Hehe
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar