No trur eg derimot vi har ein ganske ok plan, der vi har 2-3 ulike alternativ alt etter kva vi får klarsignal om på neste informasjonsmøte, komande tirsdag.
Blant anna trur eg vi vil prøve å skvise inn eit par dagar i Nepal når vi likevel skal vere i Nord-India. Så får vi sjå Himalaya med Mount Everest og generelt eit litt mindre asiatisk land.
Veke 34: Volda
Veke 35: Fri/pakkeveke/studieveke.
Veke 36: Avreise. Eit par dagar i Brisbane. Avreise Bourke.
Veke 37: Bourke.
Veke 38: Brisbane
Veke 39: Brisbane
Veke 40: Brisbane
Veke 41: Brisbane
Veke 42: Brisbane
Veke 43: Vietnam
Veke 44: Vietnam
Så var den første planen slik:
Veke 44: Vietnam
Veke 45: Brisbane
Veke 46: Brisbane
Veke 47: Japan
Veke 48: Japan. India.
Veke 49: India.
Veke 50: Kina
Veke 51: Kina. Heimreise.
Men no trur eg vi vil prøve å reise direkte frå Vietnam til rundtom i Asia, slik at vi kan skrive oppgåve om blant anna India.
Veke 44: Vietnam
Veke 45: Nepal. India.
Veke 46: India.
Veke 47: Japan
Veke 48. Japan. Tilbake til Brisbane.
Veke 49: Brisbane
Veke 50: Kina.
Veke 51: Kina. Heimreise.
Grunnen til at vi kanskje bør dra tilbake til Brisbane før vi har besøkt alle landa vi vil besøke i Asia er at oppgåva vår skal inn 11.desember, altså tirsdagen i veke 50. Då bør vi vere i Brisbane eit par dagar og skrive før innelevering.
Dessutan er flyreisa heim med ei mellomlanding i Hong Kong, og det er ingenting i vegen for å vere igjen i Kina nokre dagar før vidare heimreise (sidan billettane er bestillt via Kilroy). Då slepp vi også mange timar ventetid på flyplassen, og vi får oppstykka heimreisa litt, slik at det ikkje blir ein kjempelang intervall slik som reisa ned.
Men det går såklart an å ta Kina også før tilbakereisa til Brisbane. Då får vi litt færre skrivedagar før innlevering. Og det blir kanskje litt fram-og-tilbake i og med at vi uansett mellomlandar i Kina på veg heim. Men det er samtidig greit å vere i Australia seinast mogeleg, sidan der blir meir og meir sommar nærare juletider, medan Asia får haust.
Eg og Karoline får setje oss ned ilag ein dag og studere litt, i staden for å la all kommunikasjon gå via nettet. Og så må vi såklart høyre om det er total krise dersom vi ikkje blir med tilbake til Brisbane rett etter Vietnamturen.
Harajuku-girls.
Eg lika den nye planen, blir spennande og sjå ka dei seie på tirsdag =) Eg vil reise opp og spørre NO! :)
SvarSlett